Motmakt mot pengemakt og mørkemakt

Publisert av: Oslo SV Publisert: 23. januar 2019
Oppdatert: 23. januar 2019
Lesetid: ca. 4 min
Lytt mest til dei som har minst, og gje folk høve til å bestemma over eigne liv. La ikkje minst kvinner høve til å bestemma over eigne liv. Det var utgangspunktet for den «gamle» kvinnekampen, det var utgangspunktet for den nye kvinnekampen frå slutten av 60-talet – og det er utgangspunktet for kvinnekampen no i dag.

Det må seiast om att og om att: Det er pengemakta det handlar om. Vi ser det på nytt når treparti-regjeringa har vorte firlinge-regjeringa: Det er pengane som tel. Næringslivets Hovudorganisasjon, milliardærane, overklassen kan leggja seg trygt til å sova kvar kveld i visse om at ut denne stortingsperioden har dei ei regjering som er på deira lag. «Høgre og FRP styrer økonomien, KrF styrer moralen – og Venstre styrer ikkje klimapolitikken,» for å vri litt på Audun Lysbakken, partileiaren min.

Det skulle vera mismodige dagar for oss venstresosialistar.  Noreg har fått si fyrste borgarlege fleirtalsregjering sidan Willoch-regjeringa på 80-talet.  Skattepolitikken, arbeidslivspolitikken, sentraliseringspolitikken er lagde i hendene på Høgre og FRP, og Noregs rikaste, dei kan sjå fram til nye skattelettar ut over dei 24 milliardane dei har fått frå fellesskapen via Erna Solberg og Siv Jensen. Det er ikkje mykje «folk flest» over dei 24 milliardane! Som om ikkje det var nok, står ein 33-årig mørkemann frå Agder fram som KrFs nye wonderboy ved å rista i norske kvinners framkjempa rettar.

Somme synest at vi lagar vel mykje støy, vi kjerringane i alle aldrar. Det er trass alt ikkje tale om å rokka ved sjøvbestemt abort. Jo, det er det faktisk! Dette er fyrste innsnevring av kvinners rett til sjølvbestemt abort sidan 1978.Det skryt dei av på regjeringssida.  Brukt i det som framstår for oss utanfor Krf som skite middel om makta i partiet, tenkt ut av Høgres kommunikasjonsavdeling og statsminister Erna Solberg, gripe lidenskapeleg av Ropstad og Bollestad.

Paradokset er at når regjeringa no vil innsnevra abortlova for tvillingabortar, risikerer ein at begge tvillingar vert aborterte. Vi snakkar om 8 abortar av 1000 tvilling-fødde i året, no kan det faktisk bli 16. Det bryr visst korkje statsministeren eller dei i KrF som går til felts mot kvinners rettar og sjølvstende.  Men dei har gjort opp rekning utan vert.

Kvinne-Noreg er rasande, igjen.  Og 8. mars 2019 kan bli eit svært så verdig 5-års jubileum for 2014, som så langt er jubelåret for kvinnedagen i Noreg når det kjem til lange og mange 8. marstog og –tilskipingar. Den gongen galdt det reservasjonsretten, og det var Erna Solberg som også den gongen sette kvinners rettar i spel. No veit vi det: Statsministeren er  ingen garanti for kvinners sjølvstende og makt over eigne liv.  Det er slett ikkje nok med kvinnelege politiske leiarar – her stiller dei tre kvinnelege partileiarane glatt opp for eitt stykk ung mørkemann.  Det er opp til alle oss andre, vi som har mannlege partileiarar nett no, å kjempa for kvinners likestilling. Den kampen tek vi! Og vi er ikkje mismodige.

770 nye medlemer hadde SV fått mellom torsdag kveld og måndag. Det er ein heilt eineståande medlemsvekst! Og, for å ha aldri så lite skadefrygd: Det er ingen som snakkar om SVs undergang no lenger. Partileiar Audun Lysbakken skin som ei sol på Bergens himmel, og alle kjenner vi på gleda og innsatsviljensom  dei nye medlemene vekkjer i oss. Over 100 har vi fått, berre i Hordaland. Og vi lovar: vi skal stå på seint og tidleg for kvinners rettar, vi skal aldri gje  vår støtte til ei regjering som tuklar med abortlova – og vi veit at kvinnene ber halve himmelen.

Partileiaren min har lagt fram ti teser, ti teser for kampen mot pengeveldet, regjeringa og mørkemannsmakta.  Høgresida vil gjerne ha ein debatt om norske elitar og makthavarar til å handla om ein slags kaffi latte-drikkande, elsyklande, vegetariske bybuarar som er positivt innstilt til minoritetar og er opptekne av klima.  Ein slik «elite»- debatt skuggar for dei verkelege elitane: dei som forvaltar pengemakta. Overklassen.  Dei som vil vera fristilte frå samfunnets krav. Også klimakampen.

Det er ingenting elitistisk med klimakampen. Betre oss! Skulle det vera noko elitistisk med klimakampen, er det at dei som eig mest, også er dei som forureinar mest. Det er ikkje den elsyklande bubuaren som er din og min motstandar, det er dei som kjøper klimakvotar med eine handa og høgg ned regnskog med andre handa.

Partileiaren mni sine ti teser har overskrifta «Fylg pengane», altså at det er pengane som tel. Dei økonomiske skilnadene aukar, i Noreg og internasjonalt.  Talet på born som lever i fattige familiar aukar – i Noreg. Aukande ulikskapar øydelegg det sosiale limet i samfunnet. Velferdsstaten er ein grunnmur i kampen mot ulikskap, og kommersialisering av velferdstenester trugar samfunnsmodellen vår. Vi må dela makta – og pengane. Det betyr å respektera lokaldemokratiet, styrkja fagforeiningane og la norske arbeidsfolk, ikkje Esa, forhandla fram løns- og arbeidsvilkåra i Noreg og gje eigarskap over våre felles ressursar. Det må bli dyrare å forureina – det er direktørane og aksjonærane i fossilselskapa som tener på å utsetja handling mot klimakrisa – vanlege folk må betala prisen.

Lytt mest til dei som har minst, og gje folk høve til å bestemma over eigne liv. La ikkje minst kvinner høve til å bestemma over eigne liv. Det var utgangspunktet for den «gamle» kvinnekampen, det var utgangspunktet for den nye kvinnekampen frå slutten av 60-talet – og det er utgangspunktet for kvinnekampen no i dag. Vi må fylgja pengane for å vita kva krefter vi skal kjempa mot – i rettferdas, klimaets og kvinnekampens namn.  Pengemakta, mørkemakta  og regjeringa. Velkomne, alle nye medlemer i SV og på raud-grøn side – no gjeld det å laga motmakt!

Oddny I. Miljeteig