Ikkje storleiken det kjem an på

Så har eit «ekspertutval» levert tingingsverket sitt til kommunal- og moderniseringsminister Sanner: Stort er godt, og talet på norske kommunar må reduserast til ned not 100, frå dagens 428.

 

Så har eit «ekspertutval» levert tingingsverket sitt til kommunal- og moderniseringsminister Sanner: Stort er godt, og talet på norske kommunar må reduserast til ned not 100, frå dagens 428. Ingen kommunar bør ha under 15.000 innbyggjarar, meiner skrivebords-betrevitarane som har laga rapport til Sanner. Og det er ikkje i eit vakum dei har laga rapporten sin. No har vi i månadsvis og årevis vorte tuta øyro fulle med kor udemokratiske, gammaldagse og upraktiske alle desse småkommunane er. Lars Sponheim ville i si tid slå saman heile halve Hardanger til ein kommune, om eg hugsar rett…..

Ferdsleårer har endra seg, kommunikasjonar er betra – ja, Noreg har verkjeleg blitt mindre. Dess enklare topografien og geografien er, dess mindre vert fråstandane. Det er sant og visst. Og kommunegrenser kan ikkje vera teikna ein gong for alle. Det er lenge sidan Schei-komiteen fyrst på 60-talet endra kommune-Noreg i det som er den siste store kommunereforma til no. Dei siste åra er det særleg interkommunalt samarbeid som har vorte definert som eit demokratisk problem ved små kommunar – som ved eit slikt samarbeid misser den direkte makta åleine over eit tenesteområde. Barnevernet er ofte nytta som døme i debatten. Og eg skal ikkje kimsa av det å ta viktige tenesteområde ut or eit kommunestyre sitt åleine-sjølvstyre. Men det er ein tankekross, synest eg, at dei som oftast nyttar eit slikt argument, det er dei same som både fremjar parlamentarismen i stadig fleire kommunar, og det er også dei same som ivrar mest for konkurranseutsetjing og privatisering. For både lokal parlamentarisme, med byregjering, slik vi har det i Bergen, og konkurranseutsetjing, er då med og flytter avgjerdsamakt så det held ut kor kommunestyret! No har til og med bemanninga ved ein konkurranseutsett sjukeheim vorte definert som forretningsløyndom! Kor er folkestyret då, viss ikkje eit kommunestyre skal få vita om bemanninga i ein sjukeheim kommunen er ansvarleg for?

Når ein høyrer på Solberg, Sannner og deira disiplar, skulle ein tru at kommune-Noreg i særklasse består av ineffektive, tungdrivne knøttas-kommunar. Det er faktisk ikkje sant, seier professor Bjarne Jensen ved Høgskulen i Hedmark. Han har jamvel vore rådmann i Bergen, så han veit om både store og små kommunar. Men der gjennomsnittleg innbyggjartal for kommunane i sjølvaste EU er 5.530, er det i Noreg 11.022. Og nei, eg har ikkje skrive feil. Eg har kontrollsett fire gonger. Og der gjennomsnittleg areal for kommunane i EU er 49 km2, så er det i Noreg 710 km2. Det siste seier også noko om at Noreg framleis har ein desentralisert busetnad, og det er ein del av vår eigenart som det store, norske vi så langt har sett som ein verdi. Også ein demokratisk verdi. 82% av kommunane i EU har færre enn 5.000 innbyggjarar. I Noreg har 55% av innbyggjarane færre enn 5.000 innbyggjarar.

Ekspertutvalet, såkalla (endå dei fremste kommuneforskarane ikkje har fått vera med i det), burde heller enn å vurdera kommunestorleik, ha vurdert korleis ein får gode kommunar. Og då er ikkje svaret så enkelt, seier Bjarne Jensen. For spør ein innbyggjarane, slik fleire som driv med den slags har gjort, ja, så er svaret eintydig: Innbyggjarane i små kommunar er meir tilfredse med omsorg, helsetenester og grunnskule enn innbyggjarane i store kommunar. Lik det eller ikkje, slik er det. Og det kan visst ikkje bortforklarast med at innbyggjarane i småkommunar er dummare eller meir smålåtne i sine forventningar til kvalitet i kommunale tenester, heller. Nei, seier professor Jensen: Innbyggjarane i småkommunar opplever nok å ha betre høve til å påverka tenestene – og til å nå fram til dei som har makt og mynde. Dessutan, seier Jensen, om eg forstår det rett; det er store kommunar som har mest av interkommunalt samarbeid.

Eg er gjerne med og diskuterer kommunereform. Men då vil eg at ein skal ha demokrati og innbyggjarmedverknad som berebjelkar og føresetnader. Det har ikkje Sanners «ekspertutval.» Tvertom ser det ut til at dette» ekspertutvalet» let att augo for erfaringane Danmark har gjort med si kommunereform: Færre pedagogar, fleire byråkratar, inga innsparing. Men sjølvsagt: om det er ei privatiseringsreform ein ynskjer seg, ja, så er større kommunar vegen å gå. For det er enklare å konkurranseutsetja til dømes helse- og omsorgstilbod i ein stor kommune enn i ein kommune med ein sjukeheim og høvesvis få tilsette i open omsorg. Og kanskje er det her hunden ligg gravlagd: For dei som vil at kommersielle krefter skal driva stadig større delar av kommune-Noreg, ja, så er større kommunar svaret. Og aller helst med sentralsiering på kjøpet. Det er billegare om folk bur tett enn grisgrendt. I alle fall tilsynelatande. For når det gjeld tenestekvalitet og demokrati, ja, då er det ikkje storleiken det kjem an på. Eller rettare: Det kjem an på storleiken, og den bør ikkje vera (for) stor!

Oddny I. Miljeteig
På trykk i BA 2. april 2014