Appell på markering for arbeidsmiljøloven

Appell av Oddny Miljeteig

Kjære kameratar i alle forbund og samanslutningar!

Me står her for å markera kampen for eit velorganisert og regulert norsk arbeidsliv der tilsette ikkje er overlatne til arbeidsgjevars forgodtbefinnande når det gjeld løn, tilsetjingsforhold og arbeidstidsforhold.

Kameratar, me står her for å markera at lausarbeidarsamfunnet høyrer heime på historiens skraphaug og inga framtid har i eit moderne arbeidsliv. Det er ingenting moderne ved å vera lausarbeidar! Lausarbeidarsamfunnet høyrer historia til, til historia før fagorganisering, før fagforeiningar, før all arbeidarvernlovgjeving –og før Arbeidslivets grunnlov: Arbeidsmiljølova.

Arbeidsmiljølova – verdas beste i sitt slag? Men likevel ei minimumslov. Arbeidsmiljølova blir aldri betre enn samfunnskontrakten, enn styrkeforholdet mellom arbeid og kapital tillet, enn styrken til fagrørsla i allianse med framtidsretta, humane krefter.

«Oppmjuking», seier arbeidsminister Erikson frå partiet med det misvisande namnet Framstegspartiet – «oppmjuking» – og han høyrest alldeles ut som parodien på ei sosionomtante frå 70-talet, altså meg! Oppmjuking!

Kva er så mjukt med å jobba meirarbeid og overtid utan betaling? Kva er så mjukt med å jobba som vikar i dårlegare løna, tidsavgrensa stilling enn ei fast tilsett? Kva er så mjukt med å ikkje ha trygg inntekt? Kva er så mjukt med ikkje å få lån til bustad fordi du ikkje kan sjå lengre fram i arbeidsliv og løn enn til kontrakten din går ut? Kva er så mjukt med sosial dumping? Med ikkje å ha oppseiingsvern? Kva er så mjukt med aldri å vera løna i julehelg eller påske avdi mellombelse kontraktar går ut før langhelger? Fleire midlertidige stillingar betyr færre faste. Og nei: dei funksjonshemma kjem ikkje inn i faste trygge stillingar om arbeidsgjevar får lov til å tilsetja fleire midlertidig. Difor betakkar FFO seg for å bli tekne til inntekt for Erna Solberg og Robert Erikssons mjukheit! Ja, sjølv ikkje NHO har tru på at gjennomkommersialisering av attføringsapparatet vil gje fleire yrkeshemma fast jobb. Ikkje eingong NHO, kameratar!

Kva er så mjukt med å erobra søndagen som handledag? «Thank the unions for the weekend!» Ja, takk gjerne fagforeiningane for helga – og Vårherre for sundagen! No vil den KrF-innsette regjeringa gjera sundagen om til ein gjennom-kommersiell dag – og ta frå fagforbunda godkjenningsordninga for ekstreme og helseskadelege arbeidstidsordningar. Fordi? Fordi forhandlingsrett er sterkare enn lokal drøftingsrett, sjølvsagt! Det er då einkvar tillitsvaldes ABC! Lengre arbeidsdagar betyr fleire feil på arbeid, fleire arbeidsulukker, auka helseplager – og fleire uføre! Det er rein kollektiv fornuft. Men høgresida og arbeidsgjevarsida deltar sjeldan i den kollektive fornuft. Så er det dette høgresida meiner med oppmjuka, framtidsretta arbeidslivspolitikk?

Me veit koss det er, det Erna Solberg og Robert Eriksson vil. I Frankrike var 83,7% av alle tilsetjingar i siste kvartal i fjor mellombelse. I Tyskland aukar dei fleksible tilsetjingane – og en fjerdeldel av alle tilsette vert løna under 9,15 Euro for timen. 9,15 Euro for timen – det måtte vel vera høveleg timebetaling for ein arbeidsminister som vi skal sørgja for sit på oppseiing, det! Eller?

Kameratar: Lausarbeidarsamfunnet høyrer historia til. Arbeidsmiljølova er ein botnplanke for framtida. Våre born og barneborn har ikkje råd til at vi taper kampen om Arbeidsmiljølova – og vi skal syta for at også Robert Eriksson snarast råd kan gå til ei fast stilling med oppseiingsvern og regulerte arbeidsforhold. Sjølv han. Snarast råd. Anten han vil eller ikkje. Leve Arbeidsmiljølova!

Frå markering 23. september, på Torgallmenningen