Symjedugleik på djupt vatn

Noreg er eit kyst- og fjordland, og vi er eit badande folk. Det er ikkje til å tru at vi no er på jubmoplass i symjing i Norden. På trykk i BA 04. juni

 

Pappa fortalde meg at då onkel Nils var liten og ville læra å symja, tok pappa med seg veslebroren og eit tau ned til bryggja ved sjøen. Onkel Nils vart nok litt i stuss då alvorets time var komen, men storebroren, altså pappa, gjorde kort prosess, knytte tauet rundt livet på onkel Nils og gav han ein dytt utfor bryggjekanten. Onkel Nils lærte å symja, sjølv om pedagogikken truleg kan diskuterast – og dytten likeeins………

Noreg er eit kyst- og fjordland, og vi er eit badande folk. Det er ikkje til å tru at vi no er på jubmoplass i symjing i Norden. Medan nesten alle islandske! (98%) og svenske (89%) tiåringar kan symja, meistrar berre helvta (50%) av norske tiåringar symjekunsten. 79% av danske tiåringar kan symja, 72% av dei finske. Noreg ligg altså definitivt på botnen, viser ei undersøking Gjensidigestiftelsen og Norges Svømmeforbund fekk gjennomført i 2013.

I fjor døydde 119 personar i Noreg av drukning. Talet er det høgste sidan 2004 då 141 personar drukna. Talet på drukningsulukker nærmar seg talet på drepne i trafikken, sa generalsekretær Bjørn Soleng i Noregs Symjeforbund til Klassekampen i går. Han karakteriserer Noreg til å vera «bortimot på u-landsnivå» når det gjeld symjedugleik – og legg skulda på svært mangelfull symjeopplæring i skulen. Ja, vi veit det vel: Det er vatn i altfor få symjebasseng, og det har vore altfor dårleg tilbod om tid i bassenga og opplæring. Sjølv med betre kommuneøkonomi under dei raud-grøne kom det slett ikkje vatn i alle bassenga kring i landet. Burde midlar til vatn i basseng og symjeopplæring ha vore øyremerkte? Eg kjenner motvilje mot å svara ja. For det er det same som å seia at kommune-Noreg ikkje prioriterer liv og tryggleik for born. Men kan vi våga å seia nei? Når det kommunale sjølvstyret ikkje sikrar symjeopplæring på nivå med våre nordiske granneland?

For litt over hundre år sidan drukna om lag 600 personar årleg, og allereie i 1911 la Norges Livredningsselskap fram eit forslag om symjeopplæring som obligatorisk fag i skulen. I fylgje Kunnskapsløftet skal alle born kunna symja etter 4. klasse. 93% av skulane gjennomførte symjeundervisning i 2013. Kvifor er då ikkje 93% av 10-åringane symjedyktige? I helga som var sa kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen at symjeundervisninga ved mange skular er for dårleg. «Mye tyder på at mange skoler ikke har nok kompetanse, de mangler personale. Noen skoler nedprioriterer dette, og noen kommuner nedprioriterer det,» sa han til NRK. På fredag som kjem skal statsråden møta Noregs Symjeforbund. Dei vil ha meir enn prat frå Isaksen, skreiv Dagsavisen måndag: «Dette temaet er oppe hvert år i mai-juni, så kommer det noen fagre ord. Men resultatene på PISA-undersøkelsen blir fort et hetere tema,» sitat symjepresident Per Rune Eknes, oppvaksen i Kvinnherad og med fjordavestlandsk bakgrunn for eigne meiningar.

Symjepresidenten meiner at skulane «sulter etter kompetanse spesielt innen svømming» (Dagsavisen) og at det nok trengst eit langsiktig lyft: «Det må settes av penger til etterutdanning av lærere som kan undervise i svømming. Så må Kunnskapsdepartementet kunne stille seg bak en klar definisjon om hva svømmedyktighet er,» sa Per Rune Eknes til bokmålsavisa Dagsavisen. Symjeforbundet ynskjer at symjeundervisninga skal byrja på lågare klassetrinn enn det obligatoriske fjerdetrinn som er regelen i dag: «Jo tidligere barn blir trygge i vann, jo raskere lærer de å svømme. Vi må begynne undervisningen i første-eller andreklasse,» sa generalsekretær Bjørn Soleng til Klassekampen i går. Generalsekretæren viste til at problemet er spesielt stort blant innvandrarar og innvandrarungdom. Mange av dei kjem frå kulturar der det ikkje er naturleg å kunna symja: «Da lærer barna verken å svømme på skolen eller av foreldrene.»

I tala over drukningsulukker i Noreg er det ei gruppe som skil seg ut, og det er ikkje innvandrarungdom. Det er menn over 40 år. I fjor stod dei for 60% av dødsfalla. I mai i år drukna 12 personar. 10 av desse var menn. Statistikkane til Norsk Folkehjelp viser at den viktigaste årsaka til drukningsulukker er at personar fell i vatnet frå land – eller ulukker i fritidsbåtar. Ivar Christiansen i folkehjelpa minte i Klassekampen i går om det mest elementære: at bruk av redningsvest bergar liv. Regjeringa vil ikkje påleggja bruk av redningsvest i båt, seier næringsminister Monica Mæland. Neivel? Ein kan endeleg seia at vaksne må ta eit slikt ansvar. Men når dei ikkje gjer det? Når vaksne ikkje syter for at born har redningsvest, kven skal syta for borna då?

No opnar snart Helleren for oss bergensarar, og i det dette vert lese, er symjeanlegget namnesett også. SV er svært uroa for at billettprisane i anlegget vert for høge. Nyeanlegget kan inspirera fleire til å symja, om vi er heldige. Men då må ikkje prisane verta ein barriere for folk flest – eller dei som treng det aller mest, dvs. dei som enno ikkje kan symja. Eg meiner at billettprisane ikkje må aukast. Det er ein del av prisen vi som kommune må betala når born ikkje kan symja (godt nok). Og vi må akta oss i Bergen slik at ikkje skulebasseng her og der ryk til i kjølvatnet av Helleren. For alle fjerdeklassingar frå symjebyen Bergen må kunna symja, vi kan då ikkje ha mindre mål enn det?

Oddny I. Miljeteig
På trykk i BA 04. juni