Mon høyrer vi ropa frå verdas born i krig?

Nett no er meir enn 22 millionar born på flukt frå krig. Nett no flyktar eit barn frå den brutale krigen i Syria.  1,3 millionar born har flykta frå krigen i Syria til eit anna land, dei fleste til eit granneland. 2,3 millionar born inne i Syria manglar skuletilbod. Over 300.000 born er på flukt frå krig internt i Afghanistan. Talet er aukande.

To millionar born er drepne i væpna konfliktar dei ti siste åra, og seks millionar born er alvorleg skadde.

Born lever i krig i 23 land i verda. I Syria påreknar FN at meir enn 10.000 born er drepne i krigshandlingar (Aftenposten 02. september i år.) Dei tre åra Syria-krigen har vart, er totalt 5,5 millionar born ramma av krigen.  Det er fleire enn vi er innbyggjarar i heile Noregs land. Og borna utgjer  fleire enn halvparten av alle syrarar på flukt (9,5 millionar totalt).

373.000 born treng traumehjelp i Gaza etter sommarens krig. Det er UNICEF sine tal, og det er så mange born UNICEf påreknar har hatt ei personleg, traumatisk oppleving under krigen og treng umiddelbar psykososial hjelp etter at dei opplevde fire veker med nærast døgnkontinuerleg bombardement. Borna kan få symptom som søvnløyse, sengevæting og depresjon.

Born utgjer halvdelen av alle menneske på flukt i verda (45 millionar i alt). Dei utgjer den mest sårbare gruppa og er den største bekymringa FNs høgkommissær for flyktningar har.

Krig fører til varige helseproblem for born. Gjennom rapporten «Gaza’s children falling behind» frå 2012, fekk Redd Barna avdekka betydelege helseproblem hos borna i Gaza etter førre blokade:

10% av borna under fem år er så underernærte at utviklinga deira er hemma. 428.000 born i Gaza lir av matmangel. 38% av borna lever i fattigdom (og over 30% av dei vaksne er arbeidslause).Fleirtalet av borna og ein tredel av alle gravide kvinner er anemiske på grunn av jarnmangel. Eitt av 20 born får ikkje utreiseløyve for å få medisinsk behandling i Israel.

Krig og fattigdom er dei vanlegaste grunnane til at born ikkje går på skule. 9 av 10 born i verda går heldigvis på skule. 57 millionar born gjer det ikkje. Over halvparten av dei bur i Afrika sør for Sahara. 28 millionar grunnskuleborn får ikkje skulegang på grunn av krig. I mars 2014 var 68 av 118 FN-drivne skular i Syria stengde på grunn av krigstilstanden i landet.  Krig er ei hovudårsak til at born ikkje fullfører skulen.  (Alle tal frå Aftenposten 2. september i år.)

Det finst mellom 250.000 og 300.000 barnesoldatar i verda. Den såkalla Islamske Staten (ISIL/IS) skal ha tvangsrekruttert born heilt ned i tiårsalderen i Syria. Det betyr også at når USA m/fl bombar mål i Syria, står dei i fåre for å ramma barn(esoldatar).  I fylgje Flyktningehjelpen rapporterte FNs generalsekretær i 2010 om 22 land som vart anklaga for rekruttering av barnesoldatar, drap og lemlesting av born og valdtekt og andre former for seksualisert vald. Blant dei verste døma trekte generalsekretæren fram overgrepa utførte av regjeringshærane i Tsjad, DR Kongo og Sudan – men dei fleste overgrepa vart utførte av ikkje-statlege aktørar.  I Rwanda vart 300.000 born drepne under folkemordet i 1994. Mange av soldatane som drap dei var også born.

Som våpen er barnesoldatar effektive, billege og enkle å erstatta. «Barnesoldater er det mest effektive, lavteknologiske våpenet i konflikter i dag,» sa FN-general Romeo Dallaire til Sveriges radio i mai (VG 21.05 i år). Han leidde FN-styrkane i Rwanda og veit kva han snakkar om.

40% av verdas barnesoldatar er jenter, kidnappa, ofte brukte som sexslavar og tenarar av militsgrupper – og dei vert ofte avviste av familien om dei greier å flykta. Mon kan hende dei 200 jentene som vart bortførte av den ekstreme Boko Haram-gruppa i Nigeria kan vera eit aldri så lite vendepunkt i verdssamfunnets engasjement for jenters tryggleik, fridom og menneskerettar – og barnerettar? Kravet «Bring back our girls!» har gått over heile verda og i alle fall vore ubehageleg for nigerianske styresmakter. Men per dags dato er jentene framleis ikkje frigjevne, trass i direkte medverknad frå USA og fleire til.

I krig misser born bardommen sin. Og ingen av oss har meir enn ein barndom. Både FNs Barnekonvensjon og Genevekonvensjonane gir born særskilt vern og seier at born må skånast i krig, Dei skal visast særskild respekt, og partane i ei konflikt skal gje omsorg og hjelp til born, også fiendens born. Seier krigens lover. Men praksis er det motsette. Grunnleggjaren av Redd Barna, Eglantyne Jebb, ho sa utan omskriving: «All krig er ein krig mot born.» Ho sa også at det einaste internasjonale språket i verda er eit barns rop. I dag ropar 22 millionar born på flukt ut si fortviling, sin desperasjon, si motløyse, si avmakt – og sin død. Mon vi høyrer dei, her til lands, vi som er ein av verdas aller største våpeneksportørar, og kanskje den aller største etter folketal? Mon høyrer vi dei?

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 12. november

Også på nett her: http://www.ba.no/meninger/article7688672.ece