Blått styre, blått lys, raude tal

«Budsjettet berre ei mor kan elska!» slo han fast, SVs Snorre Valen, etter at finansminister Siv Jensen hadde presentert sin «baby»:  Regjeringas statsbudsjettforslag for 2015.

Hurlumheien som har fylgt budsjettet, tyder på at Snorre Valen framleis har sine ord i behald. Samarbeidspartia Venstre og KrF brukte svært harde ord om budsjettet, og når sant skal seiast, tyktest Erna Solberg og Siv Jensen å ha utelate alt som kunne minna om KrFs og Venstres hjartesaker. Litt slik som her i byn, der budsjettet skal «gjerast opp» med dei same samarbeidspartia (pluss Byluftlisten. Som måtte finna seg ny sjefsforhandlar etter at bystyrerepresentanten varsla overgang til AP for komande bystyreperiode.) For også her er budsjettet reinska for det som får andre hjarte enn Høgres og FRPs til å banka. Det er nok å nemna V13, Kirkens Bymisjon sitt førebyggjande ungdomstiltak som feira 20 år i går.  Høgre- og FRP-byrådet, frivillig sektor sitt byråd- skulle-vera, kutta glatt millionane (2,9) som år etter år har gjeve ungdom i fåresonen ei livbøye å ta tak i. Kuttet må vera laga for at KrF skal få ein tydeleg budsjettsiger. Eg vonar inderleg det. Men er det slik eit mindretalsbyråd eller ei mindretalsregjering skal laga budsjett; dvs. ta ut hjartesakene til sine samarbeidspartar?

Er det verkjeleg slik at Høgre og FRP ikkje bryr seg om Den kulturelle spaserstokken, som gjennom 30 statlege millionar har gjeve mange eldre på sjukeheimar kunst- og kulturopplevingar av klasse? Meiner Høgre og FRP at sjukeheimsbebuarar ikkje treng eller har utbyte av kunst og profesjonell kultur? At det held lenge med allsong og tre grep på gitar, som det jo jamnast finst einkvan blant personalet som kan? Ja, det var vel om lag det dei sa etter at statsbudsjettet var lagt fram. Kanskje det er slikt akkompagnement dei har til tautrekkingane, regjeringspartia og KrF/Venstre – og at det difor går surt slik at dei må vera frå kvarandre i dagevis før neste runde? Det synest uansett ikkje nett som om dei to samarbeidspartia elskar Erna og Sivs statsbudsjettframlegg.

Men her i byn, her  finst det i alle fall ei som synest å  elska  statsbudsjettet slik det vart lagt fram: Finansbyråd Liv Røssland: «Jeg må ikke kutte på noe,» sa ho til BT. Og vidare: « Det gir meg troen på at vi snur den avmagringstrenden som de rødgrønne påførte oss».» Blir det ingen kutt som følge av dette?» spurde BTs journalist. «Jeg må ikke kutte noe som helst. Og det er noen år siden sist. Det gir meg en stor tro på at storbyene nå blir sett.» Det er mildt sagt ein spesiell omtale av både bybudsjettet og statsbudsjettet.

For byrådet hadde teke høgde for eiga regjerings statsbudsjett gjennom å gjen-innføra eigedomsskatt på privathus/-heimar – og på eit høgare nivå enn nokosinne. Ein halv milliard, rett og slett.  Kuriøst nok: Dobbelt så mykje som Bergen SV la inn i vårt alternative budsjett for 2015! Ein årelang, tilsynelatande beinhard budsjettdisiplin small så det høyrdest over heile kommunen. Det ville ikkje eingong ha hjelpt å sløkkja gatelys eller la vera å planta blomar rundt Musikkpaviljongen og Smålungeren! Ikkje. Helsefårlege skulebygg, brakker til skuleborn og årelang nullvekst i kommunale bustader og neglisjering av bustader for utviklingshemma – det verkar ikkje lenger. Byrådets såkalla økonomiske kontroll er avslørt som store hol og manglande tiltak for dei innbyggjarane som treng det mest.Champagnen som Huseiernes Landsforbund spanderte på byråd og ordførar under krystallysekrunene på Hotell Norge i januar 2012 har for lenge sidan fordunsta, og ingen har sett att gravstøtta over eigedomsskatten som direktør Batta hadde med seg den gong då.

Det er dessutan verre enn som så.  For 2014-budsjettet i byrådsavdelinga for Helse og omsorg, det sprekk med mellom 110 og 120 millionar, om eg har skjøna rett. Det betyr at når byrådet lagar 2015-budsjett som er basert på 2014-budsjett og ikkje 2014-rekneskap, ja, så går eldreomsorg, tenester til utviklingshemma og andre hjelpetrengjande inn i 2015 med eit kutt i 100-millionarsklassen. Det svir, sjølv i Noregs neste største by og med Noregs største kommunebudsjett  (Oslo er også fylkeskommune.). Heimebaserte bu- og omsorgstenester åleine ligg 80 millionar i minus, eller i «overforbruk». Det kan umogleg bety at det er ytt tenester til hjelpetrengjande for 80 millionar meir enn nødvendig.

Norsk Forbund for Utviklingshemma i Bergen er særs uroa over at det skal kuttast 35 millionar innan tenestene til nett utviklingshemma. 25 millionar skal kuttast i «vedtaksomfanget.» Dvs. mindre hjelp og bistand, færre tilsette, dårlegare bekvinning og –manning i bufellesskap/open omsorg.  Og det sommarleirtilbodet som er så kjærkome, sjå det vert også lagt under kuttkniven. Menneske med utviklingshemming skal ikkje måtta stå i bustadkø! Så vedtok eit samrøystes bystyre i 1994, om eg er fortald rett. Men framleis står 100 personar i kø – og bur heime hos til dels svært vaksne foreldre. No har desperate foreldre teke skeia i eiga hand –og byggjer  i lag «bufellesskap» for grupper av vaksne born. Så brukar ikkje kommunen ressursar på å byggja.  Og skal det verta slik i år også at Bergen tek frå løyvingar meinte til fleire helsesøstrer og puttar i blått mislukka økonomiregimes hol? Det må ikkje gå an!

Ein treng ikkje vera sosialist for å sjå at det brenn blått lys og blinkar blodraude tal for velferd og omsorg i bergensbudsjettet. Og  det før alle skulebygg er kartlagde. Dette er blått styre nasjonalt og lokalt. Ingen andre enn seg sjølv å skulda på. Og så langt: ikkje budsjett som andre enn mødrene kan elska.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 19. november