Knelande menneske

I verdas rikaste land vil vi ha oss fråbedne pappkopp og knelande menneske i gatene!

Høgre, Frp og Senterpartiet gjev norske kommunar høve til å innføra lokalt tiggeforbod. Og frå neste år vil dei ha nasjonalt tiggeforbod. Der KrF og Venstre sa nei, baud Sp seg fram for å få knelande menneske vekk frå norske gater. Eller «pakket» som det heiter i mindre parlamentarisk språkbruk i kommentarfelt og liknande.
Forbud og forbud

Den nye regjeringa innfører eine fridommen føre og hin etter: for poker, proffboksing, snøskuterkøyring, kulturlivet, ja, og så var det Segwayen og lakrispipene. Og lemping på alkoholreklamen. Men å be om hjelp, det vert forbode, om det er menneskerettsstridig eller ikkje. Pytt pytt. I verdas rikaste land vil vi ha oss fråbedne pappkopp og knelande menneske i gatene!

Oslo-ordføraren meinte det var uverdig at folk sov under Sinsenkrysset i Oslo. Så Oslo innførte forbod mot å sova ute. No jagar oslopolitiet gamle damer om natta. Er det verdig?

Det kjem ikkje «hordar»
Tiggeforbodet vil hjelpa mot menneskehandel og kriminalitet, og vera enklare for politiet, seier politistasjonssjef Olav Valland. Politiet har mange aksjar i å ha haussa opp tiggeproblemet. Er det ikkje menneskehandelspøkjelset som vert mana fram, så er det at det skal koma «hordar» av tiggarar, slik Oslo-politiet sa det i fjor vår. «Hordane» kom ikkje. Men somme fattige sit i gatene våre og ber om hjelp til det mest nødvendige. Ja, nokon av dei er heilt sikkert utsette for menneskehandel, og somme er gjerne kriminelle. Fattigdom har alltid vore ei viktig drivkraft bak kriminalitet. Og det finst alltid menneske som søkjer profitt på andre menneskes naud.

Forbuds-trioen
Vi har dei lovheimlane vi treng for å straffa kriminalitet, bakmenn, menneskehandlarar og tjuvar. Men forbyr vi tigging, risikerer vi å senda dei fattigaste anten djupare i svolt og naud – eller rett i fanget på dei mest skruppellause – fordi dei fattigaste også eig nett same overlevingskrafta som deg og meg.

Tigging har aldri løyst sosial naud, seier forbods-trioen på Stortinget. Nei, kven har sagt det? Men meiner dei for ramme alvor at tiggeforbod løyser fattigdommen? Dei langsiktige tiltaka Noreg prøver å vera med og pressa fram gjennom EØS-avtalen, dei er nett langsiktige. Og fattigdommen er her og no. Noreg har vorte innhenta av fattigdommens ansikt. Vi kan ikkje forby oss vekk frå det, ikkje eingong i aller beste, overberande meining.

 

Oddny I Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

Publisert i BT 21. juni