Førdefjorden seld for ein bløff?

Laurdagen som var stod eg på vegsida ved Åkrafjorden i vår-solskin og såg over til barndomsheimen som klorar seg fast i brattane på den veglause sida. Over Tøsse reiste Allvaldsnuten seg, slik han skal gjera det til han og Dovre fell, med kvit snøkåpe på.

Laurdagen som var stod eg på vegsida ved Åkrafjorden i vår-solskin og såg over til barndomsheimen som klorar seg fast i brattane på den veglause sida. Over Tøsse reiste Allvaldsnuten seg, slik han skal gjera det til han og Dovre fell, med kvit snøkåpe på. Det er våren på sitt vakraste, naturen på sitt vakraste – eit bilete av kva gåve vi forvaltar i Skaparverket. Ja, med stor bokstav. Eg vert alltid andektig når eg nærmar meg barndomsheimen. Det har med røter å gjera, med minne å gjera, med vemod for dei som ikkje finst meir – medan dei gamle fjell i syningom står og minner om at dei ikkje endrar seg.

Om ikkje dei kjem i klørne på Høgre- og FRP-regjeringa, då!  For dagen før, fredag 17. april, hadde regjeringa gjeve klårsignal til gruvedrift i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane. Dermed skal 11 tonn giftig gruveslam dumpast i fjorden kvart einaste minutt, døgeret rundt dei neste 50 åra – når selskapet Nordic Mining ASA  startar opp om pårekna fire år. Eit berg på 300 millionar tonn gruveavfall vil endra landskapet under overflata i Førdefjorden fullstendig. «Dette vil drepe alt liv på havbunnen i deponiområdet, og massen vil kunne spres og påvirke store deler av fjorden. Våre fremste havforskere har lenge advart i sterke ordelag mot planene. Flere truede arter vil bli sterkt påvirket av utslippet som er midt i et viktig gytefelt for den truede kysttorsken. Det vil også ødelegge det eneste kjente gytefeltet for blålange i kystsonen. Alt dette ser regjeringen toltalt bort fra. Alle miljøfaglige råd tilsier at dette er en sak der føre-var-prinsippet burde vært brukt,» seier Lars Haltbrekken, leiaren for Naturvernforbundet. Han peikar på det ubegripelege i at Miljødirektoratet, som i fjor åtvara mot å etablera sjødeponi i Førdefjorden, har snudd og meiner at utsleppsløyve kan gjevast.

Gruvedumping i fjord er ikkje noko kvardagsleg, sjølv ikkje på verdsbasis. Veit du at det berre er fire andre land i verda som driv med den slags, i tillegg til Noreg, då: Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua Ny-Guinea! Det er eit skammeleg selskap å vera i for Noreg i miljøsamanheng. Mon tru kva ho tenkjer Gro Harlem Brundtland, ho som  var heile verdas miljøvernminister og har vorte tilskriven æra for omgrep som «føre var» og «berekraftig»? Mon kva ho tenkte då ho under sjølve AP-landsmøtet fekk høyra at Arbeidarpartiet ingenting hadde å innvenda til regjeringa sitt vedtak – og at AP slett ikkje vil vera med og ta saka til Stortinget, slik mest alle APs potensielle samarbeidsparti vil det? Det er SV og Venstre som foreslår – det ny-grøn-orienterte AP seier nei og finn sitt lag med Høgre og FRP. Nett som i spørsmålet om iskanten og oljeboring generelt. Jaudå, somme ting er definitivt ved det gamle – om ikkje dei gamle fjell i syningom.
«Husk å kildesortere. Matavfall skal i grønn pose, og gruveavfall skal i uerstattelige fjorder.» Fjesbokmeldinga går som ein farang under eit bilete av miljøministeren, Tine Sundtoft – og viser galenskapens logikk når det kjem til forureining.

