Flaks og arv – eller like mogelegheiter?

«For sale» står det på hundrevis av bustader som vi ser på vår ferd rundt omkring i England. Og vi rek nokså mykje, når sant skal seiast. Somme få gonger ser vi gladskiltet «Sold! » – og då er det som om vi kjenner gleda, vi som absolutt ikkje har noko med det, også!

Berre så det er sagt: Det er i byar av ymse storleikar vi ser alle desse skilta. Det er altså ikkje den engelske sentraliseringa, som er sentralisering like god /dårleg som all anna sentralisering, som gjer seg gjeldande.

No om dagen, som i framtida, er det som kjent i byane at folkeveksten skal koma. I Noreg også.

Men hos oss ikkje berre. Og vi skal få folkevekst, i alle fall om norske kvinner held fram med å føda 1,8 born. I likestillingslandet kan vi det med å få born, og innvandring kjem i framtida til å få mindre å seia for folketalsveksten enn i dag, har eg heilt nyleg lese meg til at Statisktisk Sentralbyrå har funne ut. Folketalet hos oss kjem til å bli sju millionar i 2065, meiner SSB. Veksten kjem til å koma i alle fylke, frå ni prosent i Sogn og Fjordane til 31 prosent i Oslo og Akershus. Og det er visst ikkje Oslo sjølv som kjem til å få største veksten. Det er kommmunane som ligg innan pendlarfråstand til Oslo, og andre store byar, som kjem til å få den største veksten her i landet.

Bygdeforskar Reidar Almås meiner at folketalsveksten i distrikta kjem til å stabilisera seg. «Det er takka vere solide distriktsarbeidsplassar som trekkjer innvandrarar,» sa Almås ved Bygdeforskning til Klassekampen 18. juni. Han trur at folk kjem til å flytta nordover etter kvart som oljen tek slutt i Nordsjøen, og han trur også at vi etter kvart vil sjå vekst i innlandet. Almås meiner at jordbruk, skogbruk, vidareforedling og bergverk er næringar som må styrkjast og koma attende i åra som kjem. Viss ikkje, får Noreg ei hard landing når oljen tek slutt.

Bustadprisane i distrikts-Noreg er heilt annleis enn i by-Noreg, og i Bergen konkurrerer vi stadig om å ha med dei høgaste bustadprisane i landet. Vi plar liggja hakket under Oslo og Stavanger-regionen, og det skal våre unge vera glade for – og vi med dei.

Frisleppet av bustadprisane frå 1980-talet har gjort bustad ikkje berre til bustad, men til spekulasjonsobjekt. Det er arven etter Kåre Willoch. Og bustadprisane er viktigaste grunnen til at det vert vanskelegare å klara seg for eit hushald med ei lønsinntekt. Dei som romantiserer husmorsamfunnet og kontantstøttesamfunnet, dei kan senda ein uvenleg tanke til liberaliseringa av bustadmarknaden.

Eg hugsar framleis at ein av dei tilsette på kontorsida på Landås sosialkontor fortalde om då han kjøpte bustad 10-15 år tidlegare: Då var prisen for eit rekkjehus på Laksevågsida om lag ei årsløn. I dag fortel seks av ti bustadkjøparar i Oslo at dei har fått økonomisk hjelp frå foreldra sine. Over halvparten av desse har fått forskot på arv eller ein pengesum, medan resten har foreldre som har kausjonert eller gjeve lån direkte til borna, viser ei undersøking gjennomført av Norstat i fjor.

Kjøpte du ein 70 kvardratmeter stor leiligheit i Oslo i 1992, tener du tre millionar kroner berre på å ha budd! Prisane på leiligheiter i Noreg har nemleg vakse med 600 prosent sidan 1992!

Det viser bustadprisstatistikken frå SSB og Norges eigedomsmeklarforbund.

Bustad har vorte ei pengemaskin. Alle spådommar om fall i bustadprisane har så langt slått feil her i landet. Sjølv om også vi har sett mellombelse fall. Mannen min og eg kjøpte vår fyrste leiligheit i 1986, i jappetida, då både prisane og lånerentene var skyhøge. Då vi kjøpte rekkjehuset vårt to og eit halvt år seinare, fekk vi mindre for leiligheita enn vi hadde gjeve, men rekkjehusprisen var nok også høvesvis lågare enn han ville ha vore i 1986. Noko direkte utbyte av salet fekk vi derimot ikkje. Men vi hadde råd til å kjøpa oss tenlege bustader, både i 1986 og 1988, og det var – og er – det viktigaste.

I 1990 kosta ei 70 kvadratmeter stor leiligheit i Oslo om lag tre årsløner. I dag må du ut med seks og ei halv årsløn. Seks og ei halv årsløn. Professor Marianna Nordli Hansen er ikkje i tvil om at den norske bustadmarknaden spelar ei stor rolle i det den franske økonomen Thomas Piketty kallar den nedarva kapitals tilbakekome: «På grunn av det norske boligmarkedet blir arv stadig viktigere for vanlige folk, og vi har blitt mye mer opptatt av det,» sa ho nyleg til Klassekampen. Arva bustadkapital kan ofte bli viktigare enn utdanninga du tar for økonomien din seinare i livet. For den aller rikaste prosenten er ikkje bustadkapitalen avgjerande. Men for dei resterande ni posent av dei rikaste ti, dvs. om lag ein halv million menneske i Noreg, er det nett bustadkapitalen som gjer at dei år ein stadig større del av den totale pengekaka. Medan det tidlegare var avgjerande å få BOB-medlemskap i konfirmasjons-, og sidan i dåpsgåve, er det i dag foreldras inntekt og formue som bestemmer sjansane til ein ungdom på bustadmarknaden. Stipendiat Jardar Sørvoll ved forskingsinstituttetet NOVA meiner vi er i ferd med å fara frå dei like sjansane som har prega det norske samfunnet: «Foreldrekjøp på boligmarkedet gjør noe med hvordan goder og byrder fordeles i samfunnet. Vi går fra å belønne prestasjoner til å belønne flak». Og aksen er altså økonomien til foreldra dine, og ikkje minst bustadkapitalen deira. Når arveagift og formuesskatt forsvinn med den blåblåe regjeringa, så er dette å setja fart i ulikskapsutviklinga. «Den som har, han skal få,» som Matteusprinsippet seier det. Men Matteus-prinsippet er ikkje eit moralsk imperativ, slik Solbergregjeringa kan synast å tru.

I grunnen er det nok helst verdslege, kapitalistiske prinsipp Solberg-regjeringa underlegg seg, slik høgresida plar gjera det. Rikdom har aldri vore likt fordelt. Og no skal rikdommen bli endå meir ulikt fordelt, mellom og i generasjonar. Med sommar og vinterhelsing Erna Solberg og Siv Jensen, Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande.

Oddny I Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 25. juni