Sosialistisk ordliste

I eit parti og lokallag finst mang ord og uttrykk som dei fleste av oss ikkje brukar til kvardags. Under finn de vanlege omgrep i SV med kort forklaring.

Organisasjonsordbok

Sentralstyret: den politiske leiinga i partiet. Valgt av landsmøtet og medlemma her sit også i Landsstyret og leier organisasjonen mellom landsstyremøta.

Landsmøte: kvart 2. år samlast delegatar frå heile organisasjonen for å vedta SV sin politikk og leiinga av partiet. Det er eit visst antal delegatar frå kvart fylke, desse er berekna etter medlemstal i fylket. Det er fylkesårsmøta som veljer delegasjonen (deltakarar) til landsmøtet for sitt fylke.

Landsstyret: valgt på Landsmøtet, representantar frå alle fylke+ utval og sentralstyret.  møtes ca 1 gong i månaden for å vedta dagsaktuell politikk i SV. Landsmøtet vedtek dei stor linjene, medan landsstyret driv med den til kvar tid pågåande politiske situasjonen. Landsstyrerepresentantar er valgt av fylkesårsmøtet i dei respektive fylka. Det er 6 landsstyremøter i året.  

Partikontoret: ligg på Tøyen i Oslo. Har ei rekke tilsette og ein valgt partisektretær som arbeider der på fulltid. Her sit det mediefolk og organisasjonskjennarar og driv alt praktisk i partiet og legg til rette for at våre folke- og tillitsvalgte får gjort politikk. I Bergen har vi også eit partikontor eller Kontoret. Det ligg på St. Jakobs plass 9, like ved Fylkeshuset. Her jobbar fylkessekretær for Vestland Aslak Owren og organisasjonskonsulent Sigrid Sandal på fulltid.

Stortingsgruppa: folkevalgte på stortinget pluss deira politiske rådgjevarar og konsulentar. Desse jobbar på sjølve Stortinget og sit ikkje på partikontoret. Rådgjevarane jobbar med politikk og å rådgje stortingsrepresentantane, medan konsulentane tek seg av det praktiske. Ynskjer de å få ein stortingsrepresentant på besøk tek de kontakt med konsulenten.

Folkevalgt: person valgt inn på stortinget, fylkestinget eller kommunestyret gjennom vallister frå SV. Partiet arrangerer av og til eigne samlingar for dei folkevalgte i ulike organ.

Tillitsvalgt: person med eit verv innad i partiet, til dømes leiar i eit lokallag.

Arbeidsutvalg (AU): eit utval av sentral-, fylkes- eller lokallagsstyret. Består av leiar, nestleiar og kasserer m.fl. AU førebur styremøter og gjer mykje av dei praktiske oppgåvene som styret har bestemt at ein skal gjere. For eit bydelslag er AU ikkje aktuelt.

Fråsegn/uttalelse: eit kort politisk dokument over eit dagsaktuelt tema der ein seier kva ein meiner om noko. Slike dokument blir lagt fram og vedtekne på styremøter, årsmøter, landsstyremøter og landsmøtet. Ofte er ei fråsegn utgangspunkt for ein kronikk eller lesarinnlegg. Desse er offentleggjorte dokument.

Feministisk praksis: SV er eit likestillingsparti med sterke røtter i kvinnerørsla. God feminisktisk praksis er eit omgrep for rutinar, perspektiv og handlemåtar som har eit bevisst forhald til ulikheit og freister å oppnå betre likestilling. Til dømes kan ein seie at å velje eit lokallagstyre med 80% mannlege medlemmer er dårleg feministisk praksis.

Årsmøteordbok

Dagsorden: tidsplan for eit møte. Rekkefølgje av saker og element i programmet. Å komme med innspel til eller forslag til dagsorden betyr å foreslå å endre den framlagte planen for møtet. For eksempel å legge til eller trekke får tid til ulike postar i programmet om ein ser at tida ikkje strekker til grunna at folk er taletrengte.

Voteringsorden: rekkefølgja ein stemmer over saker i. God voteringsorden er veldig viktig for at det skal vere lett å følgje med på kva ein voterer over, og for at vi ender opp med dokument og vedtak til slutt som heng saman.

Forretningsorden: reglar for møtet. Kven har tale- og stemmerett, kor lenge skal innlegg og replikk vare, kor mange replikkar er lov per innlegg, kven som har delegatstatus og observatør status i møtet og mykje meir. Dette blir vedteke heilt på byrjinga av møtet under konstituering.

Delegat: ein person i eit årsmøte, landsstyremøte eller landsmøtet som har møte- forslag-, tale- og stemmerett. Ein delegat til landsmøtet er valgt av fylkesårsmøte. På årsmøtet i lokallaget har alle medlemmer som har betalt kontigenten sin delegatstatus.  

Observatør: person utan delegatstatus, men med møterett. Ein observatør kan også ha tale- og forslagsrett i foretningsorden.

Konstituering: betyr å grunnlegge og å tre saman. Å konsituere møte betyr å sette i gong og godkjenne innkalling, referat frå sist møte, dagsorden, samt velje referent og ordstyrarar blant anna.

Valkampordbok

Morgonaksjon: møte folk på veg til jobb med smil, kaffi og løpeseddlar. Utanfor store arbeidsplassar (UiB, HVL, Haukeland) og på kollektivknutepunkt (byparken, Åsane terminal, Bergen Stasjon, Fyllingsdalen terminal)

Stand: når minst to SV-arar tek på seg pins, SV-t-skjorte og deler ut materiell og snakkar med folk på ein offentleg stad. Må gjerne også innehalde, servering av kaffi, karamellar, vafflar etc. Ein aktivitet, quiz med ein premie, verving av nye medlemmer er også ein god stand aktivitet.

Valgboden: dei tradisjonelle bodene på torgallmenningen der alle parti med lister har kvar sin bod/bu. Bergen SV har eigen valgbodsjef som koordinerer materiell og folk til valgboden. Populær aktivistaktivitet for alle i Bergen SV. Velgjarar kjem gjerne hit for å spørje politiske parti om ting dei lurar på og har lyst til å diskutere.

Postkasseaksjon: å legge materiell frå SV i postkassane til folk. OBS! dette bør vere koordinert slik at nokon i nabolaget ikkje får 10 løpeseddlar i posten i laupet av valkampen og andre ingen. Her legg bydelslaget ein plan for utdeling.

Dør-til-dør- aksjon: å ringe på og snakke med folk. Få folk til å stemme SV og gje ut materiell.

Ringing: programvara Zetk.in har opplegg for å effektivt ringe til medlemmer eller veljarar. Blir ofte gjort i dugnad.

Valgvake: arrangement på valdagen/valnatta for alle i Bergen SV. Obs: ofte påmelding grunna plass. Blir lagt til stad med universell utforming, og gjerne med moglegheit for å kjøpe seg mat. Her takkar ein valkampapparatet og aktivistar for innsatsen, ventar i spenning på valdagsmålinga kl 21, ser på valgvakesendinga til NRK med overføring frå andre parti rundt om i landet, og ikkje minst: feirar valresultatet. Alle er velkomne- uansett type og mengde bidrag i valkampen.