I år er det hundre år sidan åttetimarsdagen vart lovfest i Noreg. Det er ein av dei største sigrane til arbeidarrørsla, både nasjonalt og internasjonalt. Kravet om åttetimarsdagen vart reist på den internasjonale arbeidarkongressen i Paris i 1889. Då vart det vedteke at arbeidarane skulle bruka 1. mai til å demonstrera for kravet om åtte timar arbeid, åtte timar fridom og åtte timar kvile.
1889 – same året som fyrstikkarbeiderskene i Kristiania sin streik. Det var fyrste gongen i Noreg at arbeidarklassens kvinner gjekk ut i streik. Dei krov absolutt ikkje åttetimarsdagen. Dei krov fast arbeidsdag frå klokka 07.00 til 21.00. Utløysande årsak for streiken var lønskutt på 20 prosent ved Bryn og Grønvolds fabrikker. Bakgrunnen var i tillegg til låg løn helseskadelege arbeidsforhold som medførte dødeleg fosforforgifting og økonomiske straffetiltak overfor dei tilsette.
Kampen for kvinners rettar i Noreg hadde inntil 1889 handla mest om borgarskapens kvinner og deira røysterettskamp. Arbeidarkvinnene hadde nok med å overleva. Så også fyrstikkarbeiderskene – inntil det sprakk for dei.
For å strama inn på disiplinen og auka kontrollen hadde mange fabrikkeigarar innført arbeidsreglement og strenge straffebestemmelsar. Fyrstikkarbeiderskene ved Bryn og Grønvolds fyrstikkfabrikker fekk heile vekeløna redusert med 10 % dersom dei kom for seint på jobb måndag morgon. På verkstadene i Kristiania vart det vanleg å stengja portane presis klokka 7. Dei som kom for seint, sleppte ikkje inn – og miste med det ei halv dagsløn. Kvinnene som gjekk ut i streik stilte krav også om auka løn – og og avskaffing av mulktsystemet.
Fyrstikkarbeidarstreiken var føre si tid. Den tok moderne verkemiddel som fagleg organisering og streikeleiing i bruk, og den fekk brei støtte, til dømes frå Bjørnstjerne Bjørnson og andre kunstnarar. Jamvel ein aksjonær i ein av fabrikkane sende streikebidrag. Likevel måtte kvinnene til slutt kapitulera og venda attende til arbeidet utan særleg større resultat enn lovnad om betre løn frå årsskiftet. Men ein gneiste var tend. Tredve år etter var åttetimarsdagen eit faktum. I 1931 reiste forresten LO fyrste gongen krav om seks timars arbeidsdag – det er 12 år til det er 100 år sidan.
Åtte timars arbeid, åtte timars fridom, åtte timars kvile. Kampen for åttetimarsdagen var eit fridomsprosjekt for den internasjonale arbeidarrørsla. I dei åtte timane fridom låg kravet om å råda over eige liv, ha tid og krefter til å kunna leva – og ikkje berre til å makta å arbeida for å leva. Det var eit svært progressivt krav då – og i altfor mange land no også. Her i Noreg må vi sjå i augo at vi har ein sektor for svart arbeid der åttetimarsdagen på ingen måte er regelen. Det er uhyrleg! Åttetimarsdagen er ein føresetnad for demokratiet – og at folkestyret må vera for alle. Har ein ikkje overskotskrefter mellom ein arbeidsdag og ein annan, kan ein heller ikkje ta del i demokratiet.
Fyrste verdskrigen frå 1914 til 1918 var medverkande til at arbeidarrørsla vann kampen om åttetimarsdagen året etter at krigen var slutt. Den revolusjonære stemninga som spreidde seg i Europa, hadde utgangspunkt i revolusjonen i Russland i 1917 då Lenin kom til makta. Martin Tranmæl i Arbeidarpartiet jobba i 1918 for å vinna makta over produksjonsmidlane, og borgarskapet oppfatta situasjonen som fårleg – for seg. «Utan uroa, konfliktane og revolusjonsfrykta under fyrste verdskrigen, ville åttetimarsdagen framleis ha vore eit stykke unna i 1919,» sa historikar Finn Olstad nyleg til FriFagbevegelse. «Åtte timar arbeid vart oppfatta som eit rettferdskrav og at arbeidaren var meir enn ein maskin. Arbeidaren skulle også ha høve til fritid, til å utvikla seg og til åndelege sysler. Kravet var ein del av arbeidarrørslas dannande misjon.» Samstundes vart retten til seks dagars ferie med løn innført som del av tariffoppgjeret i 1919– medan Stortinget vedtok at innbyggjarar som levde på fattighjelp også skulle ha røysterett. Det er altså 2019 som er det eigentleg 100-årsjubileet for allmenn røysterett i Noreg!
Lovfestinga i Stortinget var trinn to i innføringa av åttetimarsdagen. Før det hadde partane i arbeidslivet vorte samde om å tariffesta kravet. Forhandlingane gjekk føre seg utan uro, og arbeidsgjevarane uttrykte klårt og tydeleg at dei måtte gje etter. Ord som «revolusjonsforsikring» vart nytta. Ikkje berre i Noreg – åttetimarsdagen vart nemleg innført i nesten heile Europa samstundes.
Heilt til 1987 måtte vi venta før neste arbeidstidsforkorting: Tariffesting av 7,5 timars dagen. Og der er vi framleis. Det er mest ikkje til å tru, spør du meg. På sekstitalet, syttitalet og åttitalet rausa kvinnene i Noreg ut i arbeidslivet, slik at vi per i dag er eitt av dei landa i verda som skyt mest tid inn i arbeidslivet per hushald. Norske kvinner er både yrkesaktive og føder born, sjølv om fødselstala no går ned. Vil vi ha fødselstala opp, skader det ikkje å forkorta arbeidsdagen, tenkjer eg. Sjølv høyrer eg faktisk til fyrste generasjons kvinner som allment er i jobb eit heilt yrkesliv. Pionerane i så måte er ti år pluss eldre enn meg. Arbeidarklassens kvinner har alltid jobba, småbrukarkonene likeeins.
Kampen om tida er også ein kamp om meirverdien, overskotet. LOs fyrste kvinnelege leiar, Gerd Liv Valla, foreslår å innføra seks timars arbeidsdag over tre hovudtariffoppgjer, med rom før lønsauke i pengar for dei lågtløna. Det er meg i grunnen ei gåte at vi ikkje har fått sekstimarsdagen enno. Er det ein av patriarkatets kraftige krampetrekningar vi står overfor? Slik at fagrørsla ikkje greier å samla seg om eit krav som vil gje alle generasjonar meir fridom og kutta den tidsklemma som råkar kvinnene mest?
I dag høgtidar vi åttetimarsdagen – ein av våre største sigrar i fagrørsla og på venstresida. No er det på høg tid å setja fart i kampen for sekstimarsdagen. Den kan vera ein realitet i 2031, 100 år etter at LO stilte kravet fyrste gongen. Viss ei samla fagrørsle og venstresida vil, så greier vi det. Så greier vi det! Gratulerer med 1. mai!
Oddny I. Miljeteig