Har du høyrt om «fattigdomslukke»? Altså at fattigdom kan gje lukke? At det å vera fattig i seg sjølv kan gjera deg lukkeleg? At ein ikkje må gå inn i offerrollen sjølv om ein er fattig?
Eg skal aldeles ikkje seia at ein ikkje kan kjenna glede og lukke sjølv om ein har svært dårleg råd. Mennesket kan mønstra livskraft og overleving under dei mørkaste forhold. Vi kan berre sjå på flyktningane som bokstaveleg set trassar livsfåre ved å flykta frå Syria i skrøpelege farkostar over Middelhavet.
Men fattigdomslukke, som eit mål i seg sjølv? Det er å ta i. Og diverre er det den velhaldne manns omgrep. Forfattar Martin Nygård som bur i ein romsleg villa på Smestad i Oslo er opphavet. No skal han og kona arrangera kurs i fattigdomslukke. Kursavgifta er 2500 kroner. Berre det er ein hån i mot ekte fattige. Vis meg den sosialhjelpsmottakaren som kan setja av 2500 kroner av sosialhjelpa til eit kurs i fattigdomslukke!
I Noreg har vi einast eitt «referansebudsjett» som set opp kva ein familie på nøkternt vis treng for å leva, over tid. Alle sosialhjelpssatsar i dette landet ligg langt under det såkalla SIFO (Statens institutt for forbruksforsking)-budsjettet. I alle fall dei eg kjenner til. I Bergen SV har vi lenge prøvd å få byrådet til å setja opp eit ekte budsjett for dei ulike sosialhjelpssatsane Bergen kommune tilbyr sine ekte fattige. I bystyremøtet i dag har vi endeleg von om å få fleirtal for dette. Eg etterlyser respekt for fattige. Det minste kommunen kan gjera av respekt for fattige er å setja opp eit budsjett som viser korleis kommunen tenkjer seg at ein kan (over)leva over tid på sosialhjelp.
Det er diverre altfor lett å setja seg til doms over fattige. Dei fattigaste er dei som må gå lange periodar på sosialhjelp. I Bergen går ingen på sosialhjelp meir enn to år – i eitt. Men kor mange som går ut og inn av sosialhjelpa over mange år, det veit vi ikkje. I alle fall veit ikkje eg det. Og veit byrådet det, har dei ikkje fortalt det til bystyret.
Fattig. Er ikkje det eit stigma? Ein skulle tru det når det autoritative Noreg har gått bort frå å nytta omgrepet fattigdom og i staden nyttar «vedvarande låginntekt». Det høyrest i alle fall finare ut og har ikkje same slags assosiasjonar som omgrepet fattig. Fattigdom har ei lang historie i Noreg – og i alle land. Men fattigdom er ikkje historie. Når begrepet fattigdom har vorte passè, er fattigdom like fullt ein realitet. Over 100.000 born lever i fattige familiar. Det hjelper ikkje dei om det autoritative Noreg fortel dei at foreldra ikkje er fattige, men lever i vedvarande låginntekt.»Vedvarande låginntek»t er eit ullent omgrep som ikkje så lett gjev assosiasjonar til fattigdomsgrensa og fattigdom. Og det er nok, tenkjer eg, heile poenget med omgrepet. Fattigdom på norsk fortel oss at vi er oppe på Oljeberget slett ikkje alle er i same båt.
«Ta ikkje frå oss retten til å vera fattige!» Dei gav meg klår beskjed, Bente Simonsen og Wenche Berg Husebø frå Aksjonsgruppa mot sosial nød i Bergen. Kjenn på det. Dei utfordra oss som ikkje er fattige, Bente og Wenche. Storsamfunnet må sjå i augo at vi har fattige medborgarar midt iblant oss. Dei som lever av sosialhjelp er korkje late, unnasluntrarar eller liksom-fattige. Den liksom-fattige frå Smestad i Oslo, Martin Nygaard, forvekslar det å leva sparsommeleg og nøkternt med det å vera fattig. Og eit eksempel på fattigdomslukke i hans vokabular er å ta toget og ikkje taxi inn til London sentrum frå flyplassen når ein er på London-tur.
I boka «Fattigdommens psykologi» skildrar avdøde professor Kjell Underlid korleis fattige opplever kvardagen sin. Å leva i fattigdom er å leva i skam, med skuldkjensle og med vonløyse. Å vera fattig er ikkje helsesamt – nett det motsette av å leva sparsommeleg når du har stort hus, hytte og ei formue på 10 millionar i bakhand.
Den ekte fattigdomsstatistikken viser at fattige foreldre har lita tilknytig til arbeidslivet, låg utdanning og ofte er åleineforsørgjarar. Einslege forsørgjarar har tre gonger så stor fåre for å tilhøyra låginntektsgruppa (!) som andre forsørgjarar. Framleis blir det snakka om barnefattigdom. Men det er ikkje borna som er fattige, det er forsørgjarane. Det store fleirtalet av einslege forsørgjarar er kvinner.
8. mars skreiv generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Adelheid Firing Hvambsal at å lyfta kvinner i Noreg økonomisk, det kan vera noko av det viktigaste vi gjer i arbeidet for å snu den dystre statistikken over at stadig fleire born lever i låginntektsfamiliar. Kirkens Bymisjon og andre frivillige organisasjonar kan gjennom ulike aktivitetstilbod skjerma borna frå somme av konsekvensane av det å veksa opp i fattigdom. Dei sikrar at born får delta. Det skal ikkje undervurderast, men, skreiv generalsekretæren i Bymisjonen, det er tydeleg at desse tiltaka ikkje lyfter familiane ut or fattigdommen. Det er skilnad på å lindra symptom og og på å styrkja økonomien til den fattige familien.
Ein ny generasjon veks opp i fattigdom. Skal desse borna lyftast ut or fattigdom, må vi lyfta mødrene deira ut or fattigdom. Det er ingen leik. Det er det hardaste alvor. Å vera fattig er å ikkje kunna planleggja økonomien sin. Eit kjøleskap som ikkje vil meir kan opplevast som katastrofe når ein er fattig. Å vera fattig er å ikkje ha råd til helsesam kost. Dei fattige treng ikkje læra å bli sparsommelege, fordi dei lever med så knappe midlar at dei ikkje kan vera anna. Dei fattige har ingen oppspart kapital i bakhand.
Å påberopa seg fattigdom når ein frivillig lever i ei slags nøktern sparsemd, det er det ultimate sviket og den ultimate fornedringa av fattigfolk. Det er å ta vekk alvoret i det å vera fattig. Overklassen har alt det materielle – og for den del: fridommen til å leva sparsommeleg. Men fattigdomsomgrepet, det får dei la vera å leika seg med. Fattigdom er ingen leik, det er kanskje det alvorlegaste omgrepet vi har i kvardagsspråket vårt når vi ikkje lever i krig. Fattigfolk kan ikkje flykta til London eller på hytta når det røyner på. Hugs det.
Oddny I. Miljeteig