Strilesiger mot atomkraft – for heile landet

Gårsdagen, vyrde lesar, var ein merkedag for heile landet.  21. oktober burde ha vore utnemnd til strile-sigersdag og ein takkefest frå heile landet til strilane. Og i går var det 40-års jubileum.

«Strilekrigen» har vi høyrt om, mange av oss. Og googlar vi, finn vi at strilekrigen fann stad i 1765 og var eit opprør mot  formyndersk og urettvis skatteutskriving. 2000 strilar tok del i opprøret, skriv Wikipedia. Somme vart jamvel dømde til døden, men fekk nåde.

21. oktober 1974 sytte sindige, strie strilar på Lindåshalvøya for at at det aldri skulle verta bygd noko atomkraftverk her hos oss. Då stogga framdrifta av alle kjernekraftplanar i Noreg,  skrinlagde endeleg av Stortinget i 1975.

Har du ikkje høyrt om dette, seier du? Vel, eg hugsa heller ikkje at eg hadde høyrt om dette. Men i 100-års jubileumsboka til Naturvernforbundet i Hordaland, skriven av Honoria Bjerknes Hamre, der har strilekrigen som stogga atomkraftutbygginga i Noreg fått eit heilt og eige kapittel. Og Inger Helen Midtgård, samfunnsengasjert stril og kulturbyggjar frå Lindås, ho er den som har fortalt meg mest om denne strilekrigen nummer to, som vart så avgjerande for heile landet.

«Kva var det som fekk sindige strilar til å setja seg opp mot styresmaktene? Kva var det som fekk dei til å ty til sivil ulydnad? Dette kunne ha vorte eit nytt Mardøla. Det kunne ha vorte eit Alta. Men det var ikkje yrkesdemonstrantar som var ute for å protestera. Det var grunneigarar, fastbuande og feriefolk som ville stå vakt om ein eigedom og sine eigne bygder,» skriv Inger Helen Midtgård i eit notat eg har fått lov å sjå.

Det var ikkje ein einaste stril som i sin villaste fantasi hadde drøymt om at det vart aktuelt å byggja atomkraftverk i Lindås. Men utover vinteren 1973/74 utforma planleggjarar oppnemnde av   NVE  (og med Fylkesmannens utbyggingsavdeling i tillegg) ein rapport med sikte på å byggja atomkraftverk: fire alternativ i Bergen nord og fire alternativ i Bergen sør.  Det var Os, det var Fusa, det var Samnanger – og det var Lindås.

Ostereidet og Hodneland var alternativa i Lindås. «Det kom som eit sjokk på folk på Ostereidet då dei fekk sjå kva planane ville gjera med bygda. Fire atomreaktorar var plasserte inn på platået der gardstuna ligg og dekte det meste av garden Eidatræ. 20 hus og gardar låg innanfor planområdet. Planen var trykt i 1972, men det gjekk eit år før dei som eigde jorda der planane var teikna inn, fekk sjå karta som var laga», fortel Inger Helen Midtgård.  Folk på Ostereidet organsierte seg. Det vart halde møte og eit arbeidsutval vart sett ned i april 1973. Det vart arbeidd systematisk med å opplysa folket om planane. Det vart skrive i aviser, det vart sendt brev til dei folkevalde på Stortinget og det vart halde folkemøte. Ein underskriftskampanje med 700 underskrifter vart overleverte til nasjonale styresmakter. Også på Hodneland  (og i Fusa) vart det  skipa arbeidsutval mot planane om atomkraftverk.

27.juni 1974 banka NVE på døra hjå bonden Sigurd Smådal ved Ostereidet. Meldinga frå NVE  var klår: Avdelingsingeniøren hadde med seg lapp på at han hadde løyve frå lensmannen til å gjera grunnundersøkingar på Smådal sin eigedom. Bonden hevda at han hadde tre vekers ankefrist. Avdelingsingeniøren stod på sitt, men fekk låna telefonen for å ringja til Oslo. Deretter gjekk han, men sa han skulle koma att dagen etter, med lensmannen. «Hels og sei han må ta betjenten med seg,» svara Sigurd Smådal, slik han sjølv har fortalt om hendinga. Men NVE-ingeniøren kom ikkje, og ikkje lensmannen heller. I NVE-hovudkvarteret på Majorstuen forstod dei nok at dei hadde «gått på trynet.» Dagen etter hendinga på garden slo BA fast i overskrift at «Bonden jaget atom-mannen.»

Dei ulike aksjonsutvala fann kvarandre og samarbeidde. Målet var klårt: Her skulle ingen atomkraftverk reisast. Ikkje eine staden og ikkje andre staden. Ikkje nokon stad i det heile.  I juli 1974  vart ei fråsegn mot atomkraftverk samrøystes vedteken i Lindås kommune.

16. oktober 1974 kom NVE-representanten att, saman med ein frå Fylkesmannen. Dei parkerte ved Hodnelandsvegen i Lindås og skulle bera med seg ein liten båt til Austevatn for å starta grunnundersøkingar.  Karane vart møtte av fastbuande som stengde vegen som ein levande mur. Til sist sette tre kraftige karar seg opp i båten – og rikka seg ikkje. Etter ei stund reiste den eine seg og slo NVE-representanten på venstre skulder med ein kraftig neve og sa: «Forstår du no at me meiner alvor?»

Lindås-aksjonen vart ei politisk toppsak. Den handlekrafta sindige strilar synte, vart ei uknekkjeleg nøtt for sjefane i fleire departement. NVE vedgjekk at Lindås-aksjonen hadde kome fullstendig uventa på dei – for i Oslofjord-regionen hadde det vore gjort grunnundersøkingar utan at det hadde kome protestar av slikt format som dei handfaste i Lindås.

Og for å gjera historia så stutt som spaltelengda krev: Makta og embetsmannsverket i NVE, departement og regjering – og for den del Storting, kapitulerte –   for grasrotmobiliseringa på strilelandet.  Denne strilekrigen, som fortener inngåande historieskriving, viser at lokal motstand og folkets røyst kan vinna fram. Og denne spaltisten vonar at 21. oktober vil bli ein merkedag for kampen mot atomkraft, ikkje einast på strilelandet, men i heile Noreg.

Oddny I. Miljeteig

Gruppeleiar Bergen SV

På trykk i BA 22. oktober

Finnes også på nett: http://www.ba.no/meninger/article7653417.ece