Eldrerådet i Bergen er så langt frå eit supperåd som det går an å koma. Eg veit ikkje om nemninga «supperåd» oppstod då komikarane Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr. i 1969 laga TV-sketsjen om Norsk Supperåd. Leiaren av Norsk Supperåd, Balle Clorin (Heide-Steen jr.) vart intervjua om Supperådets vesen og gjeremål. Det var ellevilt og ei latterkule frå ende til annan. Supperådet hadde 400-500 tilsette, kunne leiaren fortelja – men eigentleg dreiv det berre med tull og vas, sa han, understreka av stadige fnise- og latterutbrot. Har du høve til det, må du sjå denne sketsjen – som ligg lett tilgjengeleg på nettet.
Eit «råd» – det høyrest unekteleg litt keisamt ut, i verste fall avmektig og meiningslaust. Men det gjeld altså ikkje Eldrerådet i Bergen. Og ja, eg skriv med stor bokstav fordi Eldrerådet fortener det.
Tysdag denne veka inviterte Eldrerådet til open høyring om sjukeheimssituasjonen i Bergen. Vi stilte opp, nesten i giv akt, vi som var bedne om å innleia. Det gjer vi når Eldrerådet spør, eller utkommanderer oss. Dei er myndige i Eldrerådet, så myndige at alle innleiarar heldt taletida si, til og med denne spaltisten.
Eldrerådet svartmålar ikkje situasjonen når det gjeld mangelen på sjukeheimsplassar eller forholda på sjukeheimane. Dei treng ikkje det. Dei veit at det er seigt, langsiktig arbeid som nyttar. Dei undersøkjer, skaffar seg tal, får fram forsking og fagfolk. Og dei «tvingar» oss politikarar til å lytta. I høyringa tysdag sa etatssjef Karl-Henrik Nicolaisen at sjukeheimssituasjonen i Bergen aldri har vore betre enn i dag. Men, sa han, dei største utfordringane er mangel på faste langtidsplassar og at vi har med dei lågaste bekvinningane (mitt uttrykk) i landet. Fyrst under noverande byråd har det vorte personellauke på korttidsavdelingane. Men korttidsavdelingane vert fylte opp av personar som ventar på langtidsplass.
Per 30. august hadde Bergen kommune 163 personar som venta i kø på langtidsopphald på sjukeheim. Av desse venta seks personar heime, medan 157 hadde korttidsplass.
Eldrebylgja er ikkje eit skræmeleg framtidsscenario. Eldrebylgja er her no, fastslo overlækjar Pål Naalsund frå geriatrisk seksjon ved Haraldsplass sjukehus. Eg hugsar Naalsund frå eit tiår attende då han formante dåverande Helse- og sosialkomite at vi ikkje måtte tru det var bra for eldre menneske med svekka helse å vera på sjukehus. Eldre menneske med svekka helse må ikkje liggja lenge på sjukehus om det ikkje er høgst nødvendig. Då får dei anten lungebetennelse eller urinvegsinfeksjon – sa geriataren. Eg har jamt dårleg hått, men nett den setninga hugsar eg.
No sa Naalsund at under eldrebylgja, som er her no, har vi ikkje nok sjukeheimsplassar. «Mange eldre opplever den siste tiden som en runddans mellom hjem, sykehus, korttidsplasser og ØHD (Øyeblikkelig hjelp Døgnenhet på Legevakta). Det er ikke godt nok,» slo Naalsund fast, og vart sitert i BA onsdag.
Totalt er det 2232 sjukeheimsplassar i kommunen. Om lag 20 prosent av desse vert nytta til korttidsplassar. Men når det ikkje er nok langtidsplassar, vert korttidsplassane slett ikkje korttidsplassar, men ein slags venteplassar for varig sjukeheimsplass.
Korttidsplassar på sjukeheim kan vera ei genial ordning. Den eldre får gleda og nytten av å vera både heime – og på sjukeheim, rullerande. Eg trur korttidsplassane betyr både livsglede og tryggleik for helse om det berre finst tilstrekkeleg av dei og dei vert nytta som dei skal.
Visste du forresten at Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld talet på sjukeheimsplassar? Det sa forskaren Bettina Husebø på høyringa – og fleire med henne. Likevel ser vi altså i vår kommune at vi har altfor få sjukeheimsplassar – og det er ikkje omstridd politisk. Kommunen skal byggja tre nye sjukeheimar og utvida to andre fram mot 2023. Dei siste 15 åra har Bergen fått 31 nye sjukeheimsplassar. Det betyr ikkje at det ikkje har vore bygd nye sjukeheimar, men at tosengs-rom skal slusast ut. Bergen har framleis tosengs-rom. Å bu på rom med framande kan vekkja både uro og utryggleik hos dei det gjeld, sjølvsagt. Det kan også henda at somme synest det er trygt ikkje å bu åleine, men det utgjer nok eit lite mindretal, skjønar eg.
I mars kjem Siljuslåtten sjukeheim med 90 plassar, og 24 plassar skal leigast ved Haraldsplass sjukehus. Samstundes forsvinn plassar ved Storetveit sjukeheim. Ved Landås menighets eldresenter skal 28 aldersheimsplassar bli sjukeheimsplassar. I 2020 skal det bli 120 sjukeheimsplassar og 30 Omsorg Pluss-bustader ved Sandsli bu- og aktivitetssenter. I Åsane skal ein sjukeheim med 100 plassar stå ferdig i 2021/22, og i 2022 skal Slettemarken og Frieda Fasmer vera ferdig rehabiliterte med 180 plassar.
Eldrerådet har skuva på for å få bygd modulsjukeheimar, ein eller fleire, avdi desse kan stå ferdige fortare. Men bygningsmessig har dei ikkje same standard og levetid, skjønar eg. Likevel: Det er innlysande at Bergen kommune per dato har for få langtidsplassar og for lita bekvinning på dei plassane kommunen har. Etter mitt skjøn burde kommunen som eit strakstiltak auka opp bekvinninga for å høgja kvaliteten i tenesta. Og på eitt eller anna vis skulle vi så absolutt hatt ein framskunda sjukeheim med rundt hundre plassar. «Der det er vilje, er det veg,» heiter det. Men viss der ikkje er vilje, er det heller ikkje veg. Eldrerådet i Bergen har sytt for å få dei harde tal og fakta på bordet, nok ein gong. Og til og med dagen før bybudsjettet vart lagt fram. No er det opp til dei politiske partia i Bergen å ta utfordringa frå Eldrerådet. Vi kan i alle fall ikkje seia at vi ikkje veit. Ære vere Eldrerådet!
Oddny I. Miljeteig