Aha, tenkjer du kan hende:» Endeleg slepp ho katten utor sekken. Her kjem dumsnillheita, bagatelliseringa av kriminalitet og traveskap til å koma på rekkje og rad!»
Spaltisto er altså sosionom. Utdanna i 1980, nett då alle mannlege sosionomstudentar visstnok gjekk i busserull og både kvinnelege og mannlege i lilla skjerf og fotformsko. Eg hadde busserull, eg, blå til og med! og nokolunde lilla sjal, poncho og sikkert fotformsko også. Men avdi eg heldt meg til studentmållaga i Bergen og Oslo på fritida, gjekk eg like mykje i bunadssko. Nokså kortreist, veit eg?
Eg kan mine sosionomvitsar. I alle fall to. Eg vil tippa at du har høyrt denne: «Kva er klokka?» spør klienten sosionomen. «Hva synes du selv at den skal være?» svarar sosionomen.
Men kan du denne, som er atskilleg nyare enn den fyrste? «Kva er klokka?» spør klienten. «Kan du dokumentere at du har behov for å vita hva klokken er?» svarar sosionomen.
Det ligg eit hav mellom desse to vitsane – mellom ein misforstått snillisme som nok aldri var der – til «New Public Management»s grelle, autoritære lydnad. Som folkevald og med det ombod i snart ein kvinnsalder, vil eg seia eg har høyrt fleire historier i siste kategori enn i den fyrste. Diverre. Ja, eg meiner diverre. Eg skulle verkjeleg ynskja at det i det offentlege hjelpeapparatet skulle finnast forståing og omsorg som snarare bikka over i det mjuke enn i det harde. Sjølv om, og det er lærdommen min frå sosionomutdanninga: Det er respekt for mennesket å stilla krav – som mennesket har sjanse til å oppnå.
«Du skal vera der klienten er!» Eit sosialfagleg imperativ som skulle ha gjennomsyra heile det offentlege Noreg. (No heiter det visst «konstruktiv kommunikasjon» i ein nytale som ikkje nødvendigvis inkluderer same respekt for klienten.) Og: «Du kan fordømma eit menneskes gjerningar, men du skal ikkje fordømma mennesket!» Skulle ikkje dette vera vårt samfunns moralske og etiske leiestjerne?
«Sosionomisera vekk» plar statsminister Erna Solberg seia om å bagatellisera samfunnsproblem. Kva kallar ho då sitt eige parti sin hang til å vilja løysa sosiale
problem med tvangsarbeid for sosialhjelp, eit slags trylleformular som er det einaste Unge Høgre og vaksen-Høgre har å fara med når sosialhjelp og fattigdom er sette under debatt? Forresten, no er visst casino og bordell komne til i verktøykassen, men det er einast for samar? Eit «tulleforslag» som likevel mange på ungdomspartiet sitt nylege landsmøte røysta for – på høgresida har dei lang tradisjon for sparka-nedover-humor!
I «skrivetanken» Minerva er dei samde med statsministeren og meiner visst at å «sosionomisera vekk» betyr å møta kriminalitets- og valdsproblem med «ytterligere pengebruk, mer trygd, lite effektive integreringstiltak, utredninger og rapporter – og kanskje ansette flere sosionomer, istedenfor å gå til roten av problemet, som er opphopning av kommunale boliger i samme strøk og altfor høy tilstrømming av innvandrere som er vanskelige å integrere.» Sitat: ein Pål Mykkeltveit frå denne skrivetanken. Men hallo, unge mann: Kva yrkesgruppe er det som i årtider har åtvara mot nett opphoping av innbyggjarar med sosiale problem i same strok – og det utan å setja inn førebyggjande tiltak ein gong? Og hugs at førebyggjande tiltak betyr å førebyggja slik at problem ikkje kjem – å førebyggja er ikkje å reparera etter at problem og negative kulturar har oppstått!
Sosionomar arbeider i velferdsstatens og velferdskommunens fyrsteline. I sosialtenesta, barneverntenesta, kriminalomsorga, psykiatrien. Sosialt arbeid handlar om å førebyggja, løysa eller lindra sosiale problem i samfunnet. Som ein grunnmur i sosionomkompetansen «ligger en yrksetisk forpliktelse knyttet til solidaritet med de sårbare blant oss, og arbeidet med å bekjempe nød og urett i samfunnet.» Sitat sosionomutdannar Hanne Glemmestad, høgskulen på Lillehammer. Det er ikkje småtteri, dette. Og eg vil tru at du, som meg, ser det eksplosive i grunnmuren. Sosionomane skal altså vera samfunnsstøtter for dei som alle «samfunnsstøtter» er totalt framande og framandgjorde overfor. Det er minsanten ikkje bagatellisering av samfunnets utfordringar. Difor, kjære lesar, treng vi atskilleg meir sosionomisering i samfunnet – og mindre høgrepolitisk bagatellisering, bortforklåring og fordøming av sosiale problem.
Oddny I. Miljeteig