Musikkgjengen er ein del av eit såkalla aktivitetsbasert aktivitetstilbod stilt til rådvelde av Lindås kommune. Det er forresten i det heile ikkje «såkalla» – det er verkjeleg eit aktivitetsbasert avlastingstilbod meir enn nesten noko anna av slaget.
Musikkgjengen er til for born/unge som har sine utfordringar. Eller nedsett funksjonsevne, som det også heiter. I ti år har Musikkgjengen, dei same fire-fem unge gutane samlast kvar måndag. Musikkgjengen er både eit avlastingstilbod for foreldre, eit tilrettelagt kulturtilbod til dei unge og ein fritidsarena for sosialt fellesskap og venskap. Tiltaket er heimla både i helse- og omsorgstenestelova, i pasient- og brukarrettslova og i kulturlova.
Avlasting kan vera på så mange nivå, alt ifrå døgntilbod til eit tiltak som Musikkgjengen. Kommunen skal gje forsvarlege helse- og omsorgstenester, og tenesta er basert på fagleg skjøn, men brukar har rett til å medverka ved gjennomføring av helse- og omsorgstenester. Tenestetilbodet skal etter lova så langt som råd er, utformast i samarbeid med den einskilde. I avlasting er både foreldre som får avlasting, og den unge som er på avlasting, brukarar. Begge har rett til å delta i utforminga av eige tenestetilbod.
Etter kulturlova har kommunen plikt til å syta for at alle kan delta i kulturaktivitetar. Dette gjeld også personar med nedsett funksjonsevne.
Musikkgjengen har vore eit eineståande samarbeid mellom eining for funksjonshemma og kulturskulen i Lindås. Kulturskulen har stilt med musikkterapeut, medan eining for funksjonshemma har sytt for tilrettelegging og miljøarbeidar. Tre og ein halv time kvar måndag har dei unge vore saman og spela. Dei har vorte henta heime, på skule eller i tilrettelagt arbeid og køyrde til kulturskulen på Ostereidet. Her har det vore song, gitarspel, leik, kvelds og bandøving før dei unge har vorte køyrde heimatt. Foreldre har opplevd måndagane som gode stunder når dei unge har kome glade og nøgde heimatt etter ei god oppleving i Musikkgjengen.
No legg du merke til at eg har byrja å skriva i fortid. Og det er ikkje tilfeldig. Brått og utan samråd mellom pårørande og deltakarar i Musikkgjengen, ja, så legg Lindås kommune ned dette eineståande tiltaket som til no har vore høgdepunktet i livet for deltakarane i Musikkgjengen. I ti samfulle år. Og nei, det er ikkje slik at det alltid er godt for menneske å «gjera noko nytt.» For desse gutane og med det foreldra deira har Musikkgjengen vore suksess i ti samfulle år. Tiltaket har hatt i seg både kontinuitet og stabilitet – og kva er viktigare enn å få ta del i det som er høgdepunktet i livet ditt?
Kvifor skal ein bergenspolitikar som meg bry meg med noko som skjer i ein annan kommune? Har eg ikkje meir enn nok å bry meg med i Bergen, der eg jamvel er politikar på heiltid, dvs. heildøgnspolitikar? Eg skal fortelja deg svaret.
Mykje av det eg skriv om Musikkgjengen, det har eg funne i interpellasjonen Ingrid Fjeldsbø frå Høgre har fremja til kommunestyret. Eg har også snakka med ei av dei som hadde innlegg i BA laurdag, Inger Helen Midtgård. I interpellasjonen står å lesa at Musikkgjengen har halde konsertar kor familie og foreldre har vore inviterte. Desse konsertane, skriv interpellant Fjeldsbø, har vore «i særklasse og må berre opplevast.» Inger Helen Midtgård omtalar konsertane som magiske. Og då skjønar eg kva det går i. Magi har eg nemleg opplevd i kommunal regi. For eg har fått oppleva
Julespelet på Tveiterås skule, den bergenske spesialskulen som no er berga og skal få nye og tidsmessige lokale på Tveiterås.
Her eg sit og skriv om Musikkgjengen, tenkjer eg attende på kva eg ville svara om eg får spørsmål om mi mest skilsetjande oppleving som bystyremedlem i Bergen så langt. Og eg kjem til at då er svaret: Julespelet på Tveiterås. Eg veit ikkje om julespelet på Tveiterås framleis finst, men eg har fått oppleva det to gonger. Og eg har aldri opplevd maken. I julespelet på Tveiterås sprengde born og unge med til dels sterke funksjonsnedsetjingar grensene for kva dei eigentleg skulle kunna greia. Dei framførte song, spel og skodespel slik at alle vi tilskodarane/tilhøyrarane vart gripne, miste pusten – og måtte gje oss ende over. Og nei, det var slett ikkje avdi vi tykte synd på skodespelarane og songarane, at vi vart rørte avdi dei fekk til «noko». Det ville vera formasteleg! Dei borna og unge som deltok i julespelet på Tveiterås, det var dei som var utøvarane, som gav tilhøyrarane/tilskodarane ei oppleving som vi aldri gløymer. Eg vil meina at det vi opplevde i julespelet faktisk var ….kunst. Det er eit ambisiøst omgrep å bruka. Men i songen, musikkframføringane og skodespela fanga utøvarane sitt publikum i nett det grense-overskridande, det du trur ikkje går an å oppleva. Og nett det er vel kunstens kjenneteikn? Forresten er det ikkje viktig kva det heiter. Det viktige er at det skjedde. Og at vi som var der, fekk ta del i det. Ja, det var magi, slik Inger Helen Midtgård altså skildrar konsertane til Musikkgjengen. Magi. Fordi eg har opplevd julespelet på Tveiterås kjenner eg denne magiske kjensla inni meg når eg sit her og skriv om Musikkgjengen.
Tveiterås skule skal få leva – på Tveiterås, der alle omgivnader vil liggja til rette for born og unge med utfordringar og funksjonsnedsetjingar. Det skal ikkje Musikkgjengen i Lindås, om kommunen gjennomfører det som dei har bestemt. Musikkgjengen skal leggjast ned. Over hovudet på både dei unge og deira pårørande har kommunen bestemt. Kanhende har ikkje Lindås kommune skjøna kva Musikkgjengen eigentleg er for noko? Kanhende har dei ikkje skjøna at det er livshøgdepunktet, at det er grenesoverskridande, at det er ……rein magi? Det er ikkje så vanleg at kommunale tilbod er rein magi. Men kanskje er detidet oftare enn vi trur? Det må vi som politikarar vera opne for. Vi må lytta, og vi må ta det innover oss. Og vi må trø med varsemd i menneskeliv. Eg repeterer: Vi må trø med varsemd i menneskeliv.
Musikkgjengen i Lindås er særskilt viktig i deltakarane sine liv. Tenk det, Lindås kommune, at kommunen sitt tilbod er så viktig at det handlar om magi både for dei unge og for dei rundt dei! Og magi – det har vi ikkje lov å ta bort som ansvarlege politikarar. Ikkje i Bergen og ikkje i Lindås. La magien få leva!
Oddny I. Miljeteig