Gernika – Srebrenica – Kobane?

I dagevis har fortvila bergensarar med opphav i Kurdistan askjonert over heile halve Bergen for å gjera oss andre bergensarar merksame på den desperate situasjonen til innbyggjarane i den kurdiske byen Kobane som ligg i Syria tett ved grensa til Tyrkia. Kobane er sett under massivt åtak av den såkalla Islamske Stat, IS/ISIS/ISIL som herjar, plyndrar og drep på barbarisk vis der dei fer fram. På få månader har den sunnimuslimske terrorgruppa skaffa seg solide fotfeste i store område i Irak og i Syria som dei har kontrollen over. Dei har rykt fram som ein hær – og omgruppert seg meir i lei av geriljaverksemd etter bombeaksjonane som USA leier.

IS bryr seg alldeles ikkje om nokon krigens folkerett. Dei har moderne våpen, erobra i Irak og Syria, dei har sterk motivasjon – og to månader med bombing har stagga framrykkinga deira noko, men slett ikkje monaleg. No ser det ut som om kurdisk milits kjempar frå gate til gate i byen Kobane. Frå den tyrkiske grensa har både tyrkiske militære og andre orkesterplass til krigen som utspelar seg i grensebyen. Det er nesten som under krigane før også krigen var industrialisert; og tilskodarar rigga seg til og fylgde dagens slag. Men i Kobane snakkar vi ikkje om slag mellom likeverdige partar. IS har vorte omtala som verdas rikasste terroristar. For litt sidan skreiv Bjørgulv K. Bjåen i Vårt Land (med m.a. avisa The Guardian som kjelde) at terrorgruppa har inntekter på nesten 20 millionar kroner dagen. Det er Davids kamp mot Goliat som går føre seg i Kobane. Og i alle fall så lenge ikkje FN får mandat frå Tryggingsrådet til å verna innbyggjarane der.

Nyleg åtvara FNs særskilde utsending i Syria (m.a. i Berlingske Nyhedsbureau 11. oktober), Staffan de Mistura, om at kampen om den syriske grensebyen kan enda som massakren i Srebrenica. Screbrenica var blant dei byane FN erklærte for sikkert område under den jugoslaviske borgarkrigen. Likevel vart byen erobra av bosnisk-serbiske styrkar som gjennomførte etnisk reinsing og krigens største massakre på opp imot 8000 muslimske menn og tenåringsgutar . Tusenvis av menneske vil, seier de Mistura, «højst sandsynligt» bli drepne dersom IS tek kontroll over byen. FN meiner at 700, primært eldre, menneske er fanga i sjølve byen, og endå 12.000 skal vera flykta utan å ha kome seg over grensa til Tyrkia. 11. oktober meinte FNs spesialutsending: « Hvis dette går galt, så vil de 700, plus måske de 12.000 personer, udover de kæmpende, højst sandsynligt blive massakreret.»

Dei kurdiske bergensarane her i Bergen har bede bystyret appellera til norske styresmakter om å utøva internasjonalt press slik at Tyrkia ikkje stengjer for at kurdarane i Kobane får forsvara seg – og om å trappa opp den humanitære bistanden. Alle partigruppene i bystyret har samla seg om dette. Ein kan sakte spørja kva ei slik fortvila oppmoding frå eit bystyre, om enn i Noregs nest største by, betyr i ein innfløkt internasjonal situasjon. Men slike brev og fråsegner er lokaldemokratiets verkemiddel når det gjeld å seia ifrå.

Kurdarane kjempar sin frigjeringskamp i fire ulike land. Det er ein rettkomen frigjeringskamp. Det finst ikkje eit fritt Kurdistan. Mellom anna gamle koloniherrars grensedraging inkluderte ikkje noko Kurdistan. I Tyrkia utgjer kurdarane ein stor minoritet (15% av innbyggjarane om eg ikkje mishugsar meg), og Tyrkia har fare brutalt fram mot dei. No ber delar av det internasjonale samfunnet Tyrkia gripa inn overfor IS med bakkestyrkar for å forsvara Kobane Syria . Tyrkia for sin del ser Syrias herskar Assad som ein større fiende enn IS. Og vil alldeles ikkje ha delar av Tyrkia som del av eit Kurdistan. Slik har Kobanes innbyggjarar fått utdelt krigens Svarte-Per.

I Syria har den USA-leidde bombinga også vore retta mot andre opprørsgrupper attåt IS. Dette har, seier professor Knut Vikør ved Universitetet i Bergen, gjeve IS auka oppslutnad og allierte som før var motstandarar. Fåren er, som skreiv Vikør i Stavanger Aftenblad i går: «Farligast er kanskje at konflikten nå kan bli oppfatta som den gamle «USAs kamp mot islam.» Og Russland har framleis ikkje slått handa av diktatoren Assad i Syria.

Frå den spanske borgarkrigen minner Picassos kunstverk Guernica om brutaliteten byen Gernika vart utsett for og som ei formaning om det som aldri måtte skje igjen. Det var før 2. verdskrigen. Og lenge før folkemordet i Screbrenica i 1995. Slik sett er det mange lagnadstunge liner som kan trekkjast frå Kobane og attende i historia. Heilt sikkert fleire enn eg har nemnt her, i denne vesle spalta som er meint som eit aldri så lite handslag til bergensarane frå Kurdistan. Dei som i desse dagar ber om merksemd og støtte som kan hindra at Kobane vert endå ein by i den lagnadstunge rekkja der Srebrenica så langt har vore den siste.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 15. oktober