Matjorda vil utklassa oljen

Ja. Det skulle ein tru. Oljen er forgjengeleg. Matjorda er (nesten) evigvarande, eller må vera det. Utan matjord overlever vi ikkje. Banalt? Javisst. Men vi oppfører oss som om matjord er noko ein kan hersaog herja med, som ein hemningslaust kan leggja under kjøpesenter og asfalt og stola på at mat kan lagast og sikrast frå ein annan stad. At regjeringa ikkje eingong vil tryggja Noreg kornlager for eitt år, er eit grelt døme på kor likesæle «vi» kan bli når det gjeld mattryggleik. Eg tenkjer ofte at Vårherre må rista på hovudet i sin himmel når han ser korleis vi menneske praktiserer det å «leggja jorda under oss.» Mange synest Knut Arild Hareide høyrest litt småkomisk ut når han snakkar om «Skaparverket» med si karakteristiske røyst. Vel. Det er ikkje småkomisk å snakka om Skaparverket. Ein må gjerne kalla det noko anna, men like høgtidssamt. Og det burde langt fleire gjera snakka om med andakt i røysta!

I sommar var eg oppom til Nils Kjetil og dei på Eikemo. Dei hadde fått mestedelen av turrhøyet i hus, og det var grønt og friskt etter godt turkever. Har du kjent angen av ferskt turrhøy? Viss ikkje, vil eg sterkt tilrå deg å gå innom fyrste og beste løe du ser og spørja bonden om du kan få lov til å lukta på turrhøyet. Eg er sikker på at du vert andaktsfull. Ferskt turrhøy angar, og det er rette uttrykket, det angar heilt spesielt. Det angar tryggleik for grøde og mat og liv. Ein kan ikkje juksa når ein skal turka høy. Høyet må vera skikkeleg turt før det vert teke i hus. Elles myglar det, og livsviktig for til sau, ku og geit vert øydelagt.

Nils Kjetil driv med geit –og så sau. Geiteflokken er skifta fullstendig ut etter norsk lov og forskrift  (for alle norske geitebølingar skal skiftast ut), og driftsbygninga er god som ny. Nils Kjetil har gjort eit storarbeid. Det er ein fryd å oppleva. Dei nye kjea hoppar og sprett lystelege, uvitande om kva framtidsvon dei utgjer. Ja, for dei er framtida, kjea. Og stor-vølinga av fjosen og løa. Difor trur eg kanskje at turrhøyet angar så ekstra sterkt i løa til Nils Kjetil nett no i år ; at det er framtidstrua som kjennest også i høy-angen?

I nokre tiår er det oljen som gjev oss velstanden vår, og det ein velstand som alle utanom oss her på Oljeberget berre kan drøyma om. Ja, og så oppdrettsfisken, då. Oljen er definitivt ikkje fornybar. Kva oppdrettsindustrien kan bli i eit økologisk krinslaup, det står att å sjå.

Overskrifta for spalta er eigentleg ikkje mi. Den tilhøyrer Sigmund Kvaløy Setreng, filosofen og småbrukaren som døydde i vår, og som var pioner i økologisk heilskapstenking. – Filosofen på småbruket i Budalen var en varsler når han skrev at klodens livbærende system raskt nærmer seg en fysisk stoppgrense og at «norsk fjelljord og bratt daljord blir en verdifull ressurs», skreiv Kari Gåsvatn i avisa Nationen nyleg. «Vi tror vi lever av oljepenger og datakompetanse», skreiv Gåsvatn, men «som Kvaløy Setreng skriver: «selv en computerekspert som lynhurtig lar oss konstruere serier av alternative verdener, gir fra seg en tom skjerm den dagen han mangler mat.»

Kvaløy Setreng kritiserte allereie for 20 år sidan «det konkurranse-industrielle systemet» og meinte i 1995 at den såkalla grøne revolusjonen, med kunstgjødsel, sprøyting og enormt vassforbruk har utspela si rolle. Antibiotika mot bakteriar er ved vegs ende, skreiv han – som eit apropos til dei siste månaders reportasjar om resistente MRSA-bakteriar i grisefjøs. Og vi som kjøper grisekjøt, vi kan ikkje få vita for sikkert at vi kjøper norsk svin og ikkje dansk – med helsing den heilage EØS-avtalen.

For Kvaløy Setreng var landbruk og naturvern to sider av same sak. I seg sjølv var han eit levande døme på ein gryande allianse mellom bønder og naturvernarar – mot industrilandbruket. Vi får registrera at regjeringa synest norsk landbruk er for smått! Småskalalandbruket vil vera avgjerande for om verda greier å dyrka nok mat, men det er i ferd med å bli utradert i store delar av den vestlege verda. Sylvi Listhaug har så langt ikkjevist teikn til at regjeringa i det heile synest småskalalandbruk har noko for seg i den blåblå horisonten ho skodar til.

Sigmund Kvaløy Setreng meinte at framtidsressursen for Noreg er norsk jord, også norsk fjelljord og bratt daljord. «Og fordi det er en varig fornybar ressurs, vil dens verdi fullstendig utklasse Nordsjø-oljens verdi.» Utviklinga vil om få år tvinga fram ein stans i praksisen med å fora opp kjøtdyr med plantekost menneskemagen kan fordøya, trudde han. Slik foring tek i dag ein tredjedel av verdas matplantar: «Dermed vil det å produsere kjøtt bli forbeholdt de områdene av verden som på grunn av klima og landskap ikke kan produsere korn og grønnsaker.» Då vil det norske landskapet oppleva ein kraftig verdiauke. Men så spørst det, som Kari Gåsvatn skriv: «hvor mye jord som ikke er gjengrodd og hvem som disponerer den når den blåblå landbrukspolitikken en gang er historie.»

Viss du tek turen til løene på Eikemo, vil du i alle fall kjenna korleis angen må vera av framtid og framtidsvon.

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 6. august