«Han var ein stor strateg.» Så sa Brasils nyvalde president Jair Bolsonaro om, ja, om….Adolf Hitler. Og nei, dette er ikkje ei feilsnakking, det er ikkje eingong ei forsnakking. Med Jair Bolsonaro har fascismen på ny fått fotfeste i Sør-Amerika. «Pinochet burde ha drepe fleire menneske,» sa Bolsonaro i 1998.
I 1999 sa han ikkje berre at han var for tortur, han sa også: «En dag starter vi en borgerkrig her og gjør jobben som militærregimet (1964-85) ikke gjorde….Om noen uskyldige dør, så greit, uskyldige dør i alle kriger.»
Kvinner står ikkje høgt i kurs hos den nyvalde presidenten. Under ein diskusjon med kongressmedlem Maria do Rosario i 2013 sa Bolsonaro at «jeg ville ikke voldtatt deg, fordi du ikke fortjener det» som svar på at Rosario hadde klaga han for å oppmoda til valdtekt (Dagbladet). Seinare sa han at han ikkje var ein valdtektsmann, men viss han hadde vore det, ville han ikkje ha valdteke Rosario avdi ho er «stygg» og «ikkje min type». Den nye presidenten har fire søner og ei dotter. Dottera har han sagt at han fekk «som følge av et øyeblikks svakhet» , sitat frå nyhendebyrået AP. Han har også sagt at han ikkje vil behandla eller betala kvinner likt som menn på arbeidsplassar.
Sitata står i kø. Dei er ikkje berre spissformuleringar – som ein kunne ha humra av. Dei heng saman, og dei er til å bli vitskræmde av. Jair Bolsanaro ser til dømes på flyktningar nærast som undermenneske og har i fylgje Reuters omtala dei som «jordas avskum.» Då han i 2017 snakka om å vitja tradisjonelle afrobrasilianske lokalsamfunn, omtala Bolsanaro innbyggjarane si vekt ved å bruka ordet «arroba», ei utdatert måleeining som vert brukt når ein veg storfe og landbruksprodukt. Dyr, altså. «De letteste afro-etterkommerne der veide sju «arrobas.» De gjør ingenting. De egner seg ikke engang til reproduksjon,» sa han som no er vald som president.
Kvinner og etniske minoritetar får på pukkelen. Det gjer defenitivt også seksuelle minoritetar. I 2013 uttala Brasils president at han er «stolt av å vera homofob.» Han har også sagt at han heller vil at sonen hans skal døy i ei bilulukke enn å vera homofil – og han har uttala at «homofile fundamentalistar» hjernevaskar heteroseksuelle born til å bli homofile og lesbiske for å tilfredsstilla dei seksuelt i framtida, i fylgje The Guardian.
Så seint som for ei veke sidan gjekk Bolsonaro til åtak på motstandaren sin i presidentvalet, Fernando Haddad frå Arbeidarpartiet (PT) og hans tilhengjarar: «Anten dreg dei tilutlandet, eller så hamnar dei fengsel. Det vil bli ei opprydding de aldri har sett maken til i Brasils historie», sa altså han som no er vald til president. Bolsonaro og folka hans førte valkampen mest berre i sosiale medium og ville ikkje møta Haddad i debatt.
Brasils største sosiale rørsle, Dei jordlauses rørsle vert sedde på som «kjeltringar» og «terroristar.» Pablo Neri frå Dei jordlauses rørsle er i Noreg no, og han meiner Bolsonaro kjem til å bruka all si makt og vald til å bana veg for store kapitalinteresser og forfylgja aktivistar og sosiale leiarar. Bak Bolsonaro, seier Pablo Neri, finst det ein mektig allianse av store jordeigarar med sterke økonomiske interesser og paramilitære grupper i periferien – og den ekstreme høgresida og fascistiske krinsar. I Bolsonaro ser desse to gruppene sjansen til å ta makta tilbake. Resultatet er forfølging av blant andre afrobrasilianarar, urbefolkninga og fagrørsla. Bolsonaro har varsla straffefridom for politifolk om dei drep nokon (og politiet har vedgått å ha drepe om lag 5000 personar årleg), den kriminelle lågalderen skal ned og «gode menneske « skal fritt ha skytevåpen.
Pablo Neri frå Dei jordlauses rørsle fryktar at Brasil står overfor ein periode med vald og dreg linene attende til Pinochet-diktaturet i Chile, sjølv om Bolsonaro er vald president. Den siste tida har politiet invadert over 20 universitet i Brasil. Påskotet var at dei skulle halda politiske kampanjar under kontroll (Klassekampen), men dei gjekk berre til åtakpå aksjonar mot fascisme og og Bolsonaro. Dessutan går det føre seg ei rekkje uorganiserte åtak i gatene, mot homofile, kvinner og einkvar som kan vera knytte til Arbeidarpartiet (PT) sin kampanje.
Brasilianarane har med 55% røyster valt ein «sterk mann», ein autoritær herskar, ein fascist som lovar å innføra «lov og orden» med nær sagt kva som helst av verkemiddel og som ikkje er så nøye med demokrati, rettsstat og menneskerettar. Dei er, skriv Einar Hagvaag i Dagbladet, «i bakrus etter stor økonomisk framgang som har snudd til nedgangstider» og rasande på den politiske eliten som frå om lag alle parti har vist seg å vera gjennomkorrupt. Venstresidas nederlag er at dei ikkje har greidd å samla alle demokratiske krefter mot Bolsonaro. Difor er fascismen attende i Sør-Amerika. Vi får inderleg vona at demokratiske krefter og det internasjonale samfunnet vil yta fascismen motstand slik at han ikkje smittar til andre delar av dette store kontinentet.
Oddny I. Miljeteig