Varsku Europa!

Nynazistane tek sete i Europaparlamentet. Det er heilt sant. Det tyske Nationaldemokratische Partei Deutschlands (NPD) kjem til å få ein representant i Europaparlamentet. NPD fekk om lag 300.000 røyster. Det utgjer ikkje meir enn ein prosents oppslutnad, men 300.000 røyster er 40.000 fleire enn det finst innbyggjarar i Bergen. Det er ikkje noko småtteri.

 

Nynazistane tek sete i Europaparlamentet. Det er heilt sant. Det tyske Nationaldemokratische Partei Deutschlands (NPD) kjem til å få ein representant i Europaparlamentet. NPD fekk om lag 300.000 røyster. Det utgjer ikkje meir enn ein prosents oppslutnad, men 300.000 røyster er 40.000 fleire enn det finst innbyggjarar i Bergen. Det er ikkje noko småtteri.

NPD kallar seg «nasjonalsosialistisk», nett slik Hitlers Nazi-parti på 30-talet. Partiet er ope framandfiendsleg og antisemittisk, og tyske delstats-styresmakter har fleire gonger prøvd å få partiet forbode på grunn av rasisme, skreiv nrk.no måndag. Før delstatsvalet i Berlin i 2011 skapte partiet raseri med ein valplatakat der partileiar Udo Voigt pserte på motorsykkel med teksten «Gje gass!» Plakaten vart mellom anna hengd opp utanfor det jødiske museet i Berlin…………

Også frå Hellas er det valt inn nynazistar i Europaparlamentet. «Gyllent Daggry» vart tredje største parti i Hellas med om lag ti prosent av røystene. Partiet vart stifta på 1980-talet av Nikos Michaloliakos som ope skrytte av at han beundra Adolf Hitler. Så seint som for to år sidan fornekta han offentleg at nazistane hadde noko ansvar for masseutryddinga av jødar under andre verdskrigen…….

I Ungarn vart Jobbik nest største parti og fekk inn tre representantar med 14,3% av røystene. Partiet nektar for at det er nynazistisk, men ei rekkje utspel om romfolk, jødar og homofile gjer at det er vanskeleg å sjå at det ikkje er det.

Europa skulle ha lært. Antisemittismen betyr eit varsku ingen demokratiske krefter kan vera likesæle til.

Samstundes som nynazistane vart røysta inn i Europaparlamentet, vart tre menneske drepne og ein alvorleg skadd då det vart opna eld mot publikum på det jødiske museet i Brussel, EUs hovudstad. Den eine av dei to gjerningsmennene er framleis ikkje pågripen, det eg veit i skrivande stund, men det er all grunn til å vera redd for at dette er ei antisemittisk terrorhandling.

To av tre europeiske jødar opplever antisemittisme som eit problem, ifølgje ei undersøking i EU-regi som vart publisert i haust. Undersøkinga vart gjennomført i åtte land som til saman hyser 90% av EUs jødiske befolkning, deriblant Belgia.

Her heime: Ei undersøking Oslo kommune fekk gjennomført i 2011 viste at eitt av tre jødiske born i Oslo-skulen sa dei var utsette for jødehets. «Jødene er den gruppen som er mest utsatt for negative hendelser. På spørsmålet om man har opplevd at jøder har blitt brukt til å beskrive noe negativt på skolen, så svarer over halvparten ja,» sa fagansvarleg for undersøkinga, Anne-Britt Gran til VG 7. juni 2011. 4. mai i år, var det 200 år sidan Stortinget vedtok Jødeparagrafen i Grunnlova – som gjorde at jødar saman med jesuittar og munkar vart nekta å koma inn i riket. På 200 årsdagen skreiv VG at jødiske skuleborn framleis får slengt «jøde» etter seg som eit skjellsord – og at somme skjuler sin jødiske bakgrunn. «En del av stereotypiene som var gjeldende i debatten før 1814, er der fortstatt,» sa forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfunn i Oslo. Men han sa også at det er veldig bra å være jøde i Norge i dag, «det er bedre enn i de fleste andre land jeg kan tenke meg. Vi som en bitteliten minoritet blir lyttet til og tatt på alvor.» Antisemittisme førekjem ikkje meir i Noreg enn i andre land, ifylgje Kohn. «Men den er et sykdomstegn for samfunnet.»

Ja, antisemittisme er eit sjukdomsteikn for samfunnet. Som rasisme elles. Tenk på Benjamin Hermansen og Arve Beheim Karlsen! Natt til 17. september 2006 vart det avfyrt elleve skot mot synagoga på St. Hanshaugen i Oslo. At synagoger treng eigne tryggingstiltak er også eit varsku. Det finst altså ein aggressiv, mørk understraum som kjem til syne på ulike vis. Somme gonger medvitslaus også. Bruken av «jøde» som skjellsord er i same klasse som «mongo», som eg hugsar eg oppdaga brukt då ungane mine nådde ungdomsskulealder. Og halvstyvingane fekk seg ein støkk i livet då dei oppdaga kva ord dei umedvite hadde nytta. Harmlaust? Nei, når det finst sambandsliner til rasisme er det aldri harmlaust!

Eit stort paradoks er å finna i at Israel no i mangt og mykje no opptrer som ein apartheidstat overfor palestinarane. Det er mest ikkje til å tru, same kor sant det er, med den forfølgingshistoria jødane har. Kritikken av Israel må ikkje forvekslast med antisemittisme. Ikkje! For antisemittisme er rasisme. Og nynazistane som no er valde inn i EU-parlamentet er nazistar til liks med nazistane frå den gong då. Betre vert det ikkje av dei antisemittiske og homofobe ovringane vi har sett i Russland og no sist i Ukraina. Eller trakasseringa av romfolk i land etter land.

«Meir demokrati!» var Jens Stoltenberg sitt tilsvar til terroristen frå 22. juli 2011. Eg er ikkje i tvil om at det er mangelen på demokrati kopla saman med beinhard marknadsretting i krisepolitikken som har ført nynazistane inn i EU-parlamentet. For Unionens politiske elitar har fjerna seg frå sine folk og gjort Pengefondet og Verdsbanken til demokratiets overkikadorar. Mon dei er i stand til å læra av historia, EUs politiske elitar? Varsku Europa!

 

Oddny I. Miljeteig

På trykk i BA 28. mai 2014