Asylpolitiske røvartokt

«Kvifor er det alltid asylborna som må tapa?» skreiv eg på fjesboka her om dagen.  Framleis sviv spørsmålet i hovudet mitt.  Og nei, eg er ikkje misunneleg på at Krf og Venstre endeleg  fekk forhandla fram ein avtale og ei forskrift med justisminister Anundsen og regjeringa som kjem til å medføra at fleire born vil få bli.  Eg er oppriktig glad for kvart einaste lengeverande asylbarn som får bli i heimlandet sitt. Ja, for det er rett å seia heimlandet sitt. Det er Noreg som er desse bornas heimland, til liks med dine og mine born.  Det er nemleg så. Og FNs Barnekonvensjon, den som fyller 25 år i år, den slår tydeleg fast at born har eigne rettar  – og at barnets rettar skal vurderast særskilt.  Det er altså ikkje rett at born skal lida for «fedrenes» synder, slik så uendeleg mange born har måtta til alle tider. Ikkje etter FNs Barnekonvensjon, som store parti i regjering aldri har vilja gje born individuell klagerett etter.

Det var Bergens Tidende som tok Anders Anundsen, no justisminister, tidlegare refsande leiar for Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomite.  Ja, dei tok han på fersken, så å seia. For her hadde justisstatsråden bedyra overfor Krf og Vinstre og heile kongeriket at det skulle sendast ut færre lengeverande asylborn enn tidlegare, gong etter gong. Krf og Vinstre hadde ikkje eingong røysta for forslag frå SV om å stilla alle utsendingar i bero inntil ny forskrift om asylborn låg føre – avdi dei stolte på justisministeren. Fordi han hadde beroliga de ifrå Stortingets talarstol. Og frå Stortingets talarstol lyg ein ikkje. Eller talar usant – eller feilinformerer. Men det hadde Anundsen gjort, viste det seg.  Det hadde han gjort.  For lengeverande asylborn har vorte sende ut i eit fårleg tempo.

Eller: Han sa fyrst at politiet ikkje hadde fylgt opp hans klåre ordre om endringar i utsendingsregimet for lengeverande asylborn.  Frå tidlegare justisminister Grete Faremo (og det kjem eg attende til) hadde Anundsen arva utsendings-instruks-formuleringa: «Saker som omfatter barn som har oppholdt seg lenge i Norge uten tillatelse skal prioriteres.»  I år endra Anundsen formuleringa i tildelingsbrevet til politidirektør Reidar Humlegård slik: «Saker som omfatter barn skal prioriteres.»  Dette betydde, meinte justisministeren, at færre lengeverande barn skulle sendast ut. Det meinte også statsministeren, som meinte at dette var eit krystallklårt styringssignal. Så krystallklårt at dei begge snakka om at berre dårleg leiing (altså av politidirektøren) kunne skapa misforståing om bodskapen. Jaha. Korleis les du dei to setningane –og endringa? Etter mitt skjøn kan ein like gjerne lesa Anundsen- formuleringa som at «Alle skal ut».  Og plussar ein då på med at alle som har noko med asylpolitikk å gjera i FRP, har stått på alle nes og proklamert  til alle som har øyro at dei skal senda ut fleireasylsøkjarar  enn den raud-grøne regjeringa, ja, så høyrest det då mest ut som det siste?

23. september i år sa statssekretær Himanshu Gulati til NRK: «Vårt mål er å øke uttransporten med 45 prosent i år, sammenlignet med forrige regjering. Det vil også innebære at både barnefamilier, afghanere og andre grupper sendes ut i større grad enn tidligere.» Og så sa han: «Det er ikke gitt noen instruks om at lengeværende barnefamilier skal prioriteres sterkere enn andre.» Ikkje sterkare altså. Men ikkje prioriterast mindre heller. Og berre i august vart 20 mindreårige tvangssende til Afghanistan. Dei pynta godt på statistikken, men til Afghanistan har korkje Noreg eller andre tvangssendt born.  Jaja. Så viste det seg då også, når politiet gjekk og talde i sine tøler at Anundsen hadde vorte varsla om 133 barneutsendingar av politiet.  Han eller statssekretæren. Og i denne samanheng går det ut på eitt.  Så Anundsen hadde visst, han. Det er parlamentarisk kardinalsynd. Rett og slett: Slikt kan ein måtta gå for som statsråd.  Det var nok difor han forsnakka seg og sa at det hadde då aldri vore meininga å tømma heile lageret av asylborn!  Og det var nok difor det kom slik fart i Anundsen at han sat heile fredagen og forhandla med Krf og Venstre om denne forskrifta om lengeverande born som han ikkje på noko vis hadde forhasta seg med før.  Frå mandag av var forskrifta klår.Han kan når han må –  berga skinnet sitt –  Anundsen. Men laurdag greidde hans politi å få sendt ut to barnefamiliar med fem born til Afghanistan.  Greitt for statistikken. Og to familiar færre å vurdera etter den nye forskrifta.  Eit aldri så lite røvartokt, om vi kan seia det slik? Eit lite i den store samanhengen om å senda ut 45% fleire asylsøkjarar enn dei raudgrøne? Og dei borna som er feilaktig sende ut bak ryggen på Krf, Venstre og heile Stortinget? Dei får ikkje koma heimatt. Det er eit skikkeleg politisk røvartokt!

Og så var det formuleringane i direktiva til politiet då: Faremo si og Anundsen si. Han siste med dubbeltspel overfor Krf og Venstre. Ja, for det har han og FRP spela. Det kan han ikkje tilbakevisa. Men Faremo, då, som i fylgje Aftenposten hadde gjeve politiet beskjed om å prioritera lengeverande asylborn – til å bli utsende. «Formulering fråd ei raud-grøne»? Jaha? No har SV snudd alle steinar og spurt alle aktuelle på vår side: Det er ei fomulering som aldri har vore drøfta med eller lagd fram for ein einaste SV-ar. Og i verste fall er direktivet sendt frå Faremo midt i drakampen om stortingsmeldinga om born på flukt og dei lengeverande asylborna.  Det heiter altså å gå bak ryggen til. Og det i ei sak som var så uendeleg viktig for SV at sjølv eg meinte vi måtte sitja i regjering for ikkje å sleppa laus asylpolitikkens jarntriangel: AP, H og FRP!  Og der Anundsen bedreiv dubbelspel overfor regjeringas støtteparti, der dreiv Faremo lureri overfor regjeringspartnaren.  Eg seier begge har bedrive asylpolitiske røvartokt. Begrepet «politisk røvartokt» var det Faremo sjølv som brukte då ho i si tid måtte gå av som justisminister i Jagland-regjeringa etter at Berge Furre hadde vorte overvaka medan han var med i Lund-kommisjonen. Politisk røvartokt – kjenn på begrepet. Det passar betre denne gongen, tenkjer eg. Ja, denne gongen passar det alldeles perfekt. Og det er det einaste som er perfekt når det kjem til APs, FRPs og Høgres politikk for asylborna. Asylpolitisk røvartokt. Basta.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 10. desember