Korkje i pose eller sekk

«Viss du vil ha  både i pose og sekk, må du akta deg slik at du ikkje får sekken over hovudet og beina i posen!» Dette er eitt av yndlingsuttrykka til ein god ven av meg, og eg trur eg har gjeve det att rett, men eg er aldri sikker på om han seier posen over hovudet og beina i sekken – eller det motsette, slik eg har skrive det her. Det får våga seg, eg trur bodskapen kjem klårt fram.

I pose og sekk. Eller ingen av delane. Korleis det no bar til, enda budsjettforliket mellom KrF og Venstre  og Høgre og FRP altså i ein pose-debatt. Det er på ein måte ikkje til å tru. Ei plastposeavgift på ein milliard – som ingen etter forliket vil vedkjenna seg at dei førte inn i forhandlingane. Ikkje KrF, ikkje Venstre, ikkje Høgre – og alldeles ikkje FRP, sjølvsagt. Sjølv om avgifta i og for seg må vera grei nok  – som eit miljøtiltak? Men på same vis som kuttet i barnetillegget for uføre, som politisk redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen sukka over at regjeringa hadde vore så utaktiske at dei hadde teke i lag med kuttet i formuesskatten, ja,  så også plastposeavgifta. For no skal Ola og Kari bli minte om, kvar gong vi ikkje har berenett med oss heimanfrå i butikken, at når vi kjøper ein plastpose til kr 2,50 (eller kva det no blir), er det for å sikra ein milliard til kutt i formuesskatten for dei rikaste.  Det er difor ingen av forlikskameratane vil hefta ved plastposeavgifta. Tenkjer eg. Og til sjuande og sist var det visst Per Sandberg som foreslo avgifta konkret inn i forhandlingane, skjønar eg. Dvs. : Skjøna det den som skjøna kan!

Korleis ein snur og vender på det: Noreg har for 2015 fått sitt mest usosiale og minst grøne budsjett sidan Bondevik II eller Stoltenberg I. Eg er ikkje heilt sikker. KrF og Venstre skal ha ære for at dei har slite budsjettet i rett lei, for det har dei. Men utgangspunktet var så definitivt «som galest».  Og når det er dei store som sit i regjering (sjølv om AP no åleine er større enn begge regjeringspartia og nesten KrF og Venstre i same slengen) – og dei to små som forhandlar, ja, så er det dei to «store» som vinn mest. Sjølv om det i Stortinget vil vera fleirtal for ein både raudare og grønare politikk, det siste etter at AP gjekk i seg sjølv då dei var komne ut or regjering. (Men i asylpolitikken står AP fjellstøtt saman med Høgre og FRP i asylpolitikkens jarntriangel, alldeles utan raudfarge.)

Det er eit privilegium å vera spalteskrivar; då kan ein slå om seg i aust og vest. Eg kan jamvel vera så frimodig å visa fram delar av SVs alternative statsbudsjett, noko eg svært gjerne gjer.  Og det kan eg berre seia: I SV hadde vi aldri funne på tanken om å kutta ut Den kulturelle spaserstokken, den som for 30 millionar gjev kunst og kvalitetskultur til mange gamle som ikkje ville ha makta å oppsøkja slike opplevingar. KrF og Venstre måtte bruka av sin forhandlingspott for å få innatt Den kulturelle spaserstokken. Det kjem til å hefta ved H og FRP i heile deira regjeringstid at dei ikkje såg våre eldste som verdige nok til kunst og kvalitetskultur i statsbudsjettet.

I SVs alternative statsbudsjett er kampen mot barnefattigdom ei av hovudsatsingane. Barnetrygda, som ikkje har vore prisjustert sidan 1996, er ein nøkkel. SV aukar barnetrygda for åleineforeldre, gjeninnfører syskentillegget og aukar barnetrygda med løns- og prisveksten i samfunnet.  Vonleg vert kampen mot barnefattigdom ei kampsak for fleire parti med dette. Her i byen har forresten byrådet no lova å koma med ei ny melding om barnefattigdom og dertil høyrande handlingsplan – etter at SV har foreslått det i fleire år og vorte røysta ned. No foreslo også Venstre det, og då lukta byrådet truleg lunta. Dermed gjorde dei tverrvending frå i juni – og takk for det! Det hjelper sjølvsagt ikkje på den nasjonale politikken. Og endå mindre hjelper det når regjeringa og fleirtalskameratane prioriterer skattelette også framfor kommuneøkonomi.

Kor gale det står til med kommuneøkonomien, kan ein sjå ved at byrådet for 2015 brukar dobbelt så mykje i eigedomsskatt på privatbustader som Bergen SV gjorde for 2014. Ikkje tilfeldig at SV meiner kommunane treng 5 milliardar meir. Av desse er midlar øyremerkte til arbeid med rus og psykiatri, helsestasjonar, skulehelseteneste og aktivitetsstøtte til barnefamiliar.  Og barnevern.

SV gjev i sitt alternative statsbudsjett skattelette til alle som tener under 600.000 kroner, ein ny toppskatt på inntekter over 1,5 millionar  – og ein meir rettvis formuesskatt. Dessutan innfører SV ein finansskatt som ville gje 8,5 milliardar i inntekter.  6,7 meir-milliardar vert prioriterte til miljøtiltak, til dømes investeringar i solceller, havvind og straumferjer. Det er heilt grøne milliardar!

I eit budsjett som omfordeler rettvist er det plass til heildagsskule med fleire lærarar i grunnskulen, ein halv times fysisk aktivitet kvar dag, innføring av skulemåltid, frukt og grønt – og gjeninnføring av den gratis kulturskuletimen.

6 timars arbeidsdag er ei viktig sak for SV. I budsjettet vert det sett av pengar slik at småbarnsfamiliar med fulle stillingar får ein halv time kortare arbeidsdag frå foreldrepengeperioden er slutt og fram til barnet er 18 månader. Det er ein start, 100 millionar til forsøksprosjekt likeeins.

Ikkje minst: SV vil at vi skal ta imot 5000 syriske flyktningar i 2015 – og set av pengar til eit historisk lyft for bistand og humanitær innsats.  Slikt kan ein gjera når ein har sosial rettferd nasjonalt og internasjonalt som rettesnor – og ikkje omfordeling frå folk flest til dei rikaste.

Etterkvart får vi vita detaljane i poseforliket på blå side. Kven som blir ståande med beina i posen og sekken over hovudet –eller motsett – det vil også visa seg. Og somme vil få korkje i pose eller sekk. Det er det verste. Men det er prisen folk flest må betala for ei blå-mørkeblå regjering.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 26. november