Avskaff vald mot kvinner!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 27. november 2019
Oppdatert: 27. november 2019
Lesetid: ca. 3 min
Vald mot kvinner er ikkje ei privatsak. Vald mot kvinner er eit samfunnsproblem og eit folkehelseproblem, eit strukturelt problem.

Fordi eg er kvinne..

sette dei håret mitt opp i krans

slipte neglene mine

måla munnen min raud,

ville skape meg om til ei rose.

Nå i kveldssola

ser eg skuggen min drage seg ut,

bli til eit kvasst sverd.

Feministen og lyrikaren Marie Takvam er forfattaren av diktet  «Rose» som eg  tileignar alle kvinner i alle generasjonar som har vore og er utsette for vald i heimen, i nære relasjonar, vald avdi dei er kvinner, vald avdi vi er kvinner. Oldemødrer, bestemødrer, mødrer, døtrer, dotterdøtrer, oldedøtrer –  alle kvinner, alle jenter! Det er to dagar sidan verdsdagen for å avskaffa vald mot kvinner.

150 lys vart tende på Askøy måndag  i morgonmørkret. 150 lys vart tende på Torgallmenningen i kveldinga. 150 lys, eitt for kvar kvinne som i åra 2000 til 2019 har vorte drepne av menn i nære relasjonar. Den fårlegaste plassen for kvinner er i heimen. Også her i Noreg. Også her i Bergen. Og nei, vald mot kvinner er ingen import. Vald mot kvinner har norske menn greidd i hundreår etter hundreår, truleg sidan dei fyrste menneska kom vandrande hit til nord.

Kampen mot vald mot kvinner har ingen nyhendeverdi. Ingen. Fordi valden vert utøvd kvar dag, helg som kvardag. Men talas tale er så enorme at dei av den grunn fortener store oppslag kvar dag, året rundt, kvart år. Ingen av våre lokale aviser hadde leiar om dagen 25.november, den som altså er FNs internasjonale dag for å avskaffa vald mot kvinner. Like fullt, den 25. november er viktig for alle kvinner og jenter, ein 8. mars i seg sjølv – over heile verda.

Eg har vore med Kvinnefronten på to studiereiser til Tanzania. I landsbyane er det livsviktig for jenter og kvinner at landsbyen har brønn. Alt liv treng vatn for å veksa og overleva, for kvinner som for menn. På landsbygda i Tanzania er det kvinnene som lagar mat – som treng vatn. Men: har dei ikkje landsbybrønn, må jenter og kvinner gå lange, fårefulle vegar for å henta vatn. Villdyr er eitt trugsmål, menn med vondt i sinne minst like fårlege. Difor er landsbybrønnen så viktig for kvinner og jenters liv og helse.

Vald i nære relasjonar, altså mot kvinner, råkar oss uavhengig av opphav, sosial bakgrunn eller status. Over 600 millonar kvinner bur i land der vald i heimen ikkje er forbode. 35 prosent av alle kvinner i verda opplever vald. I somme område gjeld det så mange som 7 av 10 kvinner. Oppimot 50% av alle seksuelle overgrep skjer mot jenter under 16 år. 250 millionar kvinner har vorte gifte bort før dei fylte 15 år. 200 millionar kvinner har vorte utsette for kjønnslemlesting. Kvart fjerde drap i Noreg er eit partnardrap, og dei aller fleste offera er kvinner. I sju av ti partnardrap er det registrert partnarvald før drapet. Ei av 10 kvinner rapporterer at dei har vorte utsette for valdtekt. I 2018 vart 2254 valdtektssaker melde til politiet. Berre 10 prosent  vert melde til politiet av dei valdtektene og valdtektsforsøka som vert gjorde. Sju av ti valdtektssaker som vert melde, vert lagde bort. Nesten ingen vert pådømde.

Vald mot kvinner minkar ikkje. Dei statistikkane som gjeld vald mot kvinner, dei går ikkje ned. Dei jentene og kvinnene som vert utsette for vald, valdtekt og valdtektsforsøk, dei vert det av ein dei kjenner eller er i nær familie med. Vald mot kvinner er ikkje ei privatsak. Vald mot kvinner er eit samfunnsproblem og eit folkehelseproblem, eit strukturelt problem. I grunnen har valden mot kvinner mykje sams med terrorverksemd, sa appellant Sara Marie Skaug Bjørkly på markeringa på Torgallmenningen måndag.

FNs berekraftmål 5, som handlar om likestilling mellom kjønna, jobbar for å avskaffa alle former for vald mot kvinner og jenter innan 2030. Dette gjeld både offentleg og privat sfære og omfattar menneskehandel, utnytting og såkalla seksuell vald, den som ikkje er seksuell, men vald.

Krisesentersekretariatet og Likestillings- og diskrimineringsombodet her heime har spurt kommunane om korleis dei jobbar mot partnarvald – og 82 av 422 kommunar har svara 11 år før 2030.  For ei likesæle! Det kan sjå utopisk ut å nå målet om null vald mot kvinner innan 11 år. Men vi må berre halda fram kampen. For kvinners rettar er også menneskerettar!

Fordi eg er kvinne..

sette dei håret mitt opp i krans

slipte neglene mine

måla munnen min raud,

ville skape meg om til ei rose.

Nå i kveldssola

ser eg skuggen min drage seg ut,

bli til eit kvasst sverd.

Oddny I. Miljeteig