Hent borna våre heim!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 24. april 2019
Oppdatert: 24. april 2019
Lesetid: ca. 4 min
I 2019 må det ikkje vera rom for arvesynds-tankegongen. Born er born. Den norske staten har ansvar for alle norske born, uansett kor vanskeleg det er praktisk eller politisk å henta dei heim.

Det er «IS-borna» eg talar om. Dei om lag 40 borna som sit i interneringsleirar med eller utan foreldre etter at IS-kalifatet vart overvunne. «IS –borna“ er ikkje IS sine born. Born er sine eigne, uansett. Born har si eiga lovgjeving, internasjonal barnekonvensjon – og barnelov og barnevernslov i Noreg. Dei som er fødde av norske statsborgarar, dei er norske statsborgarar. Dei er ikkje fødde som teroristar. Dei er fødde som – born.

Om lag hundre personar med tilknyting til Noreg har sidan 2012 reist til område av Syria og Irak som har vore kontrollerte av terrororganisasjonen IS. I alle fall 30 personar er stadfesta døde. Dei fleste av dei 40 borna av norske statsborgarar er for dei fleste sitt vedkomande fødde i krigen. I går vart ein syskenflokk på fem intervjua av Aftenposten i flyktningeleiren al-Hol inne i Syria. Faren er drepen, mor deira skal ha forsvunne då ho gjekk for å henta vatn til borna.

Det er ubegripeleg for så godt som alle oss her oppe mellom bakkar og berg at nokon har funne IS verd å kjempa for. Endå meir ubegripeleg er det at kvinner har teke borna med seg og reist frå Noreg til IS. Og born er fødde innanfor «grensene» til kalifatet, eit kalifat som er fødd i terror og avla i krigsbrotsverk. Det vere seg sivilbefolkning eller militære motstandarar: Overalt har IS blod på hendene gjennom tortur, halshoggingar, terror, forfølging av etniske og religiøse minoritetar og mord på kvinner og born. IS har, med stor iver, slik Dagbladet skreiv på leiarplass for ei tid sidan «forkastet alt som heter menneskeretter, humanisme og rettsstat.» Det er ingen grunn til å tenkja straffefridom for dei vaksne som har slutta seg til IS og har vore med og kjempa for kalifatet. Men det gjeld ikkje borna. Om vi ikkje held hjarta varmt, må staten Noreg halda hovudet kaldt og erkjenna at dette ikkje er born sitt skadeverk.

Etter lang tids motstand opnar no statsminister Erna Solberg for å henta heim dei foreldrelause borna av IS-krigarar. Så langt finst det ikkje oversikt over kor mange born det gjeld, men statsministeren trur at dei fleste er fødde etter 2011. Då snakkar vi om småborn. Babyar, barnehageborn og born i småskulen. Preses Helga Haugland Byfugllien i Den norske kyrkja meiner det er statleg ansvar å henta heim born av IS-krigarar til Noreg. Fyrste påskedag bad ho regjeringa ta grep for «at de barna som lever i uverdige og helt umenneskelige forhold, får komme hjem igjen til Norge.» (NRK)

Fleire europeiske land har allereie henta heim borgarar frå Syria. Frankrike og Tyskland har henta heim «IS-koner» og borna deira. Sverige arbeider med å henta ut dei sju foreldrelause borna til ein norsk-svensk IS-krigar og borna hans. Kosovo, det prikkyrande vesle landet, skal ved hjelp frå USA ha henta heim 110 statsborgarar som vart tekne til fange i tidlegare IS-kontrollerte område i Syria. Blant dei som vart flogne til Kosovo laurdag, var 74 born, 32 kvinner og fire antatte IS-krigarar. Dei siste vart pågripne med ein gong ved ankomst Pristina, skreiv Aftenposten i går.

Det nøyaktige talet på born av framandkrigarar i Syria er ikkje kjent, men Redd Barna har rekna med at om lag 3.500 born frå ulike land er i leirane. Om lag 40 av dei er altså norske. Ei spørjeundersøking gjord for VG før påske vise at 65 prosent av oss meiner vi bør få henta heim borna til Noreg.

Ei av dei største utfordringane med å henta borna heim til Noreg, er at dei er i det kurdiske sjølvstyreområdet Rojava i Nord-Syria. Rojava er ikkje internasjonalt anerkjent, og det finst heller ingen konsulat eller ambassadar i Nord-Syria.

Lova seier at born som er fødde 1. september eller seinare, og har norsk mor eller far, automatisk er norsk statsborgarar, sjølv om dei er fødde i utlandet. Men dei må kunna prova kven dei er. Førebels er det uklårt korleis borna skal identifiserast, og regjeringa skal ha vendt seg til humanitære organisasjonar om spørsmålet. Statsministeren kallar det ein «krevjande runde».

Eg veit ikkje, men det kan då ikkje vera vanskelegare for Noreg å få identifisert våre statsborgarar enn det er for Frankrike, Tyskland eller Kosovo?

Statsministeren opna altså i går for å henta heim foreldrelause norske born. Men kva med dei som har foreldre som har gjort straffbare handlingar – men like fullt er norske statsborgarar? Dei er då også norske born! Det ser ikkje ut til å bli oppretta nokon internasjonal domstol for IS-krigarar, det eg har sett. Kven skal då straffa desse foreldra, om ikkje dei landa der dei er statsborgarar? Kan Frankrike, Tyskland og Kosovo, så kan vel vi? Syria og grannelanda ber då bører tunge nok?

Vi er nok mange som i dei seinste månadene har tenkt på dei borna som for 70 år sidan fekk kjenna arvesynds-tankegongen på kroppen: Tyskarborna. Somme vart forviste saman med mødrene til eit Tyskland i ruinar. Andre tenkte norske styresmakter at skulle eksporterast til Australia. Ein australsk delegasjon kom jamvel til Noreg i det høvet, men eksporten vart aldri noko av. Dei borna som vart i Noreg, vart mange hundsa og trakasserte både i barneliv og vaksenliv. Som statsminister bad Kjell Magne Bondevik dei om orsaking. Og etter at kanskje alle «tyskartøsene» var døde, bad statsminister Erna Solberg også dei om orsaking.

I 2019 må det ikkje vera rom for arvesynds-tankegongen. Born er born. Den norske staten har ansvar for alle norske born, uansett kor vanskeleg det er praktisk eller politisk å henta dei heim. Ingen born har skulda for foreldres misgjerningar. Difor må alle borna hentast heim og få veksa opp her. Og foreldra må hentast for å stå til ansvar for misgjerningane sine. Slik er det å vera ein rettsstat. Vi viste det etter terroren på heimleg jord i 201l. No må vi visa det igjen.

Oddny I. Miljeteig