Avmaktssiger til ytste høgre

Sverige er i sjokk etter valet, les vi. Avisa Expressen kom måndag ut med svart framside – og valresultatet for Sverigedemokarterna i små bokstavar.  781.120 røysteføre svenskar røysta på  partiet som ingen andre parti vil(le) ta i med eldtong. Ikkje før valet og ikkje etter valet.

Sverigedemokraterna er eit brunspettete parti. Når Siv Jensen distanserer FRP frå Sverigedemokraterna det kraftigaste ho vinn, har ho gode poeng når det gjeld opphavet til dei to partia. Anders Langes Parti vart stifta for sterk nedsetjing av skattar og avgifter, Sverigedemokraterna vart stifta (i 1988) på restane av tre svært høgreorienterte parti, til deles med røter i nynazistiske miljø: Framstegspartiet, Sverigepartiet og Bevara Sverige Svenskt.  Partiet kallar seg sjølv demokratisk og nasjonalistisk, men store delar av Sverige ser på Sverigedemokraterna som eit høgreekstremt parti. Biletet av ein riksdagskandidat med hakekross på armbindet seier sitt, berre det.

12,9% fekk Sverigedemokraterna – og vart med det Sveriges tredje største parti, nett som FRP her heime er tredje størst. Dei dubla opslutnaden frå førre val, henta 29% av røystene sine frå især arbeidarklassemenn som røysta Moderaterna sist gong , 12% arbeidarveljarar    frå Socialdemokraterna – og åtte prosent av veljarane over 65 år røysta på Sverigedemokraterna (SD), som tidlegare har hatt flest unge veljarar.

Jimmie Åkessons parti gjer det mykje betre i Utkant-Sverige enn i storbyane. Unntaket er Nord-sverige, der SD gjer det dårlegare enn landsgjennomsnittet. I Midt-Sverige og i sør har SD skaffa seg eit solid fotfeste med resultat godt over landsgjennomsnittet. På fleire industristader nærmar partiet seg 20%. I det heile er det svært store skilnader mellom korleis folk røystar i til dømes Stockholm og Distrikts-Sverige (som jo faktisk finst, trass i hardhendt sentralisering). I Stockholm fekk til dømes Sverigedemokraterna 6,7% mot Feministiskt Initiativ 7,2%! Av Jimmie Åkessons 20 sterkaste kommunar, ligg 18 i Skåne.  Toppkommunane skil seg ut ved høgare arbeidsløyse, lægre utdannings- og inntektsnivå enn gjennomsnittet. Og: Dei fleste av SD-toppkommunane tek imot monaleg færre flyktningar enn andre kommunar.

Det var altså veljarane på landsbygda som lyfte Sverigedemokraterna til å bli Riksdagens tredje største parti.  I bladet «Lantbruk &Skogsland» åtvarar Kerstin Davidson dei andre partia: «Peka inte finger åt landsbygdens väljare!» For landsbygdveljarane er ikkje meir framandfiendslege enn byveljarane, seier Kerstin Davidson. Snarare handlar det om at dei andre partia har mislukkast i å ta landsbygdas problem på alvor. Ho nemner «rovdjurstrycket», især ulven, men også: «Försemrad service, nedlagda butiker, skolor och sjukstugor hör til människornas vardag.» Høyrt det før?  Avmakt, vil eg kalla det, å oppleva seg utestengd og nedprioritert og utrygg for framtida.  I slike fall veit vi at dei som peikar på syndebukkar og ved det  vis talar saka til dei som opplever seg utestengde, dei vil få oppslutnad.

«Det er ikke til å undres over at åtte år med usosial politikk, kutt i velferden, skatteletter til de rike og økt arbeidsløshet gir mange flere proteststemmer», skreiv Snorre Valen, stortingsrepresentant frå SV, i VG for to dagar sidan. Det har han rett i . «Når de store partiene ikke er villige til å anerkjenne Sveriges store sosiale problemer (Moderaterna) eller er villige til å gjøre nok for å løse problemene (Socialdemokraterna) blir det mye lettere for et populistisk, ufyselig parti som SD å vinne desillusjonerte velgere.» 90% av dei svenske veljarane var samde med Vänstepartiet i å stoppa utbytefesten i velferd, der eliten berikar seg på folks behov for skule og helse.  Men Vänsterpartiet nådde ikkje breitt ut til veljarane, sjølv om systerpartiet mitt gjekk fram meir enn Socialdemokraterna.  Det er eit alvorleg varsku ikkje berre til sosialistpartiet, men til heile sentrum-venstre når det er ytste høgre som vert valvinnaren og det partiet som dei avmektige tyr til.

Dei 781.120 SD-veljarane er like mange som det bur folk i Oslo-regionen. Dei er ikkje rasistar , så mange av dei. Det er slett ikkje sikkert at det er innvandringspolitikk som er viktigaste saka for særleg mange av dei,heller,  når alt kjem til alt. Det etablerte politiske Sverige held seg for nasa av Sverigedemokraterna. Det er det altså jammen gode grunnar til! Men det går slett  ikkje an å halda seg for nasa av tre kvart million innbyggjarar. Korleis vil andre parti vinna kampen om røystene deira?

I Noreg tek Minerva til orde for å inkludera ytre høgre i den politiske varmen, og fleire toppar i FRP  (blant dei Carl I. Hagen)samanliknar fordømminga av Sverigedemokraterna med «mobbinga» av FRP på 80-talet. Vårt Land er blant dei som har samanlikna partiprogramma til FRP og Sverigedemokraterna og funne at dei nok ikkje er så ulike – når alt kjem til alt. Det må vera eit ubehageleg faktum for både svensk og norsk høgreside?

Snorre Valen meiner at kvitvaskinga av Sverigedemokraterna allereie har starta på norsk høgreside.  Det handlar sjølvsagt om makt – og politikk. Vi på venstresida treng ikkje kvitvaska brunspettete parti. Det som er vår oppgåve er å gje dei hundretusenvis av veljarar trua på at dei høyrer med , høyrer med på eit lag for solidaritet og rettvise, og ikkje på det brunspettete laget.  Det er inga lita oppgåve. Men det er einaste vegen.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 17. september
Publisert på nett: http://www.ba.no/meninger/article7587020.ece