Blåmåndag for prostitusjonsindustrien

Måndag var ein dårleg dag for den internasjonale sex- og menneskehandelindustrien. Ja, og så Venstre og Høgre og FRP. Alldeles ein blåmåndag var måndag den 11. august. Ho verkar altså, sexkjøpslova. Og ho heiter nett sexkjøpslova. Fordi lova byggjer på at forholdet mellom den som kjøper og den som sel sex, det er ikkje eit likestilt, jambyrdig forhold. Best har han i grunnen skildra maktforholdet og spørsmålet om fridom og tvang for prostituerte, statsadvokat Rudolf Christoffersen i Hordaland i VG nyleg. Rudolf Christoffersen slår hol på myten om den frivillige prostituerte og prostitusjon som samtykkjande sex mellom to vaksne menneske. Denne myten har Venstre og dei andre partia på høgresida har gjort sitt beste for å dyrka, og dyrka fram, gjennom år, i ei slags pervertert fridomsboble tom for makt, profitt og undertrykking. Biletet av den prostituerte som uavhengig av hallikar og menneskehandlarar held ikkje, seier Christoffersen: «Dette bildet er falskt og ikke representativt for det tvangs- og trusselregimet svært mange utenlandske jenter arbeider under i Norge.» Og berre for å seia det tydeleg: Den «typiske» prostituerte i Noreg i dag er altså ikkje ei universitetsutdanna, veltalande, fridomshigande og ressurssterk kvinne som realiserer seg sjølv gjennom prostitusjon og med eskortebyrå på si’ – sjølv om ein kan få det inntrykket når ein les mange aviser. Den «typiske» prostituerte i Noreg er heller ei traffikert jente frå Nigeria med vodoo-trugsmål mot familien og stor gjeld hengjande over hovudet. Og om vi snakkar dei etnisk norske prostituerte, ja, så handlar det som alltid før om rus, seksuelt misbruk, tvang og fattigdom. Det er i sanning ikkje mykje glamour over prostitusjonen i Noreg, eller nokon stad i verda.

Føremålet med sexkjøpslova, som Noreg har hatt sidan 1. januar 2009, er å førebyggja og redusera menneskehandel, redusera prostitusjon – og påverka haldningar til prostitusjon. Lova forbyr nordmenn å kjøpa sex, i og utanfor landet. Difor vart han altså bøtelagd, statssekretær Bård Hoksrud, då han i 2011 kjøpte sex i Riga. Det var ein annan statssekretær frå Frp, Vidar Brein-Karlsen i Justisdepartementet, som måndag tok i mot evalueringa av sexkjøpslova frå Vista Analyse. Evalueringa byggjer på dei fyrste fem åra av lova vi verketid. I Sverige let dei lova verka i ti år før dei evaluerte, men i Noreg er høgresida så sterke motstandarar av lova at evalueringa måtte koma no.

Vista Analyse meiner lova har ført til prisfall på sexkjøp, meir stressa kundar og 25% mindre prostitusjon.»De synligste observerte endringene finner vi i gatemarkedet i Oslo, der systematiske feltobservasjoner viser en stabilisering på et nivå som ligger fra 45 til 60 proosent lavere enn da loven ble innført, heiter det i rapporten. Derimot finn evalueringsgruppa ingen haldepunkt for at sexkjøpslova har ført til meir valdsbruk i samband med prostitusjon, slik motstandarar at lova hardnakka har hevda. Analysegruppa meiner det er både færre prostituerte og færre bakmenn i Noreg som fylgje av sexkjøpsforbodet- og sexkjøpsforbodet kombinert med hallikparagrafen: «Sexkjøpsloven har gjort det vanskeligere å selge sex, spesielt i hoteller, hospitser og organiserte leiligheter og lignende. Dette har ført til høyere kostnader og lavere fortjeneste for bakmennene.» Særleg i gatemarknaden skal omfanget av prostitusjonen vera redusert, seier rapporten. Når det gjeld haldningar til kjøp av sex, sa leiaren for analysegruppa, Ingeborg Rasmussen, til NRK at det er litt tidleg å konkludera: « Det er flere indikasjoner på endrede holdninger. Det er litt tidlig å konkludere med holdningsendring etter fem år, men vi finner klare indikasjoner på en effekt her.» I Sverige, der dei altså evaluerte etter ti år, er haldningsendringane til sexkjøp udiskutable.

Andreas Kotsadam ved Universitetet i Oslo har gjennom si forsking funne at det ikkje enno er noka stor haldningsendring til sexkjøp i befolkninga generelt, men at Oslo-buarar og unge menneske har vorte meir negative til sexkjøp. I Klassekampen fredag som var, peika Kotsadam på tre funn i forskinga på lovgjevinga: 1) Lova ser ut til å ha endra unges haldningar. 2) Det er ein definitiv samanheng mellom trafficking og prostitusjonslover . Land der det er lov med prostitusjon har mykje meir rapportert trafficking enn land der det er lover mot kjøp eller sal av sex. Det er til dømes mykje meir trafficking i Tyskland og Nederland enn i Sverige. 3) Talet på sjølvrapporterte sexkjøp har gått ned i Noreg sidan lova kom i 2009. Kva dette betyr i praksis, er vanskeleg å vita enno, men Kotsadam seier det ikkje finst tal eller funn som peikar i motsett lei.

Utanskjers ser no fleire og fleire til Sverige og Noreg når det gjeld sexkjøpslova. Ja, EU også. Oslo-ordørar Fabian Stang og byrådsleiar Stian Berger Røssland, begge frå Høgre, uttrykkjer sterk uro for kva det betyr for menneskehandel og for haldningane til prostitusjon dersom lova blir oppheva. For Noreg har altså, som Sverige, blitt eit mindre attraktivt land for prostitusjonsbasert menneskehandel. Det må då vera noko, sjølv for dei mest marknadsliberalistiske fridomsforkjemparane?

Ingen skal kunna kjøpa eit anna menneske eller kjøpa seg tilgang til eit anna menneskes kropp. Prostitusjonsindustrien er internasjonal og nådelaus, og eit menneskeliv i prostitusjonsindustrien har verdi berre i forteneste for hallikar og bakmenn. Sexkjøpslova er ikkje noko sesam-sesam i seg sjølv. Lova har vorte fylgd altfor dårleg opp med ressursar til sosialpolitiske tiltak og exit-strategiar for dei prostituerte. Likvel dannar lova ein botnplanka i arbeidet for kvinners og borns menneskeverd, ja, for alles menneskeverd. At evalueringsrapporten som byggjer på berre fem år med lova og med for knappe ressursar likevel påpeikar tydelege resultat, det er faktisk til å heisa flagget for –så la det gjerne koma fleire blåmåndagar for prostitusjonsindustri og menneskehandel!

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 13. august