Ja til lov mot slaveri!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 05. september 2018
Oppdatert: 05. september 2018
Lesetid: ca. 4 min
Eitt er i alle fall visst: Medan du les dette, finst det menneske som er i slavearbeid i vår by, kanskje rett framfor augo våre.

9000 menneske kan leva som slavar i Noreg. 9000 menneske. I dag. I 2018. Så seier ein ny rapport frå Global Slaveri Indeks.

Slaveri. Vi tenkjer på Sørstatane i USA, vi tenkjer på slavetransporten frå Afrika på 1700-talet, og vi tenkjer at det er godt at dette i alle fall er ei forgangen historie.  I alle høve her hos oss. Her oppe i den norske og nordiske modellen kor arbeidslivet er regulert og LO har altfor mykje makt, som den politiske høgresida framleis meiner det.

Det moderne slaveriet. Det les eg om i det eg skriv denne spalta. Det moderne slaveriet. Som om slaveriet nokosinne kan bli moderne! Men det finst altså, i det regulerte, gjennomskinlege Noreg.

Vi feministane veit godt om trafficking av kvinner og born, om menneskehandel til prostitusjon. I heile Vesten, i Europa, i Noreg. Prostitusjon er ikkje historias fyrste yrke, sjølv om ordtaket seier så. Om noko, er prostitusjonen  historias fyrste undertrykking , altså ikkje «profession», men «oppression», for å nemna det engelske opphavet. Prostitusjon er slaveri. Kom ikkje her og fortel at eit fåtal norske «frivillige» prostituerte som står fram med rikeleg spalteplass i norske media når som helst dei vil er typiske for den prostituerte i Noreg! Det er rett og slett tull og vas. Og nei, (offentlege) bordell er ikkje løysinga på noko som helst, det er liberalistisk svermeri og kynisk likesæle av verste skuffe! Prostitusjon handlar om kynisk utnytting av jenter og unge kvinner, handla med og frakta over landegrenser og kontinent, fanga av trugsmål mot dei sjølve og ikkje minst familien i heimlandet.

Så finst slaveriet direkte i skuggen av det organiserte, norske arbeidslivet.  Slaveriet er motsatsen til den norske modellen. Det er eit «arbeidsliv» der menneske jobbar seg inn i stor gjeld, der innvandrarar bli fråtekne pass, vert stua inn i små rom og kontinuerleg overvaka. Nett som i prostitusjonen, altså. Lønene er så låge at dei knapt er moglege å leva av på eksistensminimum – og gjelda er uoverskodeleg å verta kvitt. Sjefen har bukta og begge endane.  «Slaveriet», skreiv VG på leiarplass i sommar, «har blitt en del av hverdagen vår. Vi ser dem når de står i butikken, trekker på gaten eller vasker bilen, men vi vet ikke akkurat hvem de er.» No er det på tide, seier VG, å bli hardare mot dei harde i møte med menneskehandel. Det trengst ei heilt anna prioritering for å etterforska og straffa dei som skor seg på menneskes ulukke på denne måten.»Vi vet også at mange av nettverkene som står bak menneskehandel i Norge er internasjonale. Folk som kommer til Norge og blir dømt for menneskehandel bør vi aldri slippe inn igjen. Det er tid for å stramme inn.»

Initiativ for etisk handel krev  at Noreg må utarbeida ei eiga slaverilov – for å stoppa tvangsarbeid (på norske arbeidsplassar) i Noreg og  i leverandørkjeder.  Noreg importerer varer for 680 milliardar i året. Initiativ for etisk handel påpeikar at somme av varene heilt sikkert er laga av born eller slavar – fordi vi ikkje har noko lovforbod å slå i bordet med.

I dag er det einast i offentleg sektor at det finst lovpålagt krav til oppdragsgjevar når det gjeld rutinar for å fremja menneskerettar. Per dags dato finst det i Noreg nemleg ikkje forbod mot import av varer og produkt laga av slave- eller barnearbeidarar.  Det gjer det derimot i Storbritannia og Australia.  «Modern slavery act» inneber rapporteringsplikt for store selskap, og det krevst at dei må unngå  slaveri.

Leiar i menneskerettsutvalet til Advokatforeininga, Frode Elgesem, stiller seg bak kravet om ei lov mot slaveri: «Vi trenger å få utredet en slik lov med sikte på å ansvarliggjøre næringslivet, også for det som skjer i leverandørkjedene internasjonalt. Det vil også skape større åpenhet om hvordan norske selskaper tjener pengene sine.» (VG for tre dagar sidan.)

Heidi Furustøl er leiar for Initiavtiv for etisk handel og seier at  den viktigaste grunnen for ei anti-slaverilov er å hindra brot på menneskerettane. Punkt to er at det skal vera like konkurransevilkår – for dei som driv med skikkelege arbeidsvilkår.  «Det skal ikke lønne seg for en konkurrent som selger varer og kan gjøre dette billigere på grunn av slave- eller barnearbeid.»

Så, kva nøler I efter, Noreg? På Arendalsveka for litt sidan gav fleire parti til kjenne at dei støtta å starta eit utgreiingsarbeid med sikte på å få lov mot slavehandel. Høgre er førebels mot lovendring. I juni oppnemnde nemleg regjeringa eit eige etikkinformasjonsutval, som stortingsrepresentant Margret Hagerup meiner må få gjera sitt arbeid fyrst.  Heidi Furustøl, som også sit i utvalet, meiner utvalet har eit for snevert mandat – og at det trengst ei slaverilov for å setja makt bak krava, slik eg skjønar det. Kjell Ingolf Ropstad frå KrF meiner avgjerd om å utgreia lov vil bestemmast seint i haust – tidlegast. Så får vi sjå.

Eitt er i alle fall visst: Medan du les dette, finst det menneske som er i slavearbeid i vår by, kanskje rett framfor augo våre. Kan hende er kleda eller skorne vi har på oss, laga ved barne- og slavearbeid. Og unge kvinner sel kroppen sin under tvang og slaveri i våre gater. Då treng vi ei lov mot slavearbeid. For vi skal ikkje ha slavearbeid. Ikkje i Bergen, ikkje i resten av Noreg. Det kan ikkje vera vanskelegare enn som så.

Oddny I. Miljeteig