Ære vere Gloppen kommune! Dei fekk prisen for Gylne matøyeblikk i 2007. Det avgjerande var den gode smaken på maten. Dei tilsette ved sjukeheimskjøkenet lagar mat til 200 bebuarar og brukarar kvar dag heile året. Juryen la særleg vekt på at dei 85 heimebuande får varm, nylaga middag 365 dagar i året.
Heile 90 av dei 200 som dagleg får minst eitt dagleg måltid, får tilpassa kost – avdi det er noko dei ikkje toler eller likar. Det kjem ikkje av seg sjølv. To eller tre av personalet på kjøkenet står kvar dag minst ein time i djup konsentrasjon med lister og lappar for at kvar og ei/n skal få dei rette ingrediensane. Bebuarane på sjukeheimen kan eta når dei vil. Det gjer dei også på Ladegaarden sykehjem i Bergen, som Helse- og sosialkomiteen i bystyret nyleg besøkte. Det gjer underverk mot underernæring, seier dei i Gloppen. For dei har svært lite unerernæring blant skrøpelege og pleietrengjande.
I Gloppen meiner kjøkensjef Gunnvor Sunde at den aller viktigaste grunnet til at kjøkenet deira er kåra til årets beste for 2017, er det gode samarbeidet mellom kokkar, lærlingar og assistentar. Dessutan er dei lærebedrift og har alltid ein lærling. Kjøkensjefen legg vekt på at råvarene skal vera av prima kvalitet og gjerne produserte lokalt. Dessutan varierer tilbodet med årstidene.
I Gloppen serverer dei mat etter kok/server-metoden. Det vil seia at dei serverer maten, også til heimebuande, same dag som han er laga. I Gloppen meiner kjøkensjef Sunde at det ikkje er noko å spara på kok/kjøl, altså at ein kjøler ned maten, leverer for fleire dagar – og at maten vert varma oppatt heime hos brukaren – eller på sjukeheimen.
Kjøkensjefen i Gloppen meiner at kok/kjøl er dyrare enn kok/server og at det siste er meir miljøvenleg. Med kok/server kan mat som ikkje vert eten med ein gong, varmast opp att. Og ein slepp å bruka energi på å kjøla ned maten i fyrste omgang.
Maten i Gloppen vert køyrd ut til dei heimebuande av fem sjåførar frå Gloppen frivilligsentral, og dermed får dei heimebuande besøk og ein liten prat ein gong for dagen. Det tek ein time å køyra maten til dei som bur lengst unna kjøkenet på sjukeheimen, og det går med 350.000 i køyregodtgjersle årleg. Men det er vel brukte pengar, meiner dei i Gloppen.
Gloppen er motsatsen til raseringa av institusjonskjøken som har ridd norske kommunar som ei mare sidan tusenårsskiftet. I Bergen vart 46 institusjonskjøken borte som fylgje av kjøkenreforma frå 2005. Vi har vore nokre kjerringa-mot-straumen-parti som med ymse forslag har prøvd å utfordra kjøkenreforma – og no ser tidsånda endeleg ut til å gå vår veg.
Eg skal ikkje fordøma kok/kjøl-metoden. Det har eg ikkje kompetanse til. Men når ein sjukeheim er ein heim, ja, så høyrer matlaging med. Så enkelt har vi tenkt, dei av oss som har «masa» om fersk mat. Ja, det har hendt eg har kjøpt Fjordland-mat når eg har vore åleine heime, og eg skal slett ikkje klaga på den. Men kok/kjøl-maten må ikkje vera dårlegare enn Fjordland, og klagar frå innbyggjarar i Bergen som får servert kok/kjøl-mat frå storprodusent, viser at det kan vera vanskeleg å få til.
Etatssjef Karl-Henrik Nicolaisen i Bergen kommune seier at det kostar dobbelt så mykje med institusjonskjøken som med storproduksjon, om eg hugsar rett. Kva det vil bety i kroner og øre i Bergenkommune, det veit eg ikkje. Men det kan godt henda at det er rett likevel?
For no ser det ut til at trenden med institusjonar utan kjøken og matlaging held på og snur, både i utland og innland. Det er spennande. I Sørum kommune køyrer dei rett nok nedkjølte middagar frå Bergen 500 kilometer for å servera oppattvarma mat til sine eldre. Det kan vi i Bergen seia er ei fjør i hatten for oss. Men i Sørum har pårørande samla inn meir enn 2000 underskrifter for å få attende lokalprodusert mat. Eldregeneral Jan Davidsen meiner det er både flautt og skammeleg at institusjonar droppar eige kjøken – og at maten må produserast i nærmiljøet. Det er utan tvil eit paradoks at medan det er kortreist og ureist mat som er trenden når det gjeld matpolitikk allment, så skal altså maten for eldre vera både langreist og oppattvarma.
Regjeringa har kasta seg halvveges på bylgja med lokal matlaging. Men førebels har dei visst ikkje kome med hard valuta som monar til meirkostnadene ved institusjonskjøken. Det er dumt. For regjeringa må kunna våre tal og kostnader i kommune-Noreg, skal dei seriøst hjelpa til med å skapa fleire gylne matstunder med kortreist mat. Det nyttar ikkje med formaningar og overformynderi, som om maten skulle ha vore kva som helst slags regionreform! Eg satsar på at Krf ikkje vil la seg kjøpa når det gjeld maten. Dei eldste og skrøpelegaste treng den beste maten som er å få. Det kan ikkje eingong vera politisk omstridd.
Oddny I. Miljeteig