Det er nok bønder i byn, Listhaug!

Noko meir urbant enn Dagbladet på leiarplass er vanskeleg å finna. Difor tenkjer eg ein skal lesa nøye når Dagbladet oppmodar til landbruksopprør (!) mot regjeringa og landbruksminister Sylvi Listhaug.

 

«Det avgjørende spørsmålet er om Norge skal ha en langsiktig landbrukspolitikk som bygger på selvforsyning, matvaresikkerhet og utfordringene fra klimakrisen. FNs klimarapport anslår at den globale matproduksjonen kan komme til å reduseres med to prosent hvert tiår, samtidig som behovet for mat vil øke med 14 prosent i samme periode. I dag er 60 prosent av det vi spiser produsert i land utenfor Norge. En landbrukspolitikk som baserer seg på sentralisering og økt import fordi det er prisgunstig for forbrukerne, er uansvarlig, farlig og kortsiktig. Et opprør mot regjeringens landbrukspolitikk bør derfor få tilslutning fra flere enn bøndene.»

Noko meir urbant enn Dagbladet på leiarplass er vanskeleg å finna. Difor tenkjer eg ein skal lesa nøye når Dagbladet oppmodar til landbruksopprør (!) mot regjeringa og landbruksminister Sylvi Listhaug. Mange hadde nok vona at Listhaug var ute i fri dressur og at statsministeren ville setja henne på plass når det galdt. Men nei då. Erna Solberg har stilt seg bak Listhaug, om mogleg endå tydelegare enn bak det kinesiske kommunistpartiet i Dalai Lama-saka. Når du høyrer Sylvi Listhaug i radio og fjernsyn tura fram overfor bønder og småbrukarar, så er det med statsministeren si fulle velsigning.

Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget har brote forhandlingane med staten etter at Listhaugs undersåttar la fram eit minimalistisk «tilbod» på 150 millionar kroner, inklusive 250 millionar i tilskotskutt. For å vera på den sikre sida, har Listhaug understreka både ein og to gonger at regjeringa ingenting meir har å gje. Venstre og KrF, dei som er garantistane for at regjeringa har fleirtal i Stortinget, har bede «partane» gå attende til forhandlingsbordet. Det er ein merkeleg manøver frå to parti som begge har gjort seg høge og mørke i landbrukspolitikken. Ingen av dei har så langt våga å svara på om dei kan koma til å støtta regjeringa dersom tilbodet i landbruksoppgjeret skal røystast over i Stortinget.

Stortinget har ikkje tradisjon for å overprøva regjeringa ved brot i landbruksforhandlingane. Difor sit regjeringa radt med bukta og begge endane når bondeorganisasjonane finn at det er uråd å gå vidare med staten. Men årets forhandlingar er ikkje «mainstreams». Listhaug vil ikkje i reelle forhandlingar. «Eit diktat»,seier LO-leiar Gerd Kristiansen (Nationen 16. mai) – og ho har greie på forhandlingar – og stiller LOs 890.000 medlemer bak bondeorganisasjonane. FRP vil fjerna jordbruksavtalesystemet og med det forhandlingane. At Listhaug prøver seg med diktat, er såleis i tråd med FRPs program, men ikkje med samarbeidserklæringa mellom H, FRP, V og KrF: «Avtaleinstituttet i landbruket opprettholdes, og det legges vekt på forutsigbarhet og reformer som skal gi økt lønnsomhet,» står det i den. Ikkje rart at leiaren for KrFU, Emil Andre Erstad, seier seg kraftig provosert av måten regjeringa har handtert jordbruksoppgjeret på. Han åtvarar mot konsekvensane dersom ikkje regjeringa snur:»KrF og Venstre er i ein skvis sidan ein ikkje vil øydeleggje forhandlingsinstituttet. Eg reagerer sterkt på at Listhaug utnyttar det som ei brekkstong for å tvinge gjennom eit dårleg tilbod. Det er urovekkjande og veldig provoserande,» sa Erstad til Nationen 16. mai.

Sylvi Listhaug har sagt ho vil ha større bruk og satsa på heiltidsbonden. Det betyr strukturrasjonalisering og at små (deltids)bruk skal bort. Sjølv om familiejordbruket er ryggrada i både det globale og det norske landbruket. KrFU-leiaren meiner regjeringa «tek utgangspunkt i ein teoretisk drømmebonde som ikkje finst» – og at landbruksministeren «ikkje tek næringa på alvor og går til open krig på alle frontar.»

Mat er ikkje ei kva som helst vare. Landbruk er ikkje ei sak for spesielt interesserte. Landbruksforhandlingane har vorte framstilte som totalt uskjønelege for alle andre enn nokre svært få innvigde i forhandlingssystemet. Og så statsråden då, kanskje. I Dagbladet måndag gjekk to tillitsvalde frå organisasjonen «Spire» i rette med ei slik mystifisering av jordbruket. Landbruket «handler tvert imot om normale folk som deg, og ikke minst om maten du spiser hver dag,» skreiv Mari Gjengedal og Nora G. Bækkelund på kronikkplass. Listhaug sitt tilbod til bøndene «er aktiv dødshjelp til norsk landbruk slik vi kjenner det». «Regjeringen legger nemlig opp til et mer industrialisert landbruk hvor stadig mer av maten produseres på importerte for-råvarer fra Brasil.» Difor, skriv dei to frå Spire, er det den brasilianske industri-storbonden som kan gni seg i hendene – over «diktatet» som LO-leiaren kallar tilbodet frå regjeringa til norske bønder.

No har Karin Andersen, landbrukspolitisk talskvinne for SV, teke inititativ til eit forlik i Stortinget om rammer for jordbruksoppgjeret. «Stortinget må ta ansvaret for norsk matproduksjon», seier Andersen. »Det er nødvendig at Stortinget legger noen overordnede rammer for både pengeoverføringer, struktur, dyrevelferd og miljø i landbruket Sylvi Listhaug må leggja fram eit tilbod for auka matproduksjon og landbruk i heile landet, meiner Karin Andersen. Så får vi sjå om KrF og Venstre tek ansvar for mat og landbruk, eller om dei fylgjer H og FRP på ferda.

For Sylvi Listhaug og Erna Solberg oppfører seg som om Noreg er sikra trygg, rikeleg og rimeleg mat til dommedags ettermiddag, uansett landbrukspolitikk. Det er sjølvsagt tull. Men det er fatal politikk for mattryggleik, for familielandbruket og for levande bygder og det kulturlandskapet turistar frå inn- og utland valfartar hit for å sjå. «Det er nok bønder i byn – Nei til EU!» – sa Pøbler mot EU med glimt i auga i 1994. Og dei kalla seg «pøbler». Ja, Sylvi Listhaug, det gjorde dei!
Oddny I. Miljeteig

På trykk i BA 21. mai 2014