Nokke for seg sjøl? Å nei då!

Om ei veke står omkampen om byromsreklame i bystyret. Den byromsreklamen bystyret sa nei til i 2005. Allereie er det opplese og vedteke at denne gongen kjem bystyrefleirtalet til å gå inn for å einsretta Bergens byrom etter dei internasjonale reklamegigantane sine konsept, anten det no vert Clear Channel eller JC Decaux som dreg lengste strået når anbodet skal avgjerast.

Det er Venstre, FRP, H og KrF som kjem til å syta for reklamevedtaket. Dvs.: KrF i fylkestinget er mot. Det er fylkestinget som denne gongen står for reklamesaka, for dei har ansvaret for kollektivtransporten. I 2005 var det bystyret åleine, i grunnen. Og då enda det med at berre Høgre og Framstegspartiet til slutt røysta for ein framforhandla byromsreklame-avtale med Clear Channel. No har Venstre snudd og går inn for å selja ut Bergens byrom (og andre også) til anten Clear Channel eller JC Decaux. Det er dei to som beint fram har fordelt verda mellom seg når det gjeld utandørsreklame. Ingen «små og snille». Her er det global einsretting og kommersialisering som gjeld. Bergen er Noregs einaste større by som så langt har halde byromma frie. Det betyr ikkje at vi ikkje har reklame. For det har vi. Men sjølve byromma er ikkje selde. Det er det Venstre, alldeles frivillig, Høgre og FRP vil syta for no. Og by-KrF er med på lasset gjennom byrådserklæringa dei har inngått med dei to høgrepartia.

Buss- og bybaneskur, bysyklar og offentlege doar. Det er gevinsten Bergen skal få. Ja, og så nokre judaspengar i storleik 10 millionar kroner i handa. Det synest marknadsføringsprofessorar er å selja Bergen for småpengar. Det synest SV også. Bergens byrom er eineståande. Det er ikkje berre vi som bur her som meiner at Bergen er «nokke for seg sjølv.» Det meiner eine reiselivseksperten føre og hin etter.

Dessutan handlar det ikkje einast om reiselivet. Det handlar framfor alt om oss som bur her, heile tida. Det handlar om vår livskvalitet. Ikkje minst born og unges livskvalitet. Vi veit dei er ekstra sårbare for reklamens påverknad. Kroppspress og kjøpepress rammar born og unge i ekstrem grad. Eteforstyrrelsar er ein dramatisk, helsefårleg diagnose som kan gå på livet laus. I går etterlyste Mina Finstad Berg, generalsekretær i Sosialistisk Ungdom, ein nasjonal handlingsplan for å bekjempa eteforstyrrelsar. «Kjære Bent Høie. Jeg vet det vil koste mye penger. Men det vil være uendelig mye dyrere å gjøre ingenting.» Skreiv Mina i Aftenposten, med eigne tunge erfaringar i ryggsekken.

Byromsreklamen er ein politisk, ideologisk inntertiar – på den måten at høgresida har fått Bergens manglande bysyklar, offentlege doar og dels busskur til å handla om at vi ikkje har reklameavtalar med Clear Channel eller JC Decaux. Det er godt gjort, det skal dei ha. Og Venstre har kapitulert og vorte med på køyret. For sjølvsagt er korkje bysyklar eller doar eller busskur avhengige av reklamepengar. Bysyklar og bymøblar /leskur høyrer då naturleg heime i Bergensprogrammet til liks med sykkelvegar og vegar og bybane! Kvifor i all verda ikkje? Og tru meg, det er ikkje desse tiltaka som vil føra til auka bompengar i tikroners-klassen. Nånei!

Oslo har byromsreklame. Og seks utandørs offentlege doar. No vil Oslo bystyre utvida ordninga til 20 doar frå åtte, 3000 bysyklar frå 1300, 1000 leskur frå 700. Rett nok har ikkje Oslo-byromma Bergens kvalitetar. Det trur eg jamvel Oslo-folk vil vera samde i . Men likevel. Med dei nye planane ropar til og med sjefen for Clear Channel i Noreg, Mats Lundquist, varsku. Han seier dei vil bli nøydde til å «pepre Oslo med reklame» for å greia å tena pengar med vilkåra som skal koma. «Om Oslo får denne mengden utendørsreklame, tror vi fort det kan bli negativt,» sa utviklingsansvarleg i Clear Channel til Osloby i april. Ikkje veit eg kva bakgrunn Clear Channel har for utspelet sitt, men det ser ut til dei fryktar at utandørsreklamen skal bli for upopulær. Rett og slett. I så fall vert ikkje reklamen lønsam. Og for Clear Channel er det sjølvsagt det einaste som tel – når alt kjem til alt.

SV har foreslått at byrådet i Bergen prøver å få til «do-avtalar» med lang- og døgnopne kioskar om offentlege toalett. Bensinstasjonar har toalett. Kafear og skjenkjestader også. Så kvifor ikkje dei langopne kioskane? Må ikkje dei kunna ta såpass til samfunnsansvar, dei som sel så rikeleg av det vi tek inn ? I det minste inngå i eit spleiselag med kommunen? Så får kommunen vurdera om det i tillegg er behov for fleire «reine» offentlege doar. Eg skjønar at kiosk-bransjen eller NHO ikkje ropar hurra for forslaget. For doar treng jo plass som i dag kan brukast til salsvarer. Men kan dei ha moral til å seia nei om det kjem til stykket?

Eitt er i alle fall sikkert: Med utandørsreklame i Bergens byrom kjem Bergen til å bli mindre særeigen, meir einsretta, meir lik alle andre – og rett og slett: mindre Bergen. Mindre seg sjølv. Og mindre nokke for seg sjøl. Er byromsreklamen verkeleg verd det?

Oddny I. Miljeteig
På trykk i BA 11. juni
Kortere versjon på trykk i Klassekampen 17. juni