Sorteringssamfunnet. På nytt kvin dette omgrepet gjennom etermedia og fyller avisenes nettsider og papirsider. Førre gong var i 2013 om tidleg ultralyd. Det var då Høgres landsmøtet mot partileiar Solberg sin vilje stadfeste at også Høgre var for kvinners rett til sjølvbestemt abort.
Det er merkeleg med abortspørsmålet. For kvar einskild kvinne som gjennomfører abort, er spørsmålet alvorleg, for mange fylt av tvil og tru. Difor også er kvinna den som må avgjera. Kvinna er bokstavelegt tala den næraste. Vår noverande statsminister ser ut til ikkje å ha forstått alvoret – for ho nærast slengjer rundt seg med dei varaste spørsmål om abort som agn eller åte for å tryggja si eiga regjering. No gjeld det spørsmålet om paragraf 2c i abortlova. Eg lurer oppriktig på korleis denne har blitt heitande «Downs-paragrafen», for det er den jo ikkje. Dessutan synest eg det er å harselera med med dei som lever med Downs – og for den del oss alle, å festa eit slikt omgrep på ein paragraf som omhandlar så uendeleg mykje meir og så mange livstrugande tilstandar. Spørsmålet om tvillingabort høyrer heller ikkje heime i eit slags haustjippo utløyst av Kristeleg Folkeparti sitt ekstraordinære landsmøte. Det får då vera måte på pervertering av politikken!
Ei inndeling av menneske i «verdige» og «uverdige» trengjande er eit sorteringssamfunns kjennemerke. Debatten om sorteringssamfunnet, kjære lesar, korkje startar eller sluttar i kvinners livmor. Det er i så fall ei fårleg innsnevring av vår mest grunnleggjande humanistiske utfordring som samfunn: vår nesten ibuande hang til å skilja mellom «dei» og «oss». Den norske lausgjengarlova tillet internering av menneske. I etterkrigstida var den nesten å rekna som eit «tiltak» for krigsseglarar med store alkoholproblen. Lausgjengarlova vart ikkje oppheva før i 2006 og er ei historie om brutalitet overfor dei mest utslagne og marginaliserte av våre medborgar.
Kjære lesar, avsnittet ovanfor er mest direkte sitat frå ei BA-spalte eg skreiv for seks år sidan. Då pågjekk debatten om tiggarane av romfolket – skulle dei, dvs. Europas filleproletariat, fordrivast frå norske gater med tigge-/tiggarforbod? Det er ikkje så lenge sidan Noreg behandla taterane på det mest brutale, tok fråd ei born, utsette kvinnene for sterilisering. Dei utviklingshemma har vi også utsett for tvangsabortering og sterilisering.
Med piggtråd og vald prøver somme land å halda migrantar som kjem over Middelhavet ute. Trump byggjer murar av alle slag, bagatelliserer rasisme og opnar for antisemittiske krefter i USA, Israel byggjer palestinarane inn med mur og blokade. Her i landet skræmer framståande politikarar med muslimar og med utøyla innvandring i eit Noreg som har hatt innvandringsstopp sidan 1975. Dette er, spør du meg, sortering av menneske. Å kutta i løyvingane til kommunane når det kjem til støtte til såkalla «ressurskrevjande brukarar», det er å laga eit sorteringssamfunn. Å ikkje yta naudsynte pleiepengar til foreldre med alvorleg sjuke born, det er å laga eit sorteringssamfunn. Å ikkje gje foreldre med tunge omsorgsoppgåver utilstrekkelege med avlasting, det er å laga eit sorteringssamfunn. Og slik kunne eg ha halde fram. Som storsamfunn pliktar vi å ha ordningar som gjer at også menneske med funksjonshemmingar og deira pårørande kan leva meiningsfylte og frie liv – og ikkje slitast sund av ansvarsfråskriving frå offentlege instansar. Har vi ikkje dette på stell, er det sorteringssamfunnet vi skaper, kvar einaste dag.
For å vera krystall-tydeleg: Å prøva å reservera «sorteringssamfunnet» til å handla om abort av foster med Downs syndrom er å tåkeleggja at sorteringssamfunnet lever i verste velgåande, midt i blant oss.
Bagatelliserer så eg alvorlege spørsmål om livets tilblivelse? Nei, meiner eg. Abortspørsmålet må ikkje bli eit spørsmål om andres moral. Vi har hatt mange nok generasjonar med strikkepinnar, skam og tabu, med utstøyting frå samfunnet av unge kvinner som var komne «i ulukka» , med fødslar i dølgsmål og tvilsame bortadopsjonar av pittesmå born.
Det er på tide å besinna seg, KrF og regjeringspartia. Verkjeleg besinna seg. Hugsa på at aborttala i eit samfunn ikkje løysest ved å strama inn på abortlova, men gjennom seksualopplæring og gratis prevensjon – og ikkje minst: økonomisk fridom for kvinner og familiar. Og så må de erkjenna at sorteringssamfunnet handlar om nett samfunnet og ikkje om kvinners livmor.
Oddny I. Miljeteig