Eldrebylgjebløffen?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 22. august 2018
Oppdatert: 22. august 2018
Lesetid: ca. 4 min
- Det er slett ikkje grunn til å tru på høgresida sitt devise om at Noreg må kutta i alle velferdsordningar avdi eldrebylgja ikkje gjer velferdsstaten berekraftig.

Eldrebylgja. Kva tenkjer du på når du ser ordet? Ein eldretsunami som trugar velferdsstaten? I så fall har høgreside-ideologar og –politikarar fått det nett slik dei vil. Det er regelen heller enn unntaket at når borgarlege parti vil skjera i velferdsordningar, då er det nett «eldrebylgja» som vert nytta som argument.  Eg tenkjer at heretter i denne spalta, nyttar eg hermeteikn på «eldrebylgja.»

I avisa Klassekampen måndag vart «eldrebylgja» sett under debatt. Det var på høg tid, kjende eg medan eg las.  Javel, i etterkrigsåra og fram til midt på 70-talet var fødselstala høge. Det tilseier, saman med auka levealder, at Noreg i tiåra frametter vil gå frå å ha ein liten andel eldre til å ha ein stor andel eldre – altså «eldrebylgja.» Økonom Sindre Farstad i Pensjonistforbundet og professor i økonomi Bjarne Jensen stiller begge kritiske spørsmål til den komande «eldrebylgja.»  Farstad nemner «eldrebylgja» som storm i eit vassglas! Og professor Jensen seier «eldrebløffen»!

Perspektivmeldingane til både førre og noverande regjering legg til grunn at medan det i dag er 2,7 innbyggjarar i jobb for kvar pensjonist, vil det einast vera 1,6% sysselsett til å forsyta kvar pensjonist i 2060. Tala tek utgangspunkt i det Statistisk Sentralbyrå reknar som den meste sannsynlege folketalsutviklinga – og at dei mellom 25 og 65 år vil få det vanskeleg med å betala pensjonane til dei som er eldre.

Kva talar så imot spådommane om «eldrebylgja»?  Eg seier spådom. For når det gjeld langt fram i tid, vert også vitskapelege framskrivingar spådommar.  Rett før år 1900 var isblokker ein av Noregs største eksportartiklar. Framtida såg lys ut for det kalde landet – før fryseboks og kjøleskåp gjorde sine inntog – og gjorde at det som såg ut til å vera framtida brått ikkje vart det likevel. Ei logisk framskriving viste seg å vera ein spådom utan hald i.  Så kva med «eldrebylgja» og trugsmålet mot velferdsstaten?

Sjølv om det vert fleire eldre i framtida, vert det også færre born og unge. Det betyr at for dei som arbeider, vert det færre å forsørgja, både for familien og for storsamfunnet.  Det er heller ikkje unaturleg å rekna med at ein 65—åring i 2060 er sprekare enn ein 65—åring i dag. Det betyr at eldre får fleire friske leveår i framtida. Økonom Farstad viser til ei undersøking frå Eurostat som viser at andelen forventa friske leveår etter fylte 65 år har auka frå 60 til 73 prosent frå 2005 til 2015 for norske kvinner og frå 73 til 82 for menn. Vi må såleis ikkje automatisk tenkja at folk vert sjuke lenger sjølv om vi vert eldre. Ikkje automatisk.

Auka levealder vil føra til at folk går seinare ut or jobb, meiner Farstad. Han justerer  i eit reknestykke om «forsørgjarbrøken» pensjonsgrensa i takt med forventa auke i levealder. Med endringa vert det 2,24 sysselsette for kvar pensjonist og ikkje 1,6. Held dette stikk, meiner Farstad at i 2060 vil det vera 0,94  per person som må forsørgjast – mot 0,9 i 2015. Det betyr at det ikkje vert noka «eldrebylgje» og auke i forsytar-børa for dei yrkesaktive fram mot 2060.

Kor mykje vert så dei eldre sytte for av dei yrkesaktive? Det er ikkje gjeve. Dei eldre har inntekter og formue sjølve – og betaler skatt. Eldre er dei viktigaste bidragsytarane i frivillig sektor, påpeikar professor Bjarne Jensen. Det må også telja med i samfunnsrekneskapen.  Eldre yter mykje støtte til familie og vener . Til etterkomarane sine yter eldre  jamt direkte økonomisk støtte. Utrekningar viser at familieomsorg og frivillig innsats står for fleire årsverk i pleie og omsorg enn offentleg omsorg, skreiv professor Jensen i Klassekampen måndag.  Dessutan: Tre firedelar av dei eldre mottek ikkje det grann omsorgstenester frå kommunane.

Pensjonane? Dei eldre har betalt for pensjonen sin gjennom eit langt yrkesliv gjennom avgifter til folketrygda og pensjonsordningar. Dette gjeld også kvinnene, sjølv om ulikeløn, deltidsarbeid og mindre yrkesaktivitet (til no) gjev kvinner lågare pensjonar.

Pensjonsreforma, seier Bjarne Jensen (ja, det er han som var rådmann i Bergen), er den største reforma basert «på bløffen om eldrebølgens negative virkninger. Den har endret vårt pensjonssystem radikalt og har skapt usikkerhet om hva slags pensjoner våre unge vil få og hvordan dagens pensjonister får regulert sine pensjoner.» Professoren er ikkje mot levealdersjusteringar, men meiner at vi då må laga ordningar som skjermar dei som ikkje er så heldige at dei kan arbeida. Logisk, spør du meg. Så kva i all verda for slags prinsipp er det å stimulera til å ta ut pensjon når ein har full arbeidsinntekt – som ein seinare må betala ved å bli ein fattigare pensjonist? For ikkje å snakka om rariteten det er at personar i offentleg sektor som arbeider etter 67 år kvart år får redusert tenestepensjonen dei har betalt for?  Eg må vedgå at det siste er det mest som eg ikkje kan tru på, uansett kor sant det er.

«Når utgangspunktet er som galest, blir resultatet originalest», heiter det. Vel. Viss «eldrebylgja» faktisk er tufta på sviktande grunnlag, då kan vi i alle fall gjera om på dei verste skavankane ved pensjonsreforma – snøggare enn svint. Og det er slett ikkje grunn til å tru på høgresida sitt devise om at Noreg må kutta i alle velferdsordningar avdi eldrebylgja ikkje gjer velferdsstaten berekraftig. Så skal vi ikkje heller byggja vidare på velferdsstaten med frimod? Rett og slett med frimod!

Oddny I. Miljeteig