Med abortlova i potten

Publisert av: Oslo SV Publisert: 26. oktober 2018
Oppdatert: 26. oktober 2018
Lesetid: ca. 3 min
Statsminister Erna Solberg har lagt seg til ein stygg uvane: Kvar gong ho ser høve til å få utvida sitt parlamentariske grunnlag, kastar ho abortlova i potten som om det var poker ho skulle spela.

Og no gjer ho det i sjølvaste jubileumsåret for abortlova.  Slik eg tidlegare har skrive her i spalta, er det i år 40 år sidan lova om sjølvbestemt vart vedteken med ei røysts overvekt i Stortinget.  Sidan den tid har mykje vatn runne i havet, både i Noreg og internasjonalt.  Kvinners stilling og status går for det meste på fram, men diverre også attende.  I Latin-Amerika får kvinners tiårsvis i fengsel for å ha teke abort. Sjølv abort etter incest og valdtekt er ikkje lov. Kvinna skal ta imot. Også fornedring.

Kontroll over kvinners kropp er eitt av patriarkatets fremste kjenneteikn. I USA har no dei konservative, for ikkje å seia reaksjonære menn, teke ein god patriarkalsk mannsjafs nett når det gjeld abortlova. At  noverande president seriøst skal ha innverknad på spørsmål som gjeld kvinnerettar, for ikkje å seia kvinners kropp, det får ei nesten heil kvinneverd til å frysa på ryggen. Dess verre vert det at Noregs eigne, kvinnelege statsminister ser ut til å ha eit så lemfeldig og likesælt forhold til vår heimlege abortlov.  For i kvinnefrigeringa er kontroll over eigen kropp botnbjelken. Basta.

I jubileumsåret kan vi gle oss over at Irland, i si sjette folkerøysting om abortlova, endeleg sa ja til sjølvvald abort. Irland har ei beint fram stygg historie når det kjem til abort. Korkje incest, valdtekt eller dødeleg sjukdom hos fosteret har vore grunn «god nok» for abort. Fortvila kvinner i Irland har reist utanlands for å ta abort – meir enn 170.000 dei siste knappe 30 åra.

Kjære lesar, det har alltid vore slik at overklassens kvinner, uavhengig av lovgjeving, har kunna kjøpa seg trygge abortar.  Vår førti år gamle abortlov har likestilt kvinner flest i abortspørsmålet og sikra alle kvinner det same. Visste du at så seint som i 1968 vart det registrert dødsfall etter illegal abort?

I 2014 laga Høgre og FRP ein «særavtale» med Krf om lovfesta reservasjonsrett for fastlegar. Venstre heldt seg utanfor, det skal dei ha. Leiaren for Høgres kvinneforum den gongen, Julie Brodtkorb, meinte i ein finurleg argumentasjon at reservasjonsrett for fastlegar ville styrkja kvinners rett til sjølvvald abort! Det var ein logikk som ikkje eingong gjekk heim blant kvinner flest i Høgre. Reservasjonsretten vart skrota. 8. mars-toga det året slo kvinnedagstoga på 70-talet ned i støvlane i antal og oppmøte.  Vi som var med også på 70-talet gjekk i vekesvis og kjende på klumpen i halsen ved tanken på alle dei unge som strøymde ut i gatene i kampen for abortlova.

Likevel er abortlova på nytt kasta inn i politisk hestehandel. Denne gongen – også – gjeld det Krfs gunst. Jonas Gahr Støre har heldigvis sagt at denne slags spel er ikkje han med på. Unge Høgre er i harnisk. Venstre uttalar seg rimeleg tydeleg imot.

Den bagatelliseringa som statsministeren står for når det gjeld abortlova, den gjer at vi stadig, 40 år etter at lova vart vedteken i Stortinget (og fem år etter at Høgre røysta for lova på landsmøtet i 2013) må på barrikadane for å tryggja ein historisk siger.  Eg må minna om at talet på abortar  held seg rimeleg kontstant; skilnaden er om kvinner har tilgang på trygg abort. Aborttala i Noreg har halde seg stabile på kring 15.000 og går ned heller enn opp, om eg ikkje mishugsar meg.

Eg må seia eg forundrar meg over denne forunderlege hangen statsministeren har til å kasta abortlova i potten ved einkvar skiljeveg, dvs. dei to skiljevegane som har funnest med hennar regjering. Har ikkje Høgre enno fått ekte eigarskap til kvinners rett til eigen kropp? Det er trass alt 40 år sidan Arbeidarpartiet og SV gav lova fleirtal i Stortinget. Nei, det var ikkje fleire parti som røysta for – og lova vart altså vedteken med ei røysts overvekt, det minste fleirtal som tenkjast kan. 610.000 underskrifter var samla inn imot . Det seier noko om kampen som stod og at lova slett ikkje var sjølvsagd.

No lyt vi ut i gatene att. Det finst ingen veg utanom. I 1683 sa lova at kvinner som tok abort skulle halshoggast og få hovudet sett på ein stake.  Det er heldigvis lenge sidan, her oppe på toppen av verda kor vi etterkvart har tradisjon for å stå langt framme i kvinnekampen. Men altså ikkje lengre framme enn at ein kvinneleg statsminister ikkje står opp for den lova som er føresetnaden for kvinnefrigjering.  Fremad marsj, mine damer – og solidariske menn! Abortlova skal ikkje tuklast med!

Oddny I. Miljeteig