Politisk svevnløyse?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 11. august 2021
Oppdatert: 11. august 2021
Lesetid: ca. 4 min
Fattigdommens born lever ikkje i latskapens familiar. Fattigdommens born har foreldre som lever i fattigdommens jarngrep.

115.000 born i Noreg veks opp i fattige familiar. Eller familiar med «vedvarande låginntekt», som det skal heita no. Kva som er skilnaden for borna med å veksa opp i fattigdom eller i vedvarande låginntekts-familie, det er meir ein semantisk diskusjon enn faktiske realitetar.

Talet på born som lever i fattigdom i Noreg har vore aukande sidan fyrst på 2000-talet. Frå 2013 auka talet frå 84.000 til 115.000 i 2019, som er siste tala eg har sett frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det utgjer 11,7 prosent av alle born. Sidan 2011 har andelen med låginnntekt vore høgast blant dei yngste borna (0-5 år) og var i 2019 12,7 prosent. Statistisk Sentralbyrå seier at det er 50 prosent fleire fattige born i Noreg i dag enn for åtte år sidan.  Sidan 2001 har born som veks opp i fattigdom gått frå tre prosent til altså 12.7 prosent.

Fattigdommen blant born er no høgare og veks raskare enn fattigdom blant vaksne. Det er då ei merkeleg utsegn, nett som sjølve omgrepet «barnefattigdom» er det. Born har ikkje eigen økonomi, heller ikkje dei såkalla fattige borna.  Det er borna sine føresette som har eigen økonomi – og den omfattar borna. Dersom fattigdommen blant born er høgare og veks raskare enn blant vaksne, må det bety at det er talet på fattige foreldre som veks raskare enn andre fattige. Og at dei fattige foreldra er fattigare enn andre fattige. Dette burde gje heile det politiske Noreg svevnlause netter. For kven kan sova godt når vi veit at det er 115.00 born som lever i fattigdom her i landet? Ingen i regjeringa og regjeringspartia, i alle fall. Ingen.  Og no i desse dagar driv somme politikarar og fortel om svevnløysa si. Men ingen er svevnlause på grunn av dei fattige borna, dei som har fattige forsørgarar og difor lever i fattigdom.

Fattigdommen aukar i land etter land. USA innfører no barnetrygd for fyrste gong. Tiltaket utgjer den største utvidinga av velferdsstaten i USA i nyare tid. 15 milliardar dollar vart nyleg overførte frå staten til familiar med born under 15 år. Heile 59 millionar born skal ha vore «kvalifiserte» til denne fyrste runden av barnetrygd. Den nye barnetrygda har potensial til å lyfta fem millionar born ut av fattigdom, skriv Washington Post. Det vil i så fall halvera barnefattigdommen i USA. Gjennomsnittssummen utbetalt til familiar var rundt rekna på 3.750 kroner.

Barnetrygda i USA, som slett ikkje er ei universell ordning, er no dubbelt så stor som  barnetrygda i Noreg – men vår er ei universell ordning, for alle born.

Barnetrygda i Noreg er ubyråkratisk – alle born under 18 år får barnetrygd. Dvs. det er ikkje heilt sant, for framleis har mange norske kommunar den uvanen at dei reknar barnetrygda inn i sosialhjelpa. I Noreg er det difor slik at alle får barnetrygd, men ikkje dei fattigaste familiane. Det er…. til å missa nattesvenen av!

Denne vedunderlege ordninga er svært omstridd. Frå 1996 til 2018 stod barnetrygda i ro. På staden kvil. Auke null prosent. Eg hugsar godt korleis SV stanga skallen gul og blå i kampen for auka barnetrygd i den raud-grøne regjeringa. Vi fekk det ikkje til.

På grunn av inflasjonen taper barnetrygda seg kvart år. Partiet mitt, Sosialistisk Venstreparti, vil ta att det tapte og auka barnetrygda til 1649 kroner, nett den summen barnetrygda hadde vore i dag om dei 970 kronene frå 1996 hadde fylgt inflasjonen fram til i dag. Og så får vi ta det derifrå. Eg merkar meg at korkje Høgre eller AP vil auka barnetrygda. Senterpartiet og FRP vil knyta barnetrygda til prisveksten, slik at beløpet ikkje vert mindre verd over tid.Frå no av.

Dei siste par åra har KrF fått gjennomslag for å auka barnetrygda, forsiktig, men reelt. Eg takkar KrF av eit oppriktig hjarta for at dei greidde å slita barnetrygda laus frå 1996-nivået. Det er ikkje tvil om at dei store partia eigentleg vil heile barnetygdordninga til livs. Det har KrF no stukke ein kjepp i hjula for – og brått har vi ein annan barnetrygddebatt.

Barnefattigdommen handlar slett ikkje berre om barnetrygda. Sjølvsagt ikkje. Men den manglande auken i barnetrygda viser svært godt stoda til fattigdomspolitikken i Noreg. Nyleg var Bente Simonsen frå Bergen, ei av landets aller fremste fattigdomsnedkjemparar ute i BT og refsa regjeringa for den såkalla «arbeidslina» – og ikkje forstå at ikkje alle kan arbeida. For alle kan ikkje arbeida. Likevel seier regjeringa at arbeid er fremste vegen ut or fattigdom. Underforstått: Dei som ikkje kan, dei skal. «Gjør man folk fattige nok, vil de nok melde seg på arbeidskontoret – det synes å være tanken.»

«Det som trengs, og det eneste som virker, er å sikre alle en familieøkonomi som det går an å leve av. «Men det vil man ikke gi, på grunn av det som kalles arbeidslinjen. I stedet har vi hatt åtte år med kutt for syke og forsørgere. Man har rammet barna. Bostøtten er kuttet i, kuttet i AFP-ordningen gir hjereskjærende situasjoner for mange, også barnefamilier. Og så har man kuttet i barnetillegget til enslige uføre og forsørgere.»

Bente Simonsen veit kva ho snakkar om. Ho har kjent fattigdommen på kroppen som einsleg med og utan forsørgjaransvar.

Fattigdommens born lever ikkje i latskapens familiar. Fattigdommens born har foreldre som lever i fattigdommens jarngrep. Det hjelper ikkje, på nytt og på nytt, å koma dragande med at viss ein berre vil nok, finn ein seg arbeid ein greier. Slik er ikkje eingong det norske samfunnet. «Å vera fattig, er å ha for lite pengar,» seier Mikkel Grüner, leiaren for SVs bystyregruppe i Bergen. Det er faktisk så enkelt og så gale som det. Ingen ynskjer å leva i fattigdom. Det kostar born i fattige familiar dyrt at regjeringa og stortingsfleirtalet er likesæle og moralistiske i sin politikk overfor foreldra deira og med det borna.

Det er på tide å lyfta fattige ut or fattigdom. Det er på tide, nasjonalt, å slutta å rana barnetrygda frå fattige foreldre. Det er på tide å auka barnetrygda monaleg. Det er på tide å auka sosialhjelpa monaleg – til det statlege referansebudsjettet. Det er i det heile på tide å syta for at ingen born i Noreg skal måtta veksa opp i fattigdom med fattige foreldre. Og la oss skriva det i logande skrift:  Fattige er ikkje late. Fattige er fattige avdi Noregs så langt politiske fleirtal finn det politisk opportunt å halda over 100.000 born og foreldra deira i fattigdom.

Det er jammen godt det er val om ein månad. La det betyr startskotet for ein ny kamp mot fattigdom!

Oddny I. Miljeteig