Skulegang – rota til alt godt

Publisert av: Oslo SV Publisert: 03. oktober 2018
Oppdatert: 03. oktober 2018
Lesetid: ca. 3 min
- Er det noko Midtausten ikkje treng, er det meir våpen. Er det noko Midtausten, og især palestinarane treng, er det skulegang og framtidsvon for born og unge.

Malala Yousafzai, den yngste fredsprisvinnaren nokosinne,  krev at alle born og unge får tolv års grunn- og vidaregåande skule. Malala – ja, ei heil verd er på førenamn med henne – peikar særskilt på utdanning for jenter. Dei fattigaste jentene får berre tre år med utdanning på grunn av mangel på vilje og visjonar hos styresmaktene, seier Malala. Meir enn hundre land har forplikta seg til å syta for gratis barne- og ungdomsskule for alle born innan 2030. Førebels manglar det i alle fall 315 milliardar årleg på å nå målet. Desse pengane krev Malala at politiske leiarar og landa deira må dekka opp. «Ledere i det 21. århundre må levere på sine løfter og investere i fremtiden. De må begynne å investere i bøker, utdanning og håp heller enn i våpen, krig og konflikt,» sa Malala i 2015 (sitat frå NTB).

“One child, one teacher, one book, one pen can change the world.” Kan det seiast sterkare? Sitat Malala, sjølvsagt. Eg hugsar sjølv den sterke opplevinga det var å få overlevera skulesaker til fattige born på den tanzanianske landsbygda for eit tiår sidan – eg reiste med Kvinnefronten til nokre av deira grasrotprosjekt.

Her heime veit vi korleis Statens Lånekasse for utdanning i etterkrigstida har opna dørene til høgare utdanning også for borna til arbeidsfolk og småbrukarar, og eg sit sjølv her som eit døme på nett det.

Det går framover når det gjeld utdanning, på svært mange stader i verda. Dess meir uforståeleg er det at USA har kutta støtta si til UNRWA, organisasjonen som vart oppretta av FN i 1949 for å gje bistand til palestinske flyktningar heilt til det palestinske spørsmålet er løyst; UNRWA meiner at flyktningespørsmålet må løysast som del av ein breiare fredsavtale mellom Israel og palestinarane.  I 1949 var opprettinga av UNRWA eit slags avlat – fordi 750.000 palestinarar måtte flykta frå den nyoppretta staten Israel. USA har tidlegare vore den største bidragsytaren til UNRWA med tre milliardar kroner i året, ein tredjedel/firedel av UNRWAs budsjett.

Kvifor er UNRWA så viktig? Hjelpeorganisasjonen driv blant anna 711 skular for 526.000 elevar på Vestbreidda, pluss i Jordan, Libanon og Syria. Totalt gir UNRWA grunnleggjande tenester til heile 5,3 millionar palestinske flyktningar i Palestina, Jordan, Libanon og Syria, skreiv Nettavisen for ein månad sidan.

Den norske regjeringa er aldeles ikkje å sjå på som Palestina-aktivistar.  Difor bør alle politiske parti, langt ut over Noregs grenser, ta til seg den sterke uroa utanriksminister Ine Eriksen Søreide legg for dagen når Trump no kuttar støtta til UNRWA: « Det er de aller svakeste – barn og syke – som rammes hardest.» «Dersom over en halv million palestinske elever ikke får et skoletilbud og UNRWAs tjenestetilbud svekkes ytterligere, frykter jeg at dette vil kunne bidra til mer uro og ustabilitet i regionen.»

Noreg har i ei årrekkje bidrege monaleg til UNRWA. Dei siste år har vi løyvd 125 millionar i såkalla kjernebidrag, og i år har det humanitære tilskotet attåt vore på 105 millionar. Regjeringane i Tyskland og Sverige har sagt at dei vil  bidra med meir pengar til UNRWA for å avhjelpa den dramatiske økonomiske stoda.  Torsdag melde utanriksminister Søreide at Noreg yter eit omframt tilskot til UNRWA på 64 millionar kroner.  Det hjelper, men aldeles ikkje nok. Stoda er likevel endå verre:

Samstundes som president Trump kuttar den humanitære støtta til UNRWA, løyver han «all time high» militærstøtte til Israel. I 2016 vedtok USA og Israel ein samarbeidsavtale som garanterte Israel 38 milliardar over ein tiårsperiode frå 2019, den største militærhjelpa USA nokosinne har ytt til eit anna land. No er eit lovforslag om dette til førehaving i Kongressen i USA, skrev Klassekampen i går. Lovforslaget legg også opp til å bruka ein milliard til amerikanske våpenlager i Israel. Det er freistande å seia at det Trump kuttar i bistand til sivilsamfunn, skule og sjukehus i Palestina, det løyver han i staden til det israelske militæret.

Det er merkeleg med det, kor laust løyvingar til våpen og militærutstyr sit. Våpenlobbyen er blant dei sterkaste lobbyane som finst, ikkje minst i USA. Er det noko Midtausten ikkje treng, er det meir våpen. Er det noko Midtausten, og især palestinarane treng, er det skulegang og framtidsvon for born og unge. Det kan kosta verdssamfunnet dyrt, for generasjonar framover, å neglisjera og hersa med millionar av menneske si framtid.  Framfor alt kostar det for dei som får framtida si gjort om inkjes.

For Malala si utfordring om «“One child, one teacher, one book, one pen can change the world” – den gjeld. Det er skulegang, ikkje våpen, som er rota til alt godt.

Oddny I. Miljeteig