Fridom og sånn

«Betyr dette at SV nå går inn for for eksempel vin i butikk, skjenking etter klokka tre, proffboksing, poker, vin i park, vannscooter, tipakninger med sigaretter, bygging i strandsonen og doble drinker? « Ja, slik spurde han, formannen i Fremskrittspartiets Ungdom, retorisk her om dagen, i avisa Klassekampen. «Hvis SV skal være et frihetsparti, hvor var dere da Frp gikk inn for segway?»

Han gløymde visst å ta med vin-for-tobakk-fridommen vi fly-utanlandsfararar fekk frå 1. juli, som vel var datoen for fleire av desse ovannemnde fridomsprosjekta. Heller ikkje nemnde FpU-formannen fridomsprosjektet for den norske kulturen som Høgre-kulturministeren har starta: Auka kommersiell finansiering av kunst. Og han tok ikkje med det storstila garasjesalet næringsminister Monica Mæland skal til med, det av statlege aksjar i store, allmenne selskap – for å demokratisera eigarskapen, om eg forstår rett. At det kjem til å bety 50 milliardar makt til gigantiske utanlandske selskap, ja, det er visst demokrati så godt som noko, om eg skjønar gamle-byrådsleiaren og Høgre rett. Slike selskap som Nestle, kanskje, som over heile verda pushar på for å privatisera og kontrollera offentlege vasskraftressursar? Som på World Water Forum i år 2000 lukkast med lobbyverksemda si slik at vatn , og tilgangen på vatn, ikkje vart erklært som universell rett –og som no fremjar flaskevatn som statussymbol i land etter land………det er kanskje høgreside-fridom, det?

Fridom er eit stort ord. Det er eit høgtidsamt ord, eit mektig ord. Og det skal vera mektig. Tre dagar har vi som er særskilt knytte til fridom: 1. mai, 8. mai og 17. mai – og ja, ein fjerde også: 7. juni, dagen for unionsoppløysinga. Den siste er den minst kjende, og det er ikkje mange flagg å sjå på norske flaggstenger den 7. juni. 1. mai er den mest omstridde, sjølvsagt, for det er den internasjonale arbeidarrørsla sin dag. 8. mai, frigjeringsdagen frå 1945, har diverre vorte kopla med veterandagen og slik vorte blanda med hylling av krigsdeltaking slett ikkje berre i frigjeringsoppdrag på norsk jord og for det norske folk. 8. mars, den internasjonale kvinnedagen, er også ein frigjeringsdag god som nokon, spør du meg, og burde for lengst ha vore offisiell flaggdag. 8. mars er ikkje ein likestillingsdag, sjølv om det i og for seg kan vera eit fridomsprosjekt – 8. mars er faktisk kampdagen for kvinners frigjering. Kvinner i alle lande, altså!

Høgresida har på mystiske vis teke eige i fridomsomgrepet. Ja, eg seier «på mystisk vis.» For det er eit banalisert, i i beste fall, fridomsomgrep dei agiterer for. Den som i fullt alvor reknar opp segway, pokerspel og proffboksing som fridomsprosjekt, må ha fått sitt politiske gangsyn fullstendig sperra av navlelo. Meiner kanskje Fremskrittspartiets Ungdom at frigjeringsdagen 8. mai bør bytast ut med 1. juli, dagen då desse såkalla fridommane vart røyndom?

«Du kan stable segway, proffboksing, pokerlag, taxfreekvoter, lakrispiper og fartsgrenser oppå hverandre, og det når ikke barnehagereformen til anklene når det gjelder hva som gir virkelig frihet i hverdagen. Gode velferdsordninger for alle skaper større frihet enn store skattekutt for de få. Å fjerne formuesskatten gir økt frihet for noen få på Oslo vest, gode skoler gir bedre muligheter for alle.» Så sant som det er sagt. Dette var noko av det SV-leiar Audun Lysbakken skreiv i kronikk i Klassekampen 8. juli – og som FpU-leiaren reagerte på, men ikkje kommenterte.

«Vi kan ikke forby alt vi ikke liker.» Slik går et munnhell som er gjentatt til det kjedsommelige av talspersoner for høyresiden gjennom år og tiår. Likvel ser vi nå at nettopphøyresidens partier går i bresjen for for forbud mot slikt som de ikke liker. Tiggeforbudet er det verste eksempelet. I stedet for å løse fattigdomsproblemet, skal de fattige jages. Det er en forkastelig form for sosial renovasjon», skreiv Lysbakken. Fattigdom er den største ufridom. Det uroar høgresida lite, ser det ut som. Og det uroar visst høgresida, og Oslo AP og Senterpartiet lite at eit slikt forbod råkar dei som allereie er mest utsette og i praksis forbyr dei fattige og ikkje årsakene til deira elende.

I det dette vert skrive, regnar det bomber over Gaza. Åtte av ti drepne er sivile, seier FN. Familiar er heilt og delvis utviska av presisjonsbombinga til okkupanten Israel, som er ei av verdas aller største militærmakter. Folket i Gaza er sperra inne i verdas tettast folkesette område, ikkje større enn Mjøsa. Dei har ingen stader å flykta, dei har ikkje eingong bomberom. Du snakkar meg om David mot Goliat! Og i Gaza i 2014 nyttar det ikkje med slyngje. Palestinske ungdommar får armar knekte av israelske soldatar avdi dei har brukt slyngje, dvs. kasta stein. Palestinaranehar vore flyktningar i snart 70 år. Den mest beinharde ufridom i generasjonar. Og dei ser inga von om ei framtid i fridom. Vonløyse, er ikkje det den aller største ufridom? Menneskets overlevingsvilje er nesten grenselaus, men då må ein ha von. Og kva er meir grunnleggjande von enn vona om eit liv fritt for krig og livsfåre?

Det er ikkje segway, poker og vin i butikk dei drøymer om på Gaza-stripa. Nei, det er ikkje uforskamma å seia det. Det som er uforskamma, er å banalisera sjølvaste fridomsomgrepet slik at det vert alldeles tømt for meining og storheit. Det som har gjort aller mest inntrykk på meg dei siste dagane, er biletet av den vesle jenta som held for augo på dokka si slik at dokka skal sleppa å sjå det grusomme som jenta sine augo skodar. Veslejenta viser oss menneskets ibuande storheit. Eg vonar veslejenta vil få oppleva fridom. Imedan får norsk høgreside putla på med sin «fridom og sånn.»

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 16. juli