Grenselaus flyt mot høgre?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 12. september 2018
Oppdatert: 12. september 2018
Lesetid: ca. 4 min
Vi pusar ikkje med nazismen og rasismen. Det har demokratiet tapt fælsleg på før. Difor har vi heller ikkje råd til at den anstendige høgresida flyt ut over grensene for si anstendighet.

Sverige har hatt Riksdagsval. Og same om finteljinga ikkje er gjord opp, er resultatet så godt som klårt: Den raud-grøne blokka har eitt mandat meir enn den som kallar seg Alliansen – og som ikkje må forvekslast med norske «Alliansen», partiet som presenterer rasismen med eit smil. 144-143 ser mandatfordelinga ut til å verta.

Det er berre det at når mandata mellom dei to blokkene er gjorde opp, er det enno 17,6 prosent og 62 røyster att: Sverigedemokraterna. Sverigedemokraterna – partiet som kan eller kan ikkje samanliknast med Framstegspartiet her heime. Dei såkalla Sverigedemokraterna – og ja, det er syltynt om namnet ber – er runne or nazistiske røter. I valkampen måtte eine kandidaten føre og hin etter trekkja seg for å ha ytra brungrums. Det er ikkje meir velfrisert enn som så. Og partileiar Åkesson si spyklyse av rasisme i siste partileiardebatten burde ha avfødd ein heilt annan debatt enn om det var rett av svensk rikskringkasting å kritisera spyklysa.  Kommentariatet har på forunderleg vis late seg fanga av ein slags metadebatt frikopla frå innhaldet i høgreekstremismen og rasismen. Men politikk er ikkje ei teoretisk øving. Politikk er handling – somtid ekstrem handling. Det finst det nok av døme på. Sjølv er eg fødd ni år etter siste verdskrigen var slutt. Eg held på og blir eldste generasjon som har foreldregenerasjon som var unge i 30- og førtiåra.  Og eg hugsar då nynazismen stakk hovudet fram på 70-talet med Erik Blücher som utvandra til Sverige som var eit betre bol for svineriet hans.

Forresten hugsar eg gammalnazistar også. Og spesielt hugsar eg at eg, då eg byrja å engasjera meg for ein human asylpolitikk, fekk brev med nett same bodskapen som foreldregenerasjonen min nedkjempa. Det var utenkjeleg for foreldregenerasjonen min at nazismen skulle ha vern av demokratiets ytringsfridom. Utenkjeleg. Men no er det like før mainstream-skravleklasse (til den høyrer eg vel sjølv også, så då fornærmar eg vel ingen) i ein slags liberalitetens namn hevdar ytringsfridommen til dei som har vist før at dei er i stand til å riva ned demokratiet.

Høgres Henrik Asheim, som vel er ein av kronprinsane i Høgre tek no til orde for at Moderaterna i Sverige må snakka med Sverigedemokraterna, som han rett nok nemner som eit «uspiselig parti»: «Den borgerlige alliansen har sagt at de skal felle Stefan Løfven uansett. Man kan ikke si det og så ikke engang skulle snakka med det siste opposisjonspartiet. Dette valget har vist at det er et flertall for å bytte ut sosialdemokratiet i Sverige. Da må de borgerlige ta en prat med Sverigedemokraterna.» Reine ord for taburettane, her altså. Og Asheim held seg nok for nasa når han gjev rådet sitt. Men like fullt meir enn antydar han at det er viktigare å ha med nazi-inspirerte Sverigedemokraterna for å fella Stefan Løfven – enn å finna ei løysing utan det brungrumsete partiet.

Synest du eg er stri i ordbruken? Ja, det er eg. Det er nemleg på høg tid at alle demokratiske krefter tek av silkehanskane i debatten om og med det ekstreme høgre. Skal Moderaterna i Sverige bøya seg for ultimatumet til Sverigedemokraterna? «Ulf Kristersson har lovet regjeringsskifte. Nå er det opp til ham å bevise hvordan han har tenkt å bytte regjering: Velger han Stefan Løfven, eller velger han Jimmie Åkesson?» Sitat Jimmie Åkesson.

I FRP tek fleire til orde for at den svenske Alliansen må snakka med Sverigedemokraterna slik at det vert parlamentarisk grunnlag for regjeringsskifte i Sverige, blant dei parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi. Og sjølvsagt har Carl I. Hagen sagt at han ville ha røysta på Sverigedemokraterna. Nestleiar Ketil Solvik-Olsen vil ikkje stengja dører forsamarbeid som gjev fleirtal. Høyrest det ikkje ut som ei urban middelklasse-utgåve av «Farmen»?

Og frå Høgre, inklusive statsministeren, kjem leksa om at det politiske Sverige har lagt eit slags røykteppe over innvandringsdebatten og har late som om Sverigedemokraterna ikkje finst. Kronprins-Asheim meiner dei svenske partia heilt har ignorert eit parti som har vakse seg så stort at ein må ta omsyn til dei (nrk.no måndag). I så fall behandlar  ein også Sverigedemokraterna sine veljarar som annanrangs, seier han. Det høyrest tilforlateleg ut. Men så er det forsyne meg nok eit utslag av liksomdebatten! Ser du? Eg meiner Sverigedemokraterna er så prega av rasisme og brungrums at eitkvart parti som vil samarbeida med dei, ved det legg eit godkjenningas slør over ytre politiske høgre. Og det er endå verre enn då det i ein periode av norsk politikk ikkje skulle snakkast om at FRP og Sverigedemokraterna faktisk hadde noko til felles. Heikki Holmås fekk tyn av Erna Solberg. Mon kva ho seier til FRP no når FRP-arar sjølve gjer det same?

Vi må aldri føla at det går på vår anstendighet laus når vi konfronterer ytre høgre for det dei faktisk er og gjer. Det går på vår anstendighet laus  når vi let vera! Og dersom Sverigedemokraterna sine veljarar vert forbanna når politikken til partiet dei har røysta på møter motbør, javel. Meiningsbryting, ja, agitasjon, for den del, er demokratiet på sitt beste!

Vi må kjenna att nazismen når han ovrar seg og ytrar seg. Kjenna att rasismen,  jødehatet, forakta for menneske med utviklingshemming, romfolket og forherleggjeringa av det norske eller det svenske – eller det ariske. Kjenna att valden mot sakeslause menneske. Vi pusar ikkje med nazismen og rasismen. Det har demokratiet tapt fælsleg på før. Difor har vi heller ikkje råd til at den anstendige høgresida flyt ut over grensene for si anstendighet.

Oddny I. Miljeteig