Forside
21. mars 2019 – Oddny på onsdag
Rett til barnehage i skulekrinsen set borna fyrst – slik som i grunnskulen. Barnehage i skulekrinsen kan vera sjølve botnplanken i nabolagsbyen.
16. mars 2019 – Oddny på onsdag
Å påberopa seg fattigdom når ein frivillig lever i ei slags nøktern sparsemd, det er det ultimate sviket og den ultimate fornedringa av fattigfolk.
6. mars 2019 – Oddny på onsdag
Kvar gong noverande statsminister ser høve til å få utvida sitt parlamentariske grunnlag, kastar ho abortlova i potten som om det var poker ho skulle spela.
27. februar 2019 – Oddny på onsdag
Høgre i Bergen, koss i all verda kom de på at tiggeforbod skulle vera ei god sak i valkampen for eit verdikonservativt parti?
20. februar 2019 – Oddny på onsdag
Viss vi ikkje sprengjer taket for den usle norske flyktningepolitikken, då er vi med og kvitvaskar ein rå og inhuman politikk som eg slett ikkje vil vera ein del av.
13. februar 2019 – Oddny på onsdag
Privatbilismen si historie i Noreg er ikkje meir enn eit halvt århundre. No er det nye transportmåtar som trengjer seg fram – og vi må sleppa dei fram.
6. februar 2019 – Oddny på onsdag
Ein kan aldri vera sikker. Men eg ser ikkje for meg eit einaste bystyrefleirtal som no, etter alle desse åra, etter alle ulukkelege historier om ulukkelege menneskje, vil vera kynisk og arrogant nok til å setja stopp for bustadløftet for personar med utviklingshemming.
24. januar 2019 – Ukategorisert
Fredag kl. 16.00 - 17.00 inviterer vi nye medlemmer til Pygmalion Cafe. Hit kommer også Kari Elisabeth Kaski, stortingspolitiker for SV, og leder for Bergen SV, Steinar Nørstebø.
23. januar 2019 – Oddny på onsdag
Lytt mest til dei som har minst, og gje folk høve til å bestemma over eigne liv. La ikkje minst kvinner høve til å bestemma over eigne liv. Det var utgangspunktet for den «gamle» kvinnekampen, det var utgangspunktet for den nye kvinnekampen frå slutten av 60-talet – og det er utgangspunktet for kvinnekampen no i dag.
16. januar 2019 – Oddny på onsdag
Rosa Luxemburg var talskvinne for det vi i dag vil kalla sosialisme nedanfrå. Ho avviste tanken om at sosialdemokratiske parti skulle vera toppstyrte. Ho argumenterte for ein demokratisk veg for den politiske venstresida .
9. januar 2019 – Oddny på onsdag
Det er mi von at vi som byfolk vil erkjenna verdien av matjorda – om vi er storby aldri så mykje. Kan hende nett difor! Vi kan ikkje eta asfalt. Eller husa våre. Eller industribygg.
19. desember 2018 – Oddny på onsdag
Ingen skal måtta kjenna på ei audmjukande takksemd ved å ta imot hjelp. Å yta etter evne og ta imot etter behov er ingen forgangen klisje, men målet for ein sosialt utjamnande stat og kommune.