Dagen vert dubbelt opp på grunn av Irlands sjette folkerøysting om abortlova, nesten på dagen 40 år etter at Noregs Storting med ei røysts overvekt sa ja til sjølvbestemt abort. Abortnemndene i Noreg, dei nedverdigande og paternalistiske, dei vart historie denne maidagen for førti år sidan. Kampen hadde vore seig og langvarig, både i Noreg då som no i Irland. Irland har hatt ei av Europas strengaste abortlover. Sjølv ikkje incest, valdtekt eller dødeleg sjukdom hos fosteret har vore grunn «god nok» for abort. Fortvila kvinner i Irland har reist utanlands for å ta abort – meir enn 170.000 sidan 1980, har eg lese meg til.
Overklassens kvinner har uansett lovgjeving kunna kjøpt seg nokolunde trygge abortar. I Irland som i Noreg. I Noreg vart det så seint som i 1968 registrert dødsfall etter illegal abort på Ullevål sjukehus i Oslo, skreiv Ellen Aanesen nyleg i Klassekampen. 1968, det er 50 år sidan. Ikkje meir.
Den vanlegaste illegale abortmetoden var å stikka noko opp i livmora som sette i gong blødning og med det abort. Herifrå stammar parolen «Kloke koner, vonde minner: Aldri mere strikkepinner!» til støtte for vår heimlege abortlov. Kvinna risikerte å bli påført ulækjelege skadar. Ofte gjekk det gale – og fyrst då fekk kvinna sleppa inn på sjukehus. Dei illegale abortane, som ofte vart utførte av «kloke koner», var vanlege framleis på 50-talet og litt utpå 60-talet og gjekk føre seg i djupaste løyndom – og det sjølv om abortkampen hadde vart sidan 1913.
1913 – året då kvinner fekk røysterett. Eit stort år i kvinnehistoria. 1913 var også året då godseigarfrua Katti Anker Møller reiste kravet om at abort skulle avkriminaliserast, og korkje kvinna eller legen som utførte inngrepet, skulle kunna straffast. Katti Anker Møller vart møtt med kolossal fordøming frå kyrkjas og legestandens leiande menn. Mange medsystrer meinte og at med straffefridom ville det bli fritt fram for fosterdrap. Same argumentasjonen møter vi i dag, i alle land, det vere seg i Noreg eller i Irland. Det er ei skulding eg gjerne skulle ha vore forutan. Eg kjenner ikkje til ei einaste medsyster som tek lett på spørsmålet om sjølvbestemt abort. Å vera for sjølvbestemt abort er å erkjenna at kvinnekroppen må kvinna bestemma over. Ingen andre enn kvinna sjølv kan til sjuande og sist ta avgjerda om å avbryta eller fullføra eit svangerskap.
Kontroll med kvinners kropp er eitt av patriarkatets fremste kjenneteikn. Då det nye kvinnerørsla rulla fram fyrst på 70-talet var kampen for sjølvbestemt abort den aller viktigaste saka. (Like bak fylgde kravet om barnehage for alle born.) Ei eiga abortlov var vedteken i 1960 og sett i verk i 1964. Svangerskapsavbrot vart gjort lovleg om det var nødvendig for å berga livet eller helsa til kvinna. Avgjerda skulle takast av ei nemnd med to legar. Praksis utvikla seg, skriv PaxLeksikon, til at abort også vart innvilga av sosiale grunnar. Men: «Kvinnens vurdering var ikke gitt noen betydning.» I 1960, altså. Er det rart at kvinneopprøret ulma og viste seg utetter dette tiåret?
Abortlova i Noreg er eit resultat av kvinnene på venstresida sin kamp og styrke. Når abortlova i dag er «allemannseige», får vi roleg minnast at det var «rævediltarane», representerte ved Høgre og FRP som i 2013/14 sette abortlova under debatt med saka om reservasjonsretten.
Hausten 1974 var eit forslag til lov om sjølvbestemt abort oppe i Stortinget. Det mangla ei røyst på fleirtal; SVs Otto Hauglin. Han hadde reservert seg. Sjølv om abortlova var forbetra, måtte kvinna framleis innom den fornedrande nemnda. Det var ein bitter pille å svelgja for oss SV-arane. Samstundes viste røystinga at vi ingen andre hadde å lita på på Stortinget enn SV og AP. Ikkje ei einaste kvinne (eller mann) frå borgarleg side kom til unnsetnad då det mangla ei røyst. Ikkje ei/n! Så var då mot-mobiliseringa på borgarleg side umåteleg sterk. Folkeaksjonen mot fri abort, med sunnhordlandslækjaren Hans Olav Tungesvik som leiar og seinare SP-leiar Anne Enger Lahnstein som dagleg leiar, samla hausten 1974 inn 610.000 underskrifter mot liberalisering av dåverande abortlov. Det er ei lite omtala historie i dag, men 610.000 underskrifter var ei sterk markering.
Ved Stortingsvalet i 1977 heldt det på å verta borgarleg fleirtal i Stortinget. Ein bortkomen postsekk med røyster gjorde at Hanna Kvanmo frå SV hårfint fekk sistemandatet i Nordland – etter nøye oppteljing. Dermed var det også duka for fleirtal for sjølvbestemt abort – med ei røysts overvekt. Heller ikkje denne gongen røysta nokon frå dei borgarlege partia for. Eg har tenkt mange gonger på korleis det må ha opplevdest for kvinner i dei partia, som må ha vore for. Å stilla seg på feil side av historia når det stod om eit slikt gjennombrot for kvinners rettar, så bakstreversk – dei må ha visst det! Så får vi også konstatera at 70-åras nest viktigaste kvinnekrav, kampen for barnehageplassar for alle born, det vart ikkje innfridd før SV-leiar Kristin Halvorsen tok sete i Finansdepartementet som fyrste kvinnelege finansminister nokosinne.
I desse dagar rører patriarkatet på seg igjen når det gjeld abort. Somme menn vil ha retten til «juridisk abort», dvs. fråskriva seg alt ansvar (også bidrag) om ei kvinne vel å bera fram barnet mot mannen sin vilje. Andre vil det motsette: Å kunna nekta ei kvinne å ta abort mot mannen sin vilje. Det er den «gamle Adam»: Overtydinga om at mannen har rett til å råda over kvinna (sin kropp). Rett nok har vi gått ein lang veg sidan det i lova frå 1683 heitte at kvinner som tok abort skulle halshoggast og få hovudet sett på ein stake. Men kampen om kvinnekroppen ser aldri ut til å ta slutt. Eg kjenner at denne spalta er meir personleg for meg enn nesten noko anna eg har skrive. Fordi den gjeld alle kvinner sin mest grunnleggjande sjølvråderett og fridom. Alle kvinner i alle land, i Noreg, i Irland, i heile verda. Aldri meire strikkepinnar!
Oddny I. Miljeteig