Attende til 1800-talet?

Er dei små økonomiske skilnadene som har prega tiåra etter andre verdskrigen i Norden og for så vidt i Vesten elles eit historisk unntak? Og er vi på veg attende til 1800-talets enormt ulike fordeling av rikdom?

Viss du no tenkjer at sosialist-kjerringa er i gang igjen, har du berre delvis rett. For dette er ikkje sosialistisk agitasjon, det er hovudtesen til den nye superstjerna innan økonomifaget, franske Thomas Piketty. Eg skal ikkje gje meg ut for å ha lese boka hans, for det har eg ikkje. «Capital in the 21st century», som hovudverket hans heiter på engelsk, har uansett vorte ein bestseljar og ein brannfakkel i internasjonal debatt om ulikskap, både innan politikk og økonomi.

Piketty meiner at avkastinga på kapital er langt større enn avkastinga på lønsarbeid. Difor vil økonomiske forskjellar auka og auka om det ikkje vert sett inn mottiltak.(Nyeregjeringa si fjerning av formuesskatt og arveavgift er ikkje eit mottiltak,for å seia det slik.) Piketty åtvarar mot at nedarva kapital vil bli viktigare og viktigare i tida som kjem. I tiåra etter andre verdskrigen var den økonomiske veksten og veksten i løner svært høg. Gamle formuer og lukrative giftarmål var ikkje lenger den einaste vegen til rikdom. Men når vi no opplever lågare vekst, samstundes som landa skattar rikdom mindre, vil formuene veksa raskare enn inntektene. Den rikaste tusendelen i verda vil om 30 år ha dobla formuene sine frå dagens nivå og eiga 40% av verdas ressursar, spår Piketty. Sosiologiprofessor Marianne Nordli Hansen meiner Noreg ikkje er eit annleisland i så måte og at nedarva pengar vert stadig viktigare også her, slik at rike foreldre gradvis får meir å seia enn utdanningsval og arbeidsinntekt. «Om du har foreldre som er velstående, blir du også velstående selv. Det er ikke et nytt fenomen, men når konsentrasjonen av formue øker, blir også arv stadig viktigere», sa ho til Klassekampen 7. juni.

Dei rikaste i Noreg har nesten femdobla inntektene sine dei siste 20 åra. Dei rikaste 500 personane (0,01 prosent av oss) tente i 2011 i snitt 24 millionar kroner. I 1991 tente den same gruppa i snitt 4,3 millionar – i 2011-kroner, altså. Det betyr ein auke på 458%! (Og tala har Klassekampen henta frå Piketty sin database over verdas toppinntekter.) Forskar Aage Aaberge ved Statisktisk sentralbyrå viser at dei rikes inntektsandelar var høge på 1800-talet og fyrste delen av 1900-talet. Deretter gjekk inntektsandelane ned og heldt seg stabilt låge til tidleg på 1990-talet. Etter det har dei rikaste sine inntekter og sin andle av totale inntekter gått kraftig opp – slik at stadig færre menneske igjen kontrollerer stadig større ressursar. Den rikaste prosenten i Noreg tente kring 1875 litt meir enn 18% av dei totale inntektene. Frå århundreskiftet byrja andelen å krympa fram til eit botnnivå på fire prosent i 1989. Deretter har det gått oppover att, og i dag er andelen 8%.

Midt på 1980-talet vart finansmarknaden liberalisert, og det vart langt lettare å få lån for både å starta ny næringsverksemd og for kjøp av bustad, forklarer Aage Aaberge. Somme av oss hugsar regjeringa Willoch si avregulering av bustadmarknaden som har ført til at bustad ikkje lenger er bustad, men eit investerings- og spekulasjonsobjekt. Skatteendringar på 1980-talet, som vart fullførte med skattereforma i 1992, medførte m.a. at kapitalinntekt fekk ein skattesats på 28% uansett sum. På 1950-talet og frametter til fyrst på 80-talet skatta Noreg både kapital- og lønsinntekt progressivt og langt likare; den høgste skattesatsen var i ein periode på heile 79,5%. Det kan ein minsanten seia var sosial fordeling og omfordeling via skattesetelen, veit eg! Utbygginga av oljeverksemda spelar med i den forsterka ulikskapen, meiner Aaberge (Klassekampen 7. juni).

Det må seiast at denne ulikskapsutviklinga i seg sjølv ikkje treng å bety at eit samfunn utviklar stor fattigdom, seier forskarane. Både Piketty , Nordli Hansen og Aaberge understrekar at fokuset deira handlar om dei rikaste – og at forskjellane aukar mellom den rikaste ein-prosenten og oss 99 andre prosent. Men når dei auka forskjellane vert forsterka av skattelettepolitikk for dei rikaste, nedskjeringar i sjukeløn og arbeidsløysetrygd og andre velferdsordningar, då handlar dei auka forskjellane om langt meir enn at 1-%-en isolert sett dreg ifrå. I Sverige ser vi det tydeleg etter åtte år med dei såkalla Moderaterna i regjering.

I Noreg har no Solbergregjeringa starta krigen om det norske arbeidslivet: Fleire mellombelse tilsetjingar, utvida rammer for overtid og langturnus – og ulik løn for vikarar og tilsette. På ei rekkje område går regjeringa mot tiltak som er iverksette for å bekjempa sosial dumping. Til dømes misser fagforeiningane retten til å saksøkja ei bedrift dei mistenkjer for ulovleg innleige. Regjeringa vil også innføra unntak frå likebehandlingsprinsippet for vikarar i EUs vikarbyrådirektiv, det som Arbeiderpartiet trumfa gjennom nett ut ifrå likebehandlingsprinsippet. Og Venstre meiner visst at Høgre og FRP-regjeringa ikkje går fort nok og langt nok fram – attende mot 1800-talet. Det handlar om dårlegare kår for folk flest, om lausarbeidarsamfunn og utrygge arbeids-og lønsforhold. Vi ser konsekvensane i land rundt oss i Europa, der fattigdom og sosial naud og uro bankar på døra. Dei har kome langt på vegen attende til 1800-talet. Er det dit også Venstre og KrF vil føra Noreg?

 

Oddny I. Miljeteig
På trykk i BA 18. juni