Hit eit steg – og dit eit steg

Himmel høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen den er himmelblå
med ei raude marihøne på

Det er visst slik – eg gruer litt.
Hoppar ikkje hjarte mitt?
I skulestova vill eg lell,
pytt – eg tar det heile som det fell.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No kan heile verda sjå
berre eg har marihøne på.

 

Ingebrigt Davik laga sjølvaste skulesongen, som generasjonar av born har kunna meir eller mindre utaboks. Kanskje du kan melodien, du også? Og i alle fall refrenget?

Takk vere kjærleik og klokskap frå lærarorganisasjonane, som passa på at ingen 1.klasselærar er teken ut i streik, fekk alle landets 1.klassingar oppleva høgtidsdagen fyrste skuledag. Sutalaust kunne titusenvis av 6-åringar dansa fram på skuleveg – hit eit steg og dit eit steg – til det store kapittelet i livet som heiter skulen. Alle hugsar vi vår fyrste skuledag, og kvart år til skulestart er avisene fylte med kjende personar som minnest attende til den gongen då og den dagen då.

Skulen er vår viktigaste samfunnsinstitusjon, og fellesskulen er eit adelsmerke for Noreg. Når kronprinsparet no i haust valde å ta tronarvingen ut or nett den danningsfellesskapen der det mangfaldige Noreg møtest, ekskluderer dei prinsessa frå samveret med det folket dei er kongehus for.  Debatten som fylgde, viser det breie lag av folkets tilhøyrsle til fellesskulen, og redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten meinte kongehuset nok hadde undervurdert reaksjonane på eliteskulevalet for kronprinsessa: «Det traff en nerve i den norske folkesjelen», skreiv han. Martin Kolberg meinte eliteskulevalet er byrjinga til slutten på det norske kongehuset. Det har ikkje ein republikanar noko imot, sjølvsagt. Men den kongelege skuledebatten viser nett kor sentral skulen er for oss alle, på heilt eineståande vis.

Difor er det ei gåte at dei som er gjevne samfunnsoppdraget for skulen på arbeidsgjevarsida, KS, dei ramlar i veg i månad etter månad og set i verste fall heile skulen i spel med kunnskapsministeren og regjeringa som tilskodarar. Akkompagnerte av høgresida sitt gnål om ein lærarstand som treng grenselaust til meir kompetanse (og altså er litt sekunda), praktiserer dei  reine oppskrifta for korleis ein skal demotivera heile halve skule-Noreg. KS si autoritære framferd overfor lærarane går på tvers av all moderne leiingskunnskap og er prototypen på gammaldags, betrevitersk høgre-arroganse. Hovudstyret i KS, som gjev mandatet for forhandlingane med lærarorganisasjonane, er breitt og tverrpolitisk samansett, men har så langt late leiar Gunn-Marit Helgesen tura fram etter eige hovud i stadig sterkare klinsj med heile fagrørsla i skulen. I februar freista SVs Ivar Johansen å løysa opp i KS si konfrontasjonsline overfor lærarane ved m.a. å foreslå i hovudstyret:

«Det er i samsvar med de beste tradisjoner i den norske arbeidslivsmodellen at betydelige endringer i arbeidstid, arbeidsorganisering etc etableres gjennom forhandlinger. Det er vanskelig å se at norsk skole vil være tjent med at den ene parten, i dette tilfelle arbeidsgiversiden, tvinger gjennom en arbeidstidsreform som er svært uønsket blant lærerne. Settes denne saken på spissen i forhandlingene til våren slik at det resulterer i en arbeidskonflikt vil dette kunne skade norsk skole i mange år, både når det gjelder rekruttering, kompetanse og samarbeidsklima.

KS endrer derfor sin posisjon slik at dagens arbeidstidsavtale opprettholdes, og eventuelle endringer av denne skal skje med basis i drøftinger og enighet med de ansattes organisasjoner.».

Dette forslaget fekk einast Ivar Johansen si røyst.Seinare har heller ikkje KS-fleirtalet gjort noko konstruktivt for å løysa tillitskrisa dei har skapt overfor landets lærarar. I det denne spalta vert skriven, sit KS sitt hovudstyre i møte og kan ikkje springa ifrå ansvaret for å få til ei løysing på skulestreiken, som no er under stadig opptrapping.Det er regjeringa – og dei politiske partia som må ta ansvaret for å få KS vekk frå det autoritære, destruktive sporet og inn på ei rell forhandlingsline med lærar-Noreg. Med skulen kan ein ikkje ta «det heile som det fell.» Skulen høver ikkje som høgresidas kasinospel eller ein meisterskap i forgangen styringsideologi. Skulen handlar om danning for framtida, og i det faget har KS stroke dagstøtt i heile 2014. Dei har stått pinn i ro på sitt. Det er på tide at KS og dei  no lærer av skuleborna at skal ein koma seg fram på skuleveg, så må ein ta både eitt steg hit – og eitt steg dit. Mon kunne det hjelpa om kvar dag på KS-huset heretter kunne starta med Ingebrigt Davik sin song?

 

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 20. august