Med bibiliotek kan framtida byggjast

Tenk om kulturministeren hadde vore like oppglødd for biblioteka som ho er for OL! Og tenk om alle riksmedia (det er slike som kjem ut i Oslo som litt misvisande heiter det) hadde gjeve like mykje spalteplass til bibliotekdebatt som dei gjer for å vri folkemeininga i favør av eit monster-OL i Oslo! Tenk om! Ja, tenk no berre om byrådet i Bergen hadde lagt sjela si like intenst i biblioteka våre som dei gjer i å konkurranseutsetja omsorgstenestene i kommunen! Tenk om!

Bibliotekfilialen på Laksevåg vart lagd ned som fylgje av nedskjeringane Mæland-byrådet gjennomførte då dei tok seinhaustes 2003.  Alle år seinare har bebuarane på indre Laksevåg kjempa for biblioteket sitt. Dei gløymer ikkje. No har dei til og med starta opp lesestunder  for born med stappfulle hus gong etter gong. Bøker og bollar på ein laurdag. Det let seg høyra! Og i Arna skulle dei så gjerne hatt bibliotek både i Indre og Ytre Arna. Det er då ikkje stormannsgalenskap?

Bøker er magi. Eg er så gammal (kjære folk) at eg er oppvaksen den gongen det var få bøker i dei fleste hus. Men skulebibliotek, det hadde vi: Eit kvitt hengjeskåp i skulestova på Eikemo – om lag ein kvadratmeter stort.  Der stod dei: klassikarane. Og innbundne årgangar av Norsk Barneblad. Eller kanskje det var i skulebiblioteket på Markhus dei hadde nett dei? Dei hadde nemleg eit eige rom med skulebibliotek på Markhus, meiner eg å hugsa, eller i alle fall eit mykje større skåp. Fotside hyller og ikkje hengjeskåp.

Biblioteka, både skulebiblioteka og folkebiblioteka har betydd useieleg mykje for (ut)danninga av generasjonar nordmenn. Framleis i dag er biblioteka den kulturinstitusjonen som når flest. Og biblioteka har for lengst gått inn i si tid og byr på stadig nye og digitaliserte tenester. Aviser og tidsskrift kan ein lesa der om ein ikkje har råd til å kjøpa dei sjølve. Det er viktig, i folkeopplysningas og demokratiets namn!

Den såkalla innkjøpsordninga, innført i 1965, har vore ein berebjelke for innkjøpsordning av litteratur til folkebiblioteka. Innkjøpsordninga omfattar årleg over ein halv million eksemplar, med eit budsjett for 2014 på 116 millionar. Under ordninga kjøper Kulturrådet inn eit visst tal bøker i ulike sjangrar, 1000 eksemplar av skjønnlitteratur for vaksne og 1550 for born og unge. Ordninga er tufta på frivillige avtalar mellom Kulturrådet og organisasjonane i bokbransjen.

Med nyeregjeringa i fjor kom også ein ny litterturpolitikk: kuttpolitikken. Kulturminister Torhild Widvey kutta ti millionar i støtta til litteraturen – og Kulturrådets fagutval for litteratur vart sett til å evaluera innkjøpsordninga – med kuttet som bakteppe og grunnlag.

Sist torsdag vart fagutvalets førebelse  forslag til endringar, dvs kuttforslag!  lagde fram i Kulturrådet. Viktigaste endringa utvalet foreslår, er å redusera talet på eksemplar av bøker i dei såkalla automatiske ordningane innan skjønnlitteratur – med 200 til 300 i kategoriane for både vaksne og born.  Eit slikt kutt er i strid med ein litteraturpolitikk som skal rekruttera nye lesarar, sa Kristin Danielsen, biblioteksjef ved Deichmanske bibliotek i Oslo, i avisa Klassekampen i går: «Det er spesielt problematisk  at barne- og ungdomsbøker kuttes, siden de er blant de mest populære bøkene. Vi hadde ærlig talt trodd at denne gruppen skulle skjermes…. Ikke minst når vi har forskning som viser at lese- og skrivekompetanse er helt avgjørende for å kunne mestre livet som voksen.»

Bøkene i ordninga vert distribuerte til landets 743 folkebibliotek og filiar, skriv Klassekampen.Av kvoten som no altså er på 1550 barne- og ungdomsbøker, er 550 tiltenkte skulebibliotek.  Anne Oterholm, som er leiar for «kuttutvalet» , meiner det ikkje er sikkert at skulebiblioteka treng så mange bøker. Ho peikar med rette på at mange skular ikkje har ressursar til å formidla «den formidable bredden» av bøker som kjem inn: «På en skole hvor det for eksempel er en lærer som har jobben som skolebibliotekar ved siden av ordinær undervisning, sier det seg selv at kapasiteten er begrenset.». Oterholm hadde likevel helst sett at skulebibliotekordninga kunnes skjermast, sa ho i Klassekampen i går – og vonar at regjeringa kan koma med «et skikkelig løft» på det komande statsbudsjettet. Ja, det meiner eg sanneleg min hatt er einaste rette medisin!

Styreleiaren for Norsk bibliotekforening, Mariann Schjeide, er open for at innkjøpsordninga kan reviderast, men ser svart på kutt i barne- og ungdomsbøker . Skulebiblioteka har nemleg opplevd store nedskjeringar som fylgje av tronge kommunebudsjett, og skulebiblioteka er meir enn nokon andre avhengige av innkjøpsordninga.

Barne- og ungdomsbøkene frå innkjøpsordninga har svært høg utlånsfrekvens, som det heiter – og utgjer grunnstamma i tilbodet til skulebiblioteket. Skreiv Klassekampen i går.

Det verkar alldeles meiningslaust av regjeringa Solberg å kutta i barne- og ungdomslitteraturen. Eg kan ikkje for at eg får ein særleg dårleg smak i munnen når eg samanliknar desse kutta med intensiteten og arbeidsmetodane som nesten hemningslaust vert brukte på å få monster-OL til Oslo. IOC opptrer som ein overnasjonal herskar som skal fritakast frå skattlegging og få spesial-privilegium. Viss eg var Erna Solberg og Torhild Widvey, hadde eg ikkje våga å seia eitt positivt ord om OL før eg hadde sytt for å fjerna kutta til litteraturen. Nei til OL i Oslo-gryta – bygg heile landet med bilbliotek! Det meiner no eg.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 1. oktober

Publisert på nett: http://www.ba.no/meninger/article7615310.ece