Det er forresten ikkje einast Førdefjorden som står i fåre. Repparfjorden i Kvalsund kommune i Finnmark kan bli neste fjord ut. 17 lastebillass med giftig avfall kvar time, kvar dag – i 20 år. Det ynskjer selskapet Nussir ASA å gjera på 30 meters djup i Repparfjorden. Gruvedumping i Repparfjorden kjem til å øydeleggja alt liv i fjorden. Økosystemet i den nasjonale laksefjorden med vågekval og gytefelt for kysttorsk vil bli dekka av giftig avgangsmasse frå gruva. Førre gongen det vart drive gruveverksemd i fjorden forsvann store delar av fisken. Dumpinga som no vert planlagd er mykje større!

I dag gjeld det Førdefjorden.  «Vår tids Alta-sak» er vi mange som seier. Natur og Ungdom har allereie samla hundrevis av menneske i alle aldrar til lekkjegjeng. Kjellbjørg Lunde, SV-veteranen som har bikka 70, er ei av dei. I Vevring mobiliserer bygda på imponerande vis. Dei har makta å gjera raseringa av Engebøfjellet til ei nasjonal sak. Og det er Engebøfjellet og Førdefjorden sjølvsagt! Fjell er fjell og skal ikkje liggja i fjord.

Arbeidsplassar er oftast argumentet når uerstattelege naturverdiar skal øydeleggjast for ettertida. Så også no. Nordic Mining ASA skal investera to milliardar kroner i det planlagde gruveprosjektet. Dei lovar 170 arbeidsplassar knytte til gruvedrifta og ytterlegare 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord (forresten eit område med særs lita arbeidsløyse). Næringsminister Monica Mæland meiner det kan vera tale om 500 arbeidsplassar på landsbasis.  Jaha?  Hans Ebbing, kjend samfunnsdebattant frå Bergen, tilbakeviser argumentasjonen i kronikken «Bløffen i Sunnfjord» i Klassekampen 15. april. Ebbing konstaterer at «gruveselskapet» Nordic Mining ASA ikkje er eit reelt utvinningsselskap, men snarare eit «reint spekulativt papirselskap» med tre tilsette og ei kredittkasseramme på 0 kroner!

Når selskapet sjølv ikkje har nokon gruvefagleg kompetanse, vil løyvet mest sannsynleg verta selt på den internasjonale marknaden. Då hindrar EØS-avtalen norske styresmakter frå å krevja noka form for lokal forankring.  I verste fall? Utvinningsløyvet hamnar utanlands (det næringsminister Mæland kallar demokratisering av eigarskap?) – og dei nye arbeidsplassane vil bli fylte med tilsette frå bemanningsbyrå som hentar folk der arbeidskrafta er billegast. Draumen om lokale arbeidsplassar, som godt som alltid får lokale ordførarar til å stilla opp for dei mest bakstreverske prosjekt, kan vera ein illusjon. Skremselspropaganda? Det vil eg ikkje vera så sikker på – for slikt har skjedd før!  Lokale arbeidsplassar kan altså lett visa seg å vera ein bløff!  Og dessutan: eksisterande lokale og regionale arbeidsplassar knytte til dømes til fiske og sjømat, kva med dei?

FNs miljøråd arbeider for eit internasjonalt forbod mot deponi av gruveavfall i havet. Saka om gruvedeponi i Førdefjorden har allereie vekt internasjonal merksemd – og det ikkje til Noregs fordel.  «Dette er galskap. Det er som å gå tilbake til 1700-tallet,» seier den engelske marinbiologen Callum Roberts til avisa The Guardian. «Dette er forurensning i stor skala. Forurensningen vil gå i matkjeden og forplante seg ut av fjorden.» (Dagbladet 20.04.)

Gruvedrifta og –dumpinga i Førdefjorden (og Repparfjorden!) vil vera eit intermesso i historia – men med ubotelege konsekvensar for framtida, for fjordane og folket. I 2015 må Noreg då vera komne lengre enn til å dumpa Engebøfjellet og selja Førdefjorden for ein middelmådig spekulativ bløff?

Oddny I. Miljeteig
Nestleiar SV

På trykk i BA onsdag 22. april