Gufset frå Jødeparagrafen.

Laurdag 4. mai var det 200 år sidan det som skulle bli Europas mest liberale grunnlov utelet religionsfridom – og nekta jødar, jesuittar og munkeordenar tilgjenge til riket. 4. mai var ein effektiv dag på Eidsvoll, stod det å les i Aftenposten sundag. Dei 112 Grunnlovsfedrane vedtok 20 grunnlovsparagrafar, blant dei paragraf 2, som vart kjend som Jødeparagrafen. Det skulle etter 1814 ta 37 år før jødane fekk innreise, 83 år før munkar fek koma innom Noregs grenser – og 142 år før jesuittar var velkomne til Noreg.

 

Laurdag 4. mai var det 200 år sidan det som skulle bli Europas mest liberale grunnlov utelet religionsfridom – og nekta jødar, jesuittar og munkeordenar tilgjenge til riket. 4. mai var ein effektiv dag på Eidsvoll, stod det å les i Aftenposten sundag. Dei 112 Grunnlovsfedrane vedtok 20 grunnlovsparagrafar, blant dei paragraf 2, som vart kjend som Jødeparagrafen. Det skulle etter 1814 ta 37 år før jødane fekk innreise, 83 år før munkar fek koma innom Noregs grenser – og 142 år før jesuittar var velkomne til Noreg.

I ettertida har historikarar og forskarar vore meir opptekne av Henrik Wergeland sin kamp for å oppheva Jødeparagrafen enn kven som var fremste talsmenn for å innføra han. Fram til no har historikarane og forskarane valt å gje «uopplyste bønder» ansvaret for at den norske Grunnlova stengde jødane ute – medan tendensen elles i Europa var å gje jødane borgarrettar. Danmark innførte borgarrett for jødane 29. mars 1814, ein månad før riksforsamlinga på Eidsvoll stengde jødane ute frå riket.

Idehistorikaren Håkon Harket har heilt nyleg gjeve ut boka Paragrafen, som tek for seg Jødeparagrafen og m.a. kven som stod i spissen for at paragrafen vart med i Grunnlova. Harket frikjenner dei uopplyste bøndene, og tillegg i staden«Eidsvolls sprenglærde superstjerner» (Morgenbladet 2. mai), den intellektuelle eliten, ansvaret for Jødeparagrafen: Christian Magnus Falsen (ja, sjølvaste «Grunnlovas far»!), Nicolai Wergeland (altså pappa Wergeland) og Georg Sverdrup. Desse var det altså som gjekk i bresjen for at Europas friaste konstitusjon vart den mest anti-semittiske, dei som best kjende opplysningstidas ideal og var mest moderne. Og så ville lagnaden det slik at han som kjempa sterkast mot jødeparagrafen, det var sonen til ein av desse mest sprenglærde som fekk innført han.

Jødeparagrafen er ikkje berre historie. Nazistanes holocaust og ytste høgres antisemittisme gjer jødeparagrafen til noko vi ikkje kan leggja bak oss som ein del av fortida. Framleis er synet på jødane i eit samfunn ein tydeleg målestav på fascismens status i det same samfunnet. I urolege Ukraina ser vi også sterke anti-semittiske straumdrag.

Korleis vi snur og vender på oss: Jødeparagrafen var det moderne Noregs fyrste innvandringsregulerande paragraf. «Skampletten fra Eidsvoll» var overskrifta i Aftenposten sundag. I morgon 8. mai er frigjeringsdagen. Då kjennest gufset frå Jødeparagrafen ekstra kaldt. For framleis har norsk (innvandrings)politikk sterke sorterande, ekskluderande trekk ved seg.

I flyktningepolitikken syter nyeregjeringa no for at Noreg i kvoten vi har teke på oss heretter skal henta ikkje dei flyktningane som treng det mest, men sortera ut dei vi trur lettast kan bli inkluderte. I asylpolitikken sender Noreg ut einslege mindreårige i 18-års-gåve. I asylpolitikken betyr «rettfferd» i grunnen at ingen skal få koma inn – og at dei som får koma inn, dei skal utgjera unntak. I asylpolitikken vert ikkje Barnekonvensjonen etterlevd, for Barnekonvensjonen set barnet og barnets interesser fyrst. Det gjer ikkje norsk asylpolitikk. Den ordninga for asylborna som Venstre og KrF fekk forhandla fram med Høgre og FRP er det mest gnitne «asylbarnamnestiet» som Noreg har sett i dette årtusenet. Norske born og foreldra deira vert no sende i ekspressfart ut or landet før forskrifta kjem som kunne ha gjeve dei opphald. Slik viser Erna Solberg og Siv Jensen fram ein effektiv asylpolitikk – og effektivitet betyr flest mogleg utsende menneske. Kjenner du gufset? Eg gjer.’

Aller sterkast kjenner eg gufset frå Jødeparagrafen når det gjeld den omtale og behandling som jødanes syskenborn, romfolket, får i Noreg. Ja, eg seier jødanes syskenborn. Avdi romfolket også gjennomlevde sitt holocaust og vart gassa av nazistane. Også romfolk frå Noreg. Og somme av dei fekk ikkje koma innatt til Noreg då det galdt som mest.

I dag er tiggarane av romfolket blant Europas filleproletariat og Europas mest stigmatiserte, diskriminerte og utstøytte folkegruppe. I fleire av sine heimland vert dei jaga – heilt i døden. I dag knelar dei på våre gatehjørne med tiggarkoppane sine – eit fåtal av dei. Nei, dei kjem ikkje i hordar; det var skremselspropaganda frå Oslo-politiet i fjor. I vår by meiner eg å kjenna andleta på dei fleste tiggarane – fleire er dei ikkje. Nei, alle tiggarar er ikkje menneskehandla – politi og påtalemakt må vaska munnen sin og halda seg for gode til å spreia mytar!

Tiggeforbod! krev Senterpartiet og byr seg fram til Høgre og FRP. Tiggeforbod! Eller: Tiggarforbod, som det også heiter. Tiggarforbod, ja. Då ligg det under eit forbod mot menneska som tiggar. I alle fall at dei ikkje skal koma inn i vårt land? Det var i 2006 at Lausgjengarlova vart oppheva av eit samrøystes Storting etter forslag frå SVs Inga Marte Thorkildsen. Lova forbaud tigging. Åtte år etter , i 2014, har vi gløymt fattigdommens, fornedringas og dei mest forhutlas historie i Noreg? Røyster hevar seg for å skilja mellom «våre» (altså norske) tiggarar og tilreisande tiggarar av romfolket. For det er ikkje dei norske tiggarane som har «framprovosert» kravet om tiggetforbod. Eller: skal vi heretter seia det nett som det er: Tiggarforbod! For tiggarar av romfolket. Det er dei det handlar om. NB. Tigging er ikkje ein veg ut or fattigdom. Men tigging handlar om å halda seg i live. Det er fyrste bod for oss alle. Å halda oss i live. Den retten må også gjelda tiggarar av romfolket. Viss ikkje, kjennest mai-nordavinden mild og linn mot det iskalde gufset frå Jødeparagrafen i grunnlovsjubileums-månaden. Det gufset vil ingen kunna gøyma seg ifrå, og alldeles ikkje på frigjeringsdagen i morgon.

 

Oddny I. Miljeteig

På trykk i BA onsdag 7. mai 2014