Trugsmålsbilete as usual.

Terror-trugsmålsbiletet frå og i det offisielle Noreg er definitivt attende ved det normale. Det vil seia der det var kl 15.15 den 22. juli 2011. Justisminister Anders Anundsen i lag med PST varsla, som heile Noreg og langt vidare veit, i pressekonferanse torsdag 24. juli klokka 10 at det låg/ligg føre eit konkret og tidsavgrensa trugsmål mot Noreg. Midt i ferietida, for å seia det litt teit. Sjølv var eg torsdagen nett der eg var 22. juli 2011: på ferie i Sømna på Helgeland, i det blidaste kystlandskapet på jord.

Eg har ein fjesbokven som politisk vedkjenner seg så langt til høgre som eg trur det er råd utan å bikka alldeles over. Timevis etter PST og justisministeren sin pressekonferanse, såg eg meldinga han hadde lagt inn på fjesbokveggen min:» Islams terrortrussel mot Norge! Nå er de i gang og verre blir det!» Fjesbokvenen får ha meg tilgjeven at eg gjev att meldinga her utan å spørja han. For det var mest som det lyste triumf av utsegna som han planta på sosialisten sin vegg. Dei langt der ute på høgresida likar aldri å bli minte om at den ideologien som etter andre verdskrigen har teke liv på norsk jord, det er den høgre-ekstreme, både den som var før og den som fann stad 22. juli. Kanskje med eitt unntak: Israelske Mossad som drap ein uskuldig kelnar på Lillehammer. Og så var det forlagsmannen William Nygaard som så vidt overlevde attentatet etter at Aschehoug forlag hadde gjeve ut «Sataniske vers» av forfattaren Salman Rushdie. Heldigvis, han overlevde. Heldigvis for alle som overlever, og for attentat og brotsverk som ikkje vert gjennomførte avdi dei vert oppdaga tidsnok av politi og etterretningsteneste! Men PST har vore blinde på det høgre auga, slik det vart sagt av så mange etter 22. juli, og ikkje «berre» av oss som tilhøyrer den politiske venstresida. For vi er politisk oppvaksne med overvaking – og etterretningstenesta overvaka heidersmannen Berge Furre jamvel då han var aktiv i Lund-kommisjonen!

No har Arbeidarpartiet varsla at dei vil gå i klinsj med haldningane som terroristen av 22. juli var runnen or. Eg håpar Arbeidarpartiet har styrke nok, og får støtte nok, til å gjera det, også etter 24. juli 2014, no når trugsmålsbiletet er attende til «det normale». Fjesbokvenen min hadde sjølvsagt feil. Trugsmålsbiletet både før og etter 22. juli har for PST sin del handla om trugsmål frå ekstrem-islam. Og 24. juli fekk PST presentera sine uspesifikke trugsmål med justisministeren i front på pressekonferansen. Eg vil tru det ikkje var berre eg som fekk eit backflash til dagen for tre år sidan, då Jens Stoltenberg stod med innbite alvor og talte til det norske folk om meir demokrati og meir openheit og at vi ikkje måtte gje etter for terror. For meg vart kontrasten ropande stor mellom den innbitne, manande Stoltenberg og 24.juli-pressekonferansen. Og eg meiner ikkje at PST skulle ha tagd stilt viss dei meinte dei måtte informera det norske folk. For meg var det justisministeren sin medverknad i pressekonferansen som gjorde dramaet. Og som framstod dubbelt dramatisk ettersom det vart klårare og klårare kor u-spesifikke trugsmåla var. NB: Eg seier ikkje grunnlause. Men eg er glad for at Kontrollutvalet for dei hemmelege tenestene gil gå gjennombåde PST og den militære etterretningstenesta sine arbeidsmetodar etter terroralarmen.

Justisministeren,framfor nokon,var det som skræmde opp det norske folk, det eg kan sjå. Ikkje media. Eg kjøper ikkje den, ikkje denne gongen. Men ja, eg meiner: skræmde opp. Når ungdommar på Møhlenpris kom springande heseblæsande heim, vitskræmde etter å ha høyrt smella frå Tall Ships Race-fyrverkeriet – for luftrommet over Bergen var då stengt? – ja, då har i alle fall duoen Anundsen-PST lukkast med å gjera folk årvakne. Om enn kanskje ikkje nett slik dei hadde tenkt? Eller? Når idrettslag og foreldre held attende fotballag frå Norway Cup, ja, då er statsministeren for seint ute med å bringa ro og tryggleik der hennar eigen justisminister har skapt uro og utryggleik. Politidirektøren oppmoda oss alle til å vera «årvakne», kva no det skal tyda for oss lekfolk uti etterretninga. Rett nok sa kong Olav fint og rett at han hadde fire millionar livvakter, men fem millonar Hardy-gutar og Nancy Drew som amatørdetektivar i lokalmiljøa, det minner om heilt andre stader og regime vi ikkje skal samanliknast med.

I det dette vert skrive, er trugsmålsbiletet tona ned. Og då tillet eg meg å gle meg over at den jamne Ola og Kari denne gongen har møtt den jamne muslim utan den hets og sjikane som kjenneteikna dei mørke ettermiddagstimane 22. juli 2011. Konvertitten Yousef Assidq frå Minotenk seier til NRK at det norske samfunnet heller har møtt det muslimske miljøet med sympati. Dessutan seier han: «Norsk politikk og de norske verdiene gjør det veldig vanskelig å være ekstremist i Norge. Fordi det er veldig lite å hate.»

Eitt av dei fremste kjenneteikna på det norske samfunnet er faktisk tillit. Tillit, ikkje frykt. Frykt og tillit kan ikkje sameinast. Difor var Jens Stoltenberg si innbitne ro frå 22. juli 2011 så uendeleg viktig. Erna Solberg var frampå og kritiserte han for leiareigenskapar i etterkant, mon var det i stortingsvalkampen. Eg vil rå henne til heller å ta seg ein time hos Jens Stoltenberg om korleis ein må leia når det verkjeleg gjeld. Og ho må gjerne ta justisministeren sin med seg. Imedan er det fem fotballag som ikkje våga å reisa til Norway Cup. Men trugsmålsbiletet frå før 22. juli 2011 er på plass att. Eg håpar ytre høgre ikkje har grunn til å gle seg over det.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV
På trykk i BA 30. juli