Ei dotter er ei dotter heile sitt liv

«Gud kunne ikkje vera alle stader heile tida. Difor skapte han mødrene.» Slik om lag går eit ordtak, eit gammalt jødisk, trur eg. Det rann meg i hugen då eg i går tidleg høyrde på radioen om at eldre som treng heimetenester, vil få  mindre hjelp dersom dei har døtrer enn om dei har søner.  Så kanskje burde ein døypa om ordtaket? «Gud kan ikkje vera alle stader heile tida. Difor skapte han døtrer.» Eller: «Søner kan ikkje vera alle stader heile tida. Difor skapte Gud døtrer.» Eller: «Kommuneøkonomien strekkjer ikkje til. Difor skapte Gud døtrer.» Eller: «Kommunen prioriterer ikkje eldreomsorga. Difor skapte Gud døtrer.» Noko slikt?  For det er som kjent vi kvinner som har simultankompetanse og det som meir er; evna til å jobba dubbelt og trippelt.

Eit ordtak til famla eg litt før eg fann fram til: «En datter er en datter hele sitt liv. En sønn er en sønn til han finner sin viv.»  Hmmm. Og så eg då, som har to søner og «berre» ei dotter. For ikkje å snakka om svigermor, som hadde fem søner og ei dotter!  Det må altså seiast at ho var den beste svigermor som har gått i to  sko, og eg trur aldri ei einaste av oss fem svigerdøtrene har sagt eit vondt ord om henne – og det er heilt sant.  Svigermor var sjølvstendig og iherdig sjølv når helsa svikta – og greidde seg utan heimetenester mest heilt til det siste.  Med fem søner, fem svigerdøtrer  og ei dotter. Og ein svigerson.

Ordtaka er forresten interessante, dei. Dei fortel oss mykje om livsvisdom og historiske sanningar. Difor googla eg ordtak om dotter.  Eg fann det ovannemnde, og så fann eg fire til, meir sitat enn ordtak, men likevel:  «Takk, min datter! I ditt vesen strømmer munterhetens kilde.» Opphav: Andre Bjerke.  «En datter er mer verd enn gull, edelstener glimter matt mot hennes kjønnhet.» Ukjent opphav. Men det er ikkje småtteri. «Like vakker som søt! Like ung som vakker! Like myk som ung!» Edward Young, visstnok. Eg tykkjer det er ei noko eindimensjonal skildring av døtrer.

Ingen slår likevel sjølvaste William Wordsworth, den gamle engelske diktaren: «En perfekt kvinne, edelt planlagt, til å advare, til å trøste, og til å kommandere.» Mon det er Wordsworth norske kommunar har forlese seg på når dei tildeler mindre hjelp i heimen til gamle foreldre som har døtrer –  jamvel  om Wordsworth døydde i 1850?

For det er altså slik, og det har sjølvaste Norsk Institutt for oppvekst velferd og aldring (NOVA) forska på,  at er mor di hjelpetrengjande, vil du som son få to timar meir i hjelp frå det offentlege for veka enn om du er dottera i familien. Dette utgjer faktisk 25% meir – for ei mor med ein son enn ei mor med ei dotter.

Undersøkinga NOVA har gjort viser også at det ikkje berre er kjønnet på borna som gjev utslag. Dersom den hjelpetrengjande hadde vore ein mann, ville han ha motteke 19% meir offentleg omsorg enn om hadde vore kvinne med dotter.

I fylgje forskarane viser dette at eldre hjelpetrengjande sin familiesituasjon vert teken med i vurdering av behov og tildeling av heimetenester.  I Bergen skjer dette heilt tydeleg når det gjeld tildeling av brukarstyrt personleg assistanse, BPA. Ikkje minst Guri-Anne Nesdal Egge har sett søkjelyset på dette gjennom å la media få innsyn i sin situasjon og si sak. Byombodet meiner hennar sak ikkje er eineståande.  Om det finst kjønnsskilnader i BPA-tildeling, det har vi ikkje kunnskap om.

Uansett er målet at universelle velferdsordningar skal tildelast etter brukarens individuelle behov – og slett ikkje etter kjønn, det vere seg hos brukaren eller hos pårørande.  Ei forklaring på skeivdelinga av tenester kan vera, meiner forskarane, at den som står for tildelinga har ulike forventningar til kjønna med omsyn til kor mykje uformell omsorg dei kan utføra. Ein forventar altså at døtrer skal yta meir . Dette kan føra til at det offentlege tilbodet vert redusert, fryktar NOVA-forskar Niklas Jakobsson. Dessutan viser forskinga at «kvinner som yter uformell omsorg i et omfattende omfang har lavere sannsynlighet for å være i jobb.»  (NOVA sine nettsider.) Overraska? Ikkje eg. Den gamle Adam for nektar seg ikkje.

For ordens skuld: Eg meiner ikkje at familie ikkje skal yta omsorg til hjelpetrengjande foreldre og andre familiemedlemer.  Å yta omsorg er ein del av det å vera menneske.  Vi får omsorg når vi er små, og vi både gjev og får når vi er vaksne.  I alle generasjonar og til alle tider har det vore slik. No også. Sjølv om kvinners yrkesdeltaking ligg hakk i hæl på menns, yter søner, døtrer og for den del besteforeldre mykje uformell omsorg.  Hadde vi hatt stuttare normalarbeidsdag, kunne vi ha stilt endå meir opp for kvarandre.  For all omsorg kan ikkje vera betalt omsorg. Det har ingen ynskt, og slik kjem det heller aldri til å bli. Men ein ting er eg viss på: omsorgsrevolusjonen som medførte at kvinner gjekk frå ubetalt omsorg i heimen til betalte omsorgsyrke utanfor heimen, den revolusjonen har vore til ekte velsigning.  Det har funnest mange ulukkelege døtrer og svigerdøtrer som opp gjennom tidene var låste til omsorgsoppgåver overfor foreldre, svigerforeldre og andre nære slektningar.  Forholdet var heller ikkje enkelt for dei som var avhengige av hjelpa.

Å verta frigjorde frå tvang i omsorg er eg viss på har gjort mange familierelasjonar lukkelegare. Ikkje noko mindre: lukkelegare. Det må norske kommunar ta til fylgje når hjelp skal tildelast hjelpetrengjande, også dei som har døtrer.  Og sjølv når den blå-blå kommuneøkonomien kjem til å strama seg endå meir til.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 3. desember

 

Kan også leses her: http://www.ba.no/meninger/article7718955.ece