Her finn du alt du treng vite om valet i Bergen SV
Vi treng alle som vil og kan for å vinne valet! Alle som ynskjer det kan bli valkampaktivist i Bergen SV, og du er velkommen med på laget også etter valet.
Korleis bli aktivist?
Meld deg på i gjennom spørreskjema
Spørsmål/tekniske problem: send oss ein e-post på bergen@sv.no
Valkampen består av mange store og små oppgåver. Her er omtale av dei mest sentrale og som vi treng mange aktivistar til.
Morgonaksjon: møte folk på veg til jobb med smil, kaffi og løpeseddlar. Morgonaksjonar finn stad utanfor store arbeidsplassar (som UiB, HVL, Haukeland) og på kollektivknutepunkt i sentrum og bydelane.
Passar for morgonfuglar med godt humør.
Stand: når minst to SV-arar tek på seg pins, SV-t-skjorte og deler ut materiell og snakkar med folk på ein offentleg stad kallar vi det ein stand. Stand inneber ofte servering av kaffi, karamellar, vafflar eller liknande.
Passar for alle bydelsaktivistar som vil gjere SV synleg i din bydel.
Valgboden: dei tradisjonelle bodene på Torgallmenningen der alle parti med lister har kvar sin bod/bu. Bergen SV har eigen valgbodsjef som koordinerer materiell og sørger for at det alltid er godt med folk i boden. Velgjarar kjem gjerne hit for å spørje politiske parti om ting dei lurar på og har lyst til å diskutere.
Passar for deg som har kontroll på kva SV meiner i lokalpolitikken og ikkje skyr å snakke med meiningsmotsandarar.
Postkasseaksjon: å legge materiell frå SV i postkassane til folk. Her legg bydelslaget ein plan for utdeling og ein går gjerne samla i nabolaget samtidig med materiell.
Passar for deg som likar å gå/sykkle i nabolag, super aktivitet for dei som ikkje er like glad i snakke med velgjarar direkte.
Dør-til-dør- aksjon: å ringe på og snakke med folk. Få folk til å stemme SV og gje ut materiell. Ein går aldri åleine og er du uerfaren skal du få gå med ein erfaren kamerat.
Passar for deg som likar å snakke med nye folk, er trygg på SV sin politikk og likar oppsøkande arbeid.
Følgjeperson: Både erfarne og heilt ferske debattantar fortjener ein heiagjeng når dei skal i elden. Som følgjegruppe møter to-fire aktivistar opp i god tid til debatten saman med debattant. Arbeidsoppgåva er å ynskje lykke til og passe på at debattanten ikkje har spinat mellom tenna. Ha på SV t-skjorte og dele ut materiell til publikum før og etter arrangementet, og ikkje minst: klappe hardast av alle når SV har ordet.
Passar for deg som likar å gå på debattar.
Nettaktivistar: Valkampen førast på alle frontar, også den digitale. Liking og deling er ikkje ut og vi treng alle krefter til tastaturet for å spreie vår politikk så bredt vi kan i sosiale medium.
Passar for deg likar å vere på sosiale medier og vil interagere med SV på desse flatene.
Ringing av medlemmer: få fleire av SV sine medlemmer til å vere aktive i valkampen og bli med på aktivitetar. Passar godt for deg som ynskjer å bli kurert for telefonskrekk og er glad i andre SV- medlemmer.
Rigge og ryddegrupper: SV arrangerer fleire arrangement i laupet av valkampen som treng folk til å rigge opp og ned. Ein må rekne bæring, løfting, montering og rydding etter evne. Det skal riggast og ryddast til blant anna: valkampopning med gatefest, valgboden og valgvake. Vi treng både supersterke, sterke og mindre sterke folk. Gatefesten treng også folk til å servere mat og drikke med på laget.
Passar for deg som likar praktiske oppgåver og skikkeleg typisk dugnadsarbeid.
Kreativt arbeid: Likar du å skrive, ta bilder, drive med kunst og handtverk? Meld deg til teneste! Vi treng folk som vil bruke kreativiteten sin til sosiale medium, grafisk design, sy banner til aksjonar, plakatverkstad med meir. Kanskje spelar du eit instrument og vil opptre på gatefesten? Gje oss ein lyd om kva du vil bidra med.
Passar for deg som har gode idear og vil bidra med noko kreativt, grafisk, kulturelt.
Transport og logistikk: vi treng transport av både ting og folk. Likar du å sykle med last eller kan kjøre med bil vil vi gjerne høyre frå deg på bergen@sv.no.
Alle som har meldt seg får invitasjon til aktivistportalen vår Zetk.in. Her kan ein melde seg på alle aktivitetar vi treng aktivistar til i laupet av valkampen. Når du har meldt deg til eit arrangement eller aktivitet forventar vi at du møter på denne når du skal og er hyggjeleg og imøtekommande med andre aktivistar og velgjarar.
Ein treng ikkje kunne heile valprogrammet på rams eller ha memorert SV sitt prinsipprogram for å drive med velgjarkontakt, men les deg opp på våre hovudsaker og bli med på skulering om du kan. Ein er aldri åleine på våre aktivitetar og vi har alltid kontaktpersonar tilgjengeleg for deg som aktivist, før under og etter.
Det skal vere kjekt å drive valkamp for SV, alle bidrag er viktige og nettopp den løpeseddelen du la postkassen til nokon kan vere avgjerande for endå ei stemme til oss.