KS til stryk

KS – denne interesseorganisasjonen for norske kommunar – har stroke på sin viktigaste eksamen:  dei har ført skule-Noreg ut i ei lang og vedvarande tillitskrise. Krisa er på ingen måte slutt ved streikeslutt, og framleis veit vi ikkje om lærarane røystar nei eller ja til det framforhandla forslaget, sjølv om alle involverte lærarforbund har tilrådd ja.

KS si handtering av tariffoppgjeret er ein skandale. Når Høgre-ordførarar står fram på rad og seier at skulda for brotet i tariffoppgjeret er KS si åleine, ja,  då har KS-leiinga spela falitt.

Kristin Clemet var det som i 2004 førte over forhandlingsansvaret for skulen frå staten til kommunane – med eit tastetrykk. Lærarane var knallhardt imot – og mange fleire også. Sjølv om det er ein tydeleg logikk i at det er kommunane, som eig og forvaltar skulane (og fylkeskommunane vidaregåande), som også skal ha arbeidsgjevar- og forhandlingsansvaret. Det har jo kommunane for dei kommunetilsette elles. Så kvifor ikkje lærarane også? I prinsippet skil jo ikkje skulen seg frå barnevern, eldreomsorg, sosialteneste? Nei, ikkje i prinsippet.  Og eg er sanneleg min hatt ikkje sikker på kva som i eit overordna perspektiv er rette forhandlingsmotparten for lærarane.

Det som diverre er sikkert, er at KS-leiinga i pure trass, staskap og prestisjerytteri har laga skule-Noreg om til ei tariffpolitisk slagmark og grave djupe skyttargraver mot lærarane.  I verste fall er utviklingsarbeidet i skulen sett årevis attende nett avdi lærarane  ikkje kjem til å ha tillit til arbeidsgjevarsida. Ikkje nasjonalt – og ikkje lokalt.

Lærarstreiken i år var ikkje ei vanleg arbeidskonflikt. Lærarstreiken vart eit yrkesopprør.  Lærar-Noreg  er djupt og inderleg forarga på KS sitt diktat om å styra meir av arbeidstida  og det faglege handlingsrommet.  Der heile arbeidsgjevar-Noreg elles ropar på fleksibilitet, der vil KS diktera  snart kvart minutt av lærarane si arbeidstid, på tvers av all sunn fornuft.  Diktat og disiplin synest å vera KS sine mantra, mistillit til lærarane sine faglege kunnskapar og integritet og evne til å jobba sjølvstendig føresetnaden. Fleire studieplassar enn vanleg står tomme ved lærarutdanningane denne hausten.  Mange seier dei vurderer framtida si som lærar. Ja, kva hadde KS forventa?  At kallet til å bli – og forbli – lærar skulle trumfa dei mest bisarre utspel frå KS? Det handlar altså ikkje om eitt tariffoppgjer, det handlar om korleis skulekvardagen skal organiserast for tiår frametter. Og: Om lærarane skal få lov til å vera myndiggjorde yrkesutøvarar med samfunnets tillit.

Skulen er ein av våre viktigaste samfunnsinstitusjonar. Lærarane gjer ein av samfunnets aller viktigaste jobbar. Ein god skule er nøkkel til å nedkjempa sosial ulikskap og fattigdom, fridom for den einskilde og for den del: framtidig verdiskaping.  KS tapte arbeidskonflikten. Men: ingenting tyder på at KS har skifta line. Tvert om har styreleiar Gunn-Marit Helgesen proklamert at KS vil fremja dei same krava om auka styring (les: disiplinering!) i framtidige oppgjer. Det tyder på at vi står framføre ein langvarig konflikt mellom lærarane og KS.  Resultatet vil i så fall bli dårlegare rekruttering til læraryrket og i verste fall  varig motlause og frustrerte lærarar.  Taparane framfor nokon vil verta elevane, titusenvis og hundretusenvis av dei.  Dette er rett og slett ein svært alvorleg politisk situasjon som ikkje kan få halda fram. Det er dette som tel for å overføra forhandlingsansvaret for lærarane (tilbake) til staten.

Nasjonale utdanningspolitiske mål må liggja til grunn for organiseringa av skuledagen. Under streiken tok nesten alle parti på Stortinget (frå Høgre til SV) til orde for å styrkja lærarens styringsrett og faglege handlingsrom. KS lytta ikkje;  ville ikkje og kunne ikkje.  Ikkje i det heile.  Det kan ikkje vera slik at KS overstyrer Stortinget eller for den del regjeringa. Og no er det slik at veljarane kan kasta både Storting og (med det) regjering – men alldeles ikkje KS-styret. Hovustyremedlemene i KS er rett nok valde med utgangspunkt i partitilknyting, men dei representerer korkje ein kommune eller eit parti direkte. KS opererer nærast som eit foretak, eller ein slags organisasjonspolitisk blindtarm!  Det er såleis all grunn til å stilla spørsmål ved den demokratiske legitimiteten til KS.  Dessutan er det heilt umogleg å ha ei vedvarande tillitskrise i skulen. Heilt umogleg. Det er like umogleg å sjå at KS vil eller er i stand til å atterreisa tillita frå skule-Noreg.

Eg har ingen illusjonar om at eikvar regjering vil vera læraranes handgangne  ven. Staten som arbeidsgjevar er ingen raud løpar for fagrørsla og dei tillitsvalde. Men staten er i det minste staten. Kven er eigentleg KS? Ja, sei det! Nett no  er KS den som nesten har rive norsk skule i fillebitar. Det står til stryk for ein arbeidsgjevar. Kan dei då ha forhandlingsansvaret for norske lærarar i framtida?

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 10. september

Publisert på nett: http://www.ba.no/meninger/article7575985.ece