Ikkje heile sanninga

Flagghaugen i Nygårdsparken er stengd. Stengd for dei sprøytenarkomane, for å seia det brutalt og utan omskriving. Men også for seljarane, langarane. For Nygårdsparken har vorte meir og meir av ein marknad, om eg skjønar politiet rett, og seljarane har vorte meir og meir aggressive, ikkje minst sidan Oslo kommune rydda «Plata» i Oslo og sette inn vektarar langs Akerselva. Miljøet i Nygårdsparken har vorte råare og meir nådelaust, og vi har sett historier i media om gamle Parkenbrukarar som har flytta på seg av den grunn.

Nygårdsparken har vore ein fornedrelsens stad, ikkje minst for kvinner, slik Synnøve Fluge i Møhlenpris Velforening har påpeika så mange gonger den siste tida. At ikkje kvinneperspektivet har fått plass i kommunen og for den del politiet sitt arbeid i parken og i rusmiljøa, ja, det er eigentleg ei gåte. Synnøve Fluge har vore ei einsleg svale i å påpeika det.

Nygårdsparken har vore Nord-Europas største opne russcene. Om det er rett for dei siste åra, det veit eg sant å seia ikkje. For det er ikkje tvil om at LAR-systemet i alle fall eit stykke på veg har ført rusavhengige ut av den illegale marknaden. Avdelingsdirektør Ola Jøsendal i Helse Bergen uttrykkjer eit tydeleg mål om å øydeleggja den illegale marknaden ved å kunna tilby behandling med substitusjonsmedisin til dei avhengige. Helseminister Bent Høie sa nei til Helse Bergen sin søknad om prosjekt med medisinsk utdeling av heroin jamvel før søknaden vart send, men Ola Jøsendal gjev seg ikkje, og Helse Bergen legg no om kursen slik at dei garantert er innanfor lova.

I bystyret har SV saman med Ap og Venstre i årevis kjempa for sprøyterom. Vi vil ha ein stad, gjerne fleire, der dei sprøytenarkomane under trygge forhold kan setja sprøytene sine. Byrådet har sagt nei, fyrst og fremst avdi KrF kjempa neiet til sprøyterom inn i byrådsplattforma for denne bystyreperioden, men no seier Høgre og Frp at dei står på den delen av plattforma også med KrF ute. Sjølv om både nyebyråd Macody Lund og Høgre-Skansen opnar for å sjå meir nyansert på dette. Eg meiner at sprøyterom, eller brukarrom, må knytast til eit lågterskeltilbod som Straxhuset, la oss eventuelt kalla det MO-senter slik også Straxhuset no blir, attåt dei to MO-sentera på Wergeland og Nesttun. Helst skulle ein også kunna røykja heroin i brukarromma – og i alle fall må personalet i eit brukarrom kunna oppmoda sprøytebrukarane om å gå over til å røykja. Det er nemleg sprøytebruken som gjer at Noreg ligg på Europatoppen i overdosar.

Det må seiast at Nygårdsparken, med alt sitt elende, har vore ein «trygg» stad å setja sprøyter med heroin, også overdosar. Ambulansar har kome fort til, og dei rusavhengige har vorte opplærte til å handla ved andres overdosar. Det er lagnadens paradoks. For vi veit at dei dødelege overdosane, dei vert sette når folk er åleine. Nygårdsparken, der så mange øydelagde liv har utspelt seg, den har også berga liv.

Byrådet tek på seg eit stort ansvar når dei stengjer Nygårdsparken før byomfattande bu- og omsorgstiltak er på plass. Det smakar renovasjon, vyrde lesar! Bergen er altså større enn området Nesttun-Wergeland-Damsgård. Ikkje før tidlegast neste år kjem det MO-senter i Åsane, ein av Noregs større byar i folketal. LAR-sentera kan gjerast om til MO-senter – men då må det faktisk skje! Renovasjon har Bergen hatt før, til dømes i 1990 då politiet rett og slett tømde Nygårdsparken, men då dei sosialpolitiske tiltaka vanta.

Byrådet Mæland flytte lågterskeltilbodet Straxhuset frå sentrum/Florida til Damsgård. Då er det ikkje eit lågterskeltilbod lenger, eigentleg. Dei byane som på ein god måte har lukkast med å gjera ende på store, utandørs russcenar, dei har alle sytt for å ha eit omfattande lågterskeltilbod i bysentrum, har eg late meg fortelja. Det betyr at Straxhuset må ytta attende til sentrum, eller at ein filial eller eit MO-senter, slik leiar Theis i Kirkens Bymisjon formulerer det, må etablerast. NB: Med brukarrom, spør du meg! Det nyttar ikkje å lata som om sentrum ikkje finst. Og med KrF ute av byråd, er det vel heller ikkje naturleg å «velta» sentrum over på Kirkens Bymisjon i Vågsbunnen og satsa på at dei gjer jobben?

Byråd Macody Lund seier at eit tverrpolitisk bystyre står bak stenginga av Nygårdsparken. Det er ikkje heile sanninga. Vi i SV har fremja eigen plan og eigne forslag ved eitkvart høve vi har hatt i bystyret. Avdi byrådets og bystyre fleirtalets plan ikkje har vore god nok, ikkje vore omfattande nok, ikkje vore konkret og forpliktande nok – og ikkje langsiktig nok. Politiet sette foten ned i fjor sommar avdi kommunen ikkje hadde sytt for dei sosialpolitiske tiltaka dei skulle i planane om stenging av parken.

Det å stengja eit byrom for somme menneske er dramatisk. Om eg hugsar rett, innførte Magnus Lagabøtes bylov for Bergen i 1276 – deri med omgrepet allmenning, som betyr alle menns (kvinnene eksisterte vel ikkje den gongen, heller) plass. No er Nygårdsparken formelt stengd for å rehabiliterast. Det kan ikkje verta eit pusterom for byrådet og bystyret. Tvert om. Det er no alle tiltak må på plass for at parken skal kunna opna for alle når han opnar att. Ikkje minst må det koma eit MO-senter/Straxhus i sentrum. Kva seier du, byråd Eiler Macody Lund?

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 20. august