Seigliva mytar.

Nyttårsaftan og med det julebukk-besøk ligg like attom oss. Tradisjonen tru laga vi i heimen klar knyteposar med det mest usunne snop som tenkjast kan, så søtt og seigt at dei mest kreative kunne ha tent seg rike på å selja det i metervis.  Sidan det var færre julebukkar som kom til oss enn vi hadde posar til, har seige-snopet tilfalle ikkje minst mor i huset, som har ein hang til den slags usunne ting, sjølv om eg kjenner meg glasert i dagevis etter inntaket av styggeskapen.  Dessutan er inntak av den slags risky business med tanke på tannlegerekningar……..men i år har nett det gått bra. Og seigesnopet er så godt som oppete.  Borte vekk.

Det er verre med seigliva mytar. Dei hjelper det på ein måte ikkje å ta hol på, i alle fall ikkje alle. Somme kjem om att og om att, uansett kva som er dei harde tals fakta.

Til dømes er det ein myte at ein stadig større del av befolkninga lever på og av trygd. Ja, faktisk! Det var Ingebjørn Bledvin som sette meg på tanken nett her om dagen, gjennom ein bitande kommentar i BT.  Han siterte NHO, som er store nok til å vera etterrettelege: «Andelen utenfor arbeidslivet har vært sterkt økende de senere årene.» Og dessutan meiner NHO at det går føre seg ein «marsj ut av arbeidslivet.»  Dette er faktisk ikkje rett. To av Noregs fremste velferdsforskarar, Lars Inge Terum og Aksel Hatland, la i juni i fjor fram eit forskingsarbeid som viser at både «som del av befolkninga og som del av folk i arbeidsfør alder er trygdetala slåande stabile over tid», i Ingebjørn Bleidvin sine ord.

Ja, faktisk er det slik at sysselsetjinga har auka meir enn trygdeforbruket dei siste 20 åra, har Terum og Hatland funne.  Det totale trygdeforbruket har lege konstatnt rundt 20% sei siste åra. I intervju på heimesida til Høgskulen i Oslo og Akershus seier Lars Inge Terum at ja, det har vorte fleire på trygd, men folketalet i Noreg har også auka. Forbruket av trygdeytingar som skal erstatta arbeidsinntekt har auka med vel 100.000 årsverk dei siste 20 åra, frå 555.000 til 657.000 årsverk. Dette er om lag i takt med folketalsauken. Derimot har sysselsetjinga auka mykje meir. Målt i årsverk har sysselsetjinga stige med 530.000, frå knapt 1,7 til knapt 2,3 millionar, noko som tilsvarer 34 %.

Det er altså ein myte at stadig fleire lever på trygd – når vi tek med folketalsauken og samanliknar med kor mange som er i arbeid. Kvifor har ikkje dette ført til kontinuerlege «krigstypar» i alle landets aviser? Kvifor har ikkje NHO og arbeidsministeren og fleire til kappast om å leggja seg flate og sagt at dei skal vaska munnen sin og aldri seia denne slags meir? I alle fall ikkje før det skulle vera sant?

Det må vera til grundig ettertanke at NHO og dei har halde fram som før. Arbeidsministeren også. Dess meir framstiller dei det meir og meir som at det å vera uføretrygda er eit val den einskilde trygda har gjort og gjer, slik at den uføretrygda ergo kan bestemma seg for å jobba. Det hjelper ikkje kor mykje dei som veit seier at det å verta uføretrygda, det er å koma gjennom eit medisinsk nålauga. Eg har familie, vener og kjende som er uføretrygda. Eitt er sikkert: Hadde kvar og ei/n av dei kunna valt, hadde dei vore i fullt arbeid for lenge sidan! Som tillitsvald i ei årrekkje let eg meg tidevis forundra over kor sterk drivkrafta til å vera i jobb er, uansett arbeidsmiljø, uansett helsetilstand. Eg har til gode å møta ein «trygdelatsabb»!  Men kanskje ikkje NHO og arbeidsministeren og dei har møtt menneske av kjøt og blod – og let ideologien styra? For då kan dei forsterka forteljinga om at velferda vår er i fåre når vi vert færre sysselsette til å bera fleire trygda!

Nett på same viset held dei oppe forteljinga om at skatt er ei svøpe som folk flest ugjerne betaler. No har det vore gjort undersøking på undersøking som viser at folk flest er villige til å bidra med meir skatt dersom skatten går til velferd, helse og skule.  Sist ute i så måte er ei sylfersk undersøking lønsarbeidarorganisasjonen UNIO har fått gjennomført. Den viser at ni av ti vil verna om dagens velferdsordningar.  Og to av tre er viljuge til å betala meir i skatt for å sikra gode offentlege velferdstenester. To av tre! Dessutan meiner 80% at skattepolitikken er eit viktig verkemiddel for å utjamna forskjellane i Noreg, skreiv Klassekampen som offentleggjorde undersøkinga her om dagen.  Anders Folkestad, leiar for UNIO, seier seg sikker på at vi vil få ein meir balansert skattedebatt framover når det gjeld framtidas skattenivå.  Han dreg fram at det er ein klår vilje i folket til å betala meir skatt for å tryggja velferda.

Eg håpar Anders Folkestad har rett i at vi vil få ein meir balansert skattedebatt.  Men allereie i same sak i Klassekampen køyrer Høgre og FRP vidare på sitt mantra: at skattelette vil skapa vekst og med det sikra framtidas velferd.  Dei unngår behendig å seia at dei vil kutta i velferdsordningane, slik dei m.a. så tydeleg viste i haust då dei kutta barnetillegget for uføre –  og eigentleg ville kutta det langt meir.  Mellom anna.  For det er jo det som er den eigentlege borgarlege velferdspolitikken: Kutta for å bevara. Det betyr jo i praksis at viss ein kuttar i velferdsordningar, ja, så bevarer ein jo slett ikkje – og forsterkar endå mindre.  Men dette er det borgarlege ideologiske meisterstykket når det gjeld framtidas velferd: Etablera mytar som sanning, slik at alle trur ein må kutta – for å bevara. Det heng ikkje i hop, sjølvsagt.  Ikkje når røynda avslører mytane. Men  så langt har NHO og dei hatt makt nok til at mytane har trumfa røynda. Du snakkar meg om seigesnop!

Oddny I. Miljeteig
Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 7. januar