Fyrste utkast til topp ti til vallista for 2023

Publisert av: gabriel.steinsbekk Publisert: 01. november 2022
Oppdatert: 01. november 2022
Lesetid: ca. 4 min

Nedanfor finn du nominasjonsnemnda sitt fyrste utkast til topp ti til vallista for 2023 for Bergen SV.

– Me er særs godt nøgd med dette listeframlegget, som blandar erfarne namn med nye namn. Nemnda har hatt som mål å lage ei liste som speglar både medlemane i SV og veljarane i Bergen, seier nominasjonsnemndas leiar Oddny Miljeteig.

Diane Berbain (foreslått som 2. kandidat) og Mikkel Grüner (foreslått som 1. kandidat).

På førsteplass står SVs nåverande gruppeleiar Mikkel Grüner.

– Eg er svært glad for at Mikkel Grüner har takka ja til å vere toppkandidat. Det er ei rolle eg synast han beherskar til fulle, og han har bidrege sterkt til viktige gjennomslag for SV blant anna i kampen mot fattigdom.

Her er utkastet til heile topp ti:

  1. Mikkel Grüner (49 år, Fyllingsdalen)
    Mikkel har sete i bystyret sidan 2015, har tidlegare arbeida med tekst og illustrasjon, og ore produsent i dataspelbransjen. Han vil at Bergen skal vere ein rettferdig by med små forskjellar, der alle har en fair sjanse til å slåss for eit betre liv for seg og sine. Mikkel er også medlem av Fagforbundet.
  2. Diane Berbain (41 år, Bergenhus)
    Diane har vore sosialarbeidar dei siste åra, og er no nestleiar i bystyret sitt utvalg for helse og sosial. Ho er oppteken av meir deltaking, meir demokrati og meir makt til folk flest. Diane vil halde fram med å jobbe for folk sin tilgang til rettigheiter, kampen mot fattigdom og for ein by som er god å bu i.
  3. Eira Vilde Martinsen Garrido (26 år, Laksevåg)
    Eira er produksjonsleiar/koordinator for film og TV, og har sete i utvalg for finans, kultur og næring i bystyret. Ho engasjerer seg i SV fordi samfunnet vårt er prega av aukande forskjellar og skeive maktstrukturar, og dette ynskjer ho å gjere noko med. Eira meiner at interseksjonell feminisme er vegen til eit meir rettferdig og likestilt samfunn då den synleggjer dynamikkane som skapar ulikheiter i samfunnet, og gir oss dermed verktøy til å bekjempe diskriminering og undertrykking.
  4. Andreas Madsen Berg (27 år, Nordnes)
    Andreas er fødd og oppvaksen i Bergen og er i dag student ved UiB. Sidan 2015 har han vore ein del av bystyregruppa til Bergen SV, fyrst som vara og så i 2019 som fast medlem i bystyret. Andreas sitt mål er at vi skal klare å ta Bergen gjennom eit grønt skifte, skape gode nabolag og kutte avstanden mellom folk, både i reisetid, og i sosiale forskjellar.
  5. Lillian Blom (60 år, Ytre Arna)
    Lillian sine hjartesaker er å arbeide for at bybana til Åsane og vidare bybaneutbygging til Laksevåg og Loddefjord blir realisert. Ho vil ha ein god fortettingspolitikk med tydelege krav til bukvalitet, uteopphaldsareal og god tilgong til grøne lunger, og arbeide for betre tenester til mennesker med utviklingshemming gjennom større moglegheiter for deltaking og gode butilbod.
  6. Ann Kristin Ramstrøm (47 år, Laksevåg)
    Ann Kristin har jobba fleire år i kultursektoren; innan museum- og kulturminnevernfeltet. I dag jobbar ho med leiarrekrutering i Visindi. Ho vil jobbe for å skape betre oppvekstsvilkår for barn og unge, gjennom blant anna ungdomsklubber og «hengeplassar» med trygge voksne. I tillegg ynskjer ho fleire parkar, leikeplassar og oppgradering av byrom med beplanting og byromsmøblering.
  7. Hlin-Såga Kyrkjøy (21 år, Årstad)
    Hlin-Såga studerer litteraturvitenskap ved Universitet i Bergen. Ho er leiar av Vestland SU og vart valgt no i år, men har sete i fylkesstyret siden 2019. Hjartesaka hennar er klassekamp, og ho brenn for å kjempe mot sosial urettferdighet.
  8. Steinar Nørstebø (64 år, Bergenhus)
    Steinar er tillitsvalgt og tilsett i fagforbundet Handel og Kontor i Norge. Han er særleg oppteken av faglege rettigheiter og kommunen si rolle som arbeidsgjevar. Steinar er vara til Bergen bystyre i denne perioden, og har tidlegare vore leiar i både Bergen og Hordaland SV.
  9. Kuberan Thuraijarah (53 år, Åsane)
    Kuberan har politisk erfaring fra kommunestyret i Vardø og Bergen bystyre. Kuberan har ei breid kontaktflate og eit stort engasjement for sårbare grupper, og ynskjer å vere med på å skape ein meir inkluderande by. Han er oppteken av tenester til eldre som gjer det moglegg for dei å leve aktive og fullverdige liv lengst mogleg, bekjempe fattigdom og utjamne sosiale forskjellar.
  10. Torstein Gya (24 år, Danmarksplass)
    Torstein er leiar for Danmarksplass SV, og brenn for miljø, LGBTQ+, likestilling, antirasisme, rettferdig fordeling og sosialistisk økonomi. Saka som han har mest lidenskap for akkurat no er bærekraftig, sosial og effektiv byplanlegging. Bybaneutbygging, sykkeltilrettelegging og alt ein treng i kvardagen innanfor gangavstand er heilt nødvendig for ein fornybar sosial kvardag.

– Med denne lista er eg trygg på at Bergen SV vil gjere ein god valkamp og et godt val. Det trengst dersom venstresida skal styre byen dei neste fire åra, seier Miljeteig.

Nemnda går inn for å kumulera topp ti for å vera sikker på at dei øvste vararepresentantane også forpliktar seg til å vera like aktive som dei faste representantane i perioden.

Du har no frist til 20. november til å koma med kommentarar, innspel eller forslag til endringar på lista. 20. november, altså. Mail frå deg med merknader osb. vert å senda til bergen@sv.no

Du har også frist til 20.november for å koma med forslag til ikkje-kumulerte kandidatar. Har du sendt inn forslag frå før, treng du ikkje senda inn dei same på nytt – vi har dei.

I tida framover og fram til 5. januar vil nominasjonskomiteen både jobba med å fullføra lista med ukumulerte kandidatar – og etter 20. november vil vi også arbeida med innspela som gjeld dei kumulerte.

5. januar vil vi senda ut nominasjonskomiteen sitt endelege listeutkast. Med det er jobben vår gjort. Men du har du tida fram til nominasjonsmøtet laurdag den 28. januar 2023 til å koma med ytterlegare innspel, kommentarar og endringsforslag.

Då vonar vi at medlemene vil synast at nominasjonskomiteen har gjort eit samvitsfullt og godt arbeid og at kandidatane speglar det meste av det vi venstresosialistane synest er viktig.

På ære og samvit –

Nominasjonskomiteen

Oddny Miljeteig (leiar) (sign.)

Lena Seim Grønningseter (sign.)

John-Helge Myntevik (sign.)

Yngve Haugsdal (Sosialitisk Ungdom) (sign.